torsdag 16. oktober 2014

Norges låver - bokslepp i Sunnfjord i morgon!

Nokre tek vare på gardshusa sine - fotograf Oddleiv Apneseth og journalist Eva Røyrane har reist gjennom alle fylke for å dokumentera det svært mangfaldige norske låvelandet.

Sjå forlaget Skald sin biletpresentasjon av boka.

Forlaget Skald si pressemelding

Fortidsminneforeninga Sunnfjord og Ytre Sogn er medarrangør i Sunnfjord.

Om arrangementet på Åmot operagard

Boka er såleis eit referanseverk som viser dei mange ulike geografiske variantane, dei arkitektoniske kvalitetane og kulturminneverdien til denne bygningen.
Med 560 sider og over 1000 foto.

Dei presenterer mangfaldet frå velhaldne til forfalne låvar og frå tradisjonelle til arkitektteikna låvar.

Norges låver er ei praktbok som med heile 560 sider og over 1000 foto er det største verk som er laga om denne delen av norsk kulturhistorie. Boka fortel historia om den norske låven, det viktigaste uthuset i norsk landbruk, eit ikon i det norske landskap.

onsdag 1. oktober 2014

Viken-huset - kommunestyrevedtaket og ulike medieomtalar.


Godt å få saka ut av verda seier Arve Dvergsdal som organiserte rivingsarbeidet i regi av Jølster brannvern - frå Firda Tidend

Så vart Vikenhuset rive - Nrk Heidi Lise Bakke

No byrjar rivinga  Firda

Handsaming i Kommunestyret 30.09.2014

Ordførar orienterte om saka.

Kommunestyret må først røyste over om Jølster kommune skal realitetshandame framlegget
frå SV om å reise saka på nytt i kommunestyret.

Ragnhild Sæle AP framlegg: Kommunestyret må røyste over om saka skal realitetshandamast

Det vart først røysting over følgjande framlegg:
Jølster kommune skal realitetshandsame framlegget frå SV om å reise saka på nytt i
kommunestyret, vedlegg til sak 062/14.

Framlegg om å realitetshandsame framlegget frå SV fall med 22 mot 3 røyster


KST-062/14 Vedtak:

Jølster kommunestyre reiser ikkje saka på nytt. Vedtak UPU-sak 024/14 og FSK-sak 33/14 er endeleg.


Firda Tidend om resultatet av Kommunestyret ui Jøster kommune:

Firda Tidend om at Vikenhusets vener ber Riksantikvaren om midlertidig freding.

Firda om brevet til Riksantikvaren

Nrk Sogn og Fjordane melding Fylkesnytt kl. 15.05

lørdag 27. september 2014

Norges låver - bokslepp

Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth
fortel historia til den norske låven med ord og bilete.

Bokslepp på Åmot Operagard fredag 17.oktober kl 18.30

SKALD forlag sin presentasjon av boka

Arrangementet er gratis, open bar frå 17.30 og sal av svele og kaffi.
Etter foredrag sal av suppe med brød kr 150,- .
Reservasjon av suppe booking@operagarden.no

Arrangementet er eit samarbeid mellom Fortidsminneforeninga Ytre Sogn og Sunnfjord, Åmot
Operagard og SKALD forlag.

Pressemeldinga frå SKALD:

mandag 1. september 2014

Sak til kommunestyret i Jølster om Midttunet og Vikenhuset



"Om planane som er skisserte er realistiske, vil fortidsminneforeininga sitt engasjement i Jølster vere ein unik ressurs, og vere med på å bygge opp under eit fagmiljø Jølster kommune har stort behov for. Forslaget om å setje i stand både Vikenhuset og Midttunet er ei mogelegheit Jølster kommune ikkje bør takke nei til før vi har fått ei betre utdjuping av innhaldet og realismen i Fortidsminneføreininga sine planar."
Jølster SV ber om at saka om Vikenhuset vert teken opp i kommunestyret på neste ordinære møte.
 
Brevet til Jølster kommune frå Jølster SV

torsdag 31. juli 2014

Norsk Kulturminnefond har delt ut 54,5 av dette fekk Sogn og Fjordane 2 558 700 kroner.




Lenkje til Kulturminnefondet
Lenkje til verdsveven til Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Øvste Stigen i Aurland - illustrasjonsfoto frå Sognafoto


Om Ingeniørmessa i Firdaposten 30.juli 2014
og meir om spora etter industrien i Svelgen
frå ein artikkel i BT. 6.juli 2012

Oddebui - ei av mange landhandlar i Lærdal
NRK Fylkesleksikon

Byporten i Høyanger er sentral i verdsvevsida til Høyanger industrimuseum
NRK fylkesleksikon om Klokkargarden Solberg i Førde


Tilsagnslista:

Øvste Stegen - våningshus med svålAurland70 200
Elling-Hans-StovaAurland350 000
Lønnehuset på Engum
Balestrand
136 000
Villabakken- messaBremanger86 000

Olafjøsen, Ytre -Hennestøylen
Eid100 000
RaudebudaEid180 000
Klokkargarden SolbergFørde180 500
Vedahuset/buaFørde103 000
Bu i Sande sentrumGaular128 000
Byporten, vindauge og spirHøyanger56 500
Bakken -våningshusHøyanger200 000
ElvemiljøJølster100 000
Grovane -kyrkjebåt/føringsbåt med naustJølster75 000
ØyralåvenLuster85 000
Tønnsberg, SolvornLuster275 000
OddebuiLærdal378 000
Gamlestova Gbnr. 15/1Solund21 000
Vedlikehaldstiltak SjåenSolund21 000
Naustet, sperrer og skråbandSolund13 500
Sum 2 558 700
 
 

Bevaring vs. Skaparkraft - i verdas vakraste ramme

Bevaring:
"Fortidsminneforeningenønskjer å setje i stand Midttunet. Men berre dersom Jølster kommune ikkje riv Vikenhuset på Skei.
– Vi ser at Jølster kommune har mange kulturminne som treng vern og vedlikehald, og ønskjer å hjelpe kommunen med å skaffe pengar til sikring av bygningane, og å hjelpe med råd og ressursar for å setje i stand det unike Midttunet, og om naudsynt òg overta eigarskapen av det, seier styreleiar i Fortidsminneforeningen, Leif Kahrs Jæger, til Firda."

Skaparkraft:
"– Kvifor vil kommunen rive Vikenhuset?
­– Det er fleire grunnar. Kommunen har ikkje bruk for huset, og ikkje har vi fått andre til å kjøpe det. Til ei viss grad hindrar det òg universell tilkomst til kommunehuset.
– Har Jølster kommune råd til å takke nei til tilbodet frå Fortidsminneforeninga om hjelp til Midttunet?
– Å drive politikk handlar om å prioritere, og vern av bygningar er diverre ikkje det vi kan prioritere høgst, avsluttar Klakegg."
 
Artikkelen desse sitata er henta frå er frå denne verdsvevartikkelen:
"Tilbyr hestehandel - Firda 24.7.2014

Det er denne artikkelen Wenche Steinsvik viser til i sitt innlegg i Synspunkt i avisa.
"Vikenhuset og Jølster kommune"

Jølster kommune sin slogan :Skaparkraft - i verdas vakraste ramme.

onsdag 30. juli 2014

Vikenhuset og Jølster kommune - ubegripeleg stort negativt engasjement mot eit hus


Wenche Steinsvik frå Vassenden i Jølster kommune, lærar i visuell kunst, arkitektur og design
har i dagens Firda, eit innlegg under Synspunkt s. 10-11.





 





torsdag 26. juni 2014

Prestebustaden i Sogndal

Prestebustaden i Sogndal vart redda frå avfreding i januar 2013.
I dag melder Sogn avis - Sigrid Svartefoss -
at Prestbustaden skal pussast opp slik at den vert bustad for spesialpresten.

Sjå artikkelen frå Sogn avis

Sjå verdsvevartikkelen frå Grinda 1.februar 2013

onsdag 4. juni 2014

Jølster kommune sa nei til Fortidsminneforeninga.

Lenkje til verdsvevartikkel i Firda og brevet til Jølster kommune, sjå nederst.
      foto Svein Heggheim Firda

Formannskapet vil ikkje gå i vidare drøftingar med Fortidsminneforeninga om framtidig bruk av Vikenhuset, vedtaket var endeleg og vert ikkje teken oppatt utan att Fylkesmannen tek klagen frå Fortidsminneforeninga til følge.

Jacob Andre Sandal, gruppeleiar i SV, vert i artikkelen referert slik:
"Det er ingen tvil om at Fortidsminneforeninga har gode intensjonar, men tilbakemeldinga er for lite konkret og bindande både med tanke på drift og finansiering..."
"Han undra seg over kva agenda Riksantikvaren kan ha ved å vende seg fleire gonger i prosessen:
– Det får meg til å lure på om han har ei agenda. Viss han vurderer freding bør han seie det i staden for å sende desse e-postane.."
 
Jan Ove Flate er referert slik om Riksantikvaren "Det blir meir til irritasjon enn eit innspel frå ein seriøs aktør på nasjonalt plan..."

Ove Losnegård var med i forhandlingane, han er tidlegare leiar av Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane - no styremedlem, skreiv dette på Fjesboki i går:
Svært trist melding frå Jølster i dag: Formannskapet har samrøystes vedteke å halde fast på rivingsvedtaket for Vikenhuset. Avgjerda er endeleg og skal ikkje opp i kommunestyret. Det er tydeleg at "forhandlingane" med Fortidsminneforeininga var eit einaste stort spel for galleriet.

Det vart i formannskapet hevda at tilbodet frå oss ikkje var bindande og forpliktande nok. Vi lova utvendig opprusting og maling i sommar, restaurering av vindauga som kurs til hausten, restaureringsplan i løpet av hausten og ferdig restaurert før 2017. Er ikkje det forpliktande? Om kommunen ynskte meir, sa dei det iallefall ikkje til oss.

Jølster kommune har leika med vårt oppriktige engasjement for kulturminna generelt og Vikenhuset spesielt. Det er trist, men aller verst er det at kampen om det flotte kulturminnet Vikenhuset kan vere tapt.

Skal vi lenke oss?
 
Firda sitt referat 3.juni.

Brevet til Jølster kommune - som er for lite konkret og bindande med tanke på drift og finansiering

E-post 4.6.2014 Geirr Olav Gram - rådgjevar hjå Riksatikvaren

tirsdag 6. mai 2014

Nytt styre i Sogn og Fjordane avdeling

Nytt styre vald med akklamasjon på årsmøtet:
Leiar:                          Lasse Sæltun, Lærdal (for eit år)

Styremedlemer:          Ove Losnegård, Fjaler (for to år)
                                   Stig Nordrumshaugen, Fjaler (for to år)
Ikkje på val:                Trude Knutzen Knagenhjelm, Sogndal
                                   Ottar Wiik, Vik

 Varamedlemer:          1.   Asbjørn Tyssen, Førde (for eit år, gjeld alle)
                                    2.      Torkjell Djupedal, Førde
                                    3.      Edvard Faleide, Stryn

mandag 28. april 2014

Årsmøte Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane avd.

 
Velkomen til årsmøte i Bedehuset, Lærdalsøyri, søndag 4.mai 2014.
- meir om Bedehuset nederst i artikkelen.

10.50 Frammøte på Bedehuset på Lærdalsøyri (parkering rett bak Coop Prix)

11.00 Orientering om storbrannen v/ordførar Jan Geir Solheim og lokallagsleiar Lasse Sælthun, med påfølgjande spasertur til Losjehustomta og dei brannråka delane av Lærdalsøyri.

12.00 Lønsj på Bedehuset

13.30 Årsmøtet

15.00 Omvisning i Gamle Lærdalsøyri, med kaffi på Sanden pensjonat

16.00 Heimreise

Grunna bestilling av mat, så ber me om at medlemene som vil delta på årsmøtet gjev beskjed om det til kontoret seinast i løpet av onsdag 30.april:
 
Tlf 57678840, SMS 91639648 eller epost:
 
FMF betalar lunsjen for medlemene som deltek på årsmøtet.
 
Årsmøte i Bedehuset, Lærdalsøyri, søndag 4.mai 2014 kl 13.30

1.  Velkommen v/styreleiar Ove Losnegård
2.  Godkjenning av innkalling
3.  Godkjenning av saklista
4.  Val av ordstyrar, referent og to til å skrive under protokollen
5.  Godkjenning av evt. fullmakter frå dei valde delegatane frå lokallaga
6.  Årsmelding 2013
7.  Rekneskap 2013
8.  Arbeidsprogram 2014
9.  Kort orientering om budsjett 2014
10. Fordeling av medlemskontingent til våre to lokallag
11. Val (styre, styreleiar, valnemnd, revisor)
12. Representantskapsmøtet i Bodø 2014 (val av tre utsendingar)
13. Val av to personar til arrangementskomiteen for representantskapsmøtet i Lærdal 2015
14. Avslutning

Bedehuset er ikkje lenger i bruk som bedehus, adressa er Øyragata 45. (bak Coop Prix)
Det vart seld i 2009, og vert no nytta som møte- og selskapslokale knytt til Lærdal Ferie- og Fritidspark.
 
Bedehusa på Lærdalsøyri - Hermund Kleppa 2007 - Fylkesarkivet Sogn og Fjordane
Lag og organisasjonar i Lærdal - Fylkesleksikon NRK Sogn og Fjordane
Ein verdsvevartikkel frå Sogn jord- og hagebruksskule Ressurssenter der Bedehuset er i bruk som møtelokale.
 
Sanden pensjonat, adressa er Øyragata 9.

Illustrasjonsbiletet er teke av Magnhild Aspevik.

fredag 21. mars 2014

Fylkesmannen - vedtak i klagesak som gjeld klagerett for Vikenhusets vener

Pressemelding frå Vikenhusets vener



Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, 20.03.2014

Vedtak i klagesak som gjeld klagerett for "Vikenhusets vener", Jølster kommune:

mandag 10. mars 2014

Kirkevollen i Førde

Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane ber Førde kommune sterkt om ikkje å godkjenne søknaden om løyve til å byggje eit nytt bustadhus på Kirkevollen.
Brevet frå Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane avdeling er under bileta.

Bileta av den freda bygningen - er lånt frå Torkjell Djupedal sin verdsvevartikkel - Fylkesarkivet. 


Torkjell Djupedal om Kirkevollen - Sogn og Fjordane Fylkesarkiv - 2001:

Saksdokument Førde kommune Planutvalet:
DokumentID: 13/16528 Søknad om dispensasjon frå LNF-gbnr 21/19

Dei ulike dokumenta og illustrasjonane.


  



 
 

                         FORTIDSMINNEFORENINGA
The Society for the Preservation of Norwegian Ancient Monuments
 
Sogn og Fjordane avd., Vestreim, N-6854 Kaupanger

                                            Kaupanger, 09.03.2014


Førde kommune Planutvalet Postboks 338
6802 Førde
 
(Sendt per e-post: postmottak@forde.kommune.no)
 
 
 
Kirkevollen i Førde
 
Gjennom Firda og på andre måtar kjenner Fortidsminneforeninga til at eigarane av Kirkevollen har søkt om løyve til å dele frå ei 900 kvardratmeter stor tomt for eit nytt bustadhus på 250 kvadratmeter, fordelt på fem einingar og plassert over skråninga ned mot Garvarhola. Det nye byggverket skal vere i betong, eller noko som liknar svært på massiv betong, og delvis ligge i fri luft ut over ravineskråninga, kvilande på bastante fundament i betong.
 
Kirkevollen vart skild ut frå bruket Falkenstein i 1823, og var ei stund bustad for lensmann og seinare doktor. Det freda hovudhuset er frå Svanøy og truleg bygt på slutten av 1700-talet. Tunet er ein del av det gamle embetsmannsmiljøet på Skei, og hovudhuset på Kirkevollen er det einaste av desse bygningane som er freda. Eigarane har teke godt var på huset og dei andre bygningane i tunet. Dei har alle eit godt, kulturhistorisk preg.
 
Kirkevollen er å rekne som eit av fire embetsmannstun som er igjen på Skei. Også hovudhuset på Falkenstein var freda, men det vart rive i 1963. Denne bygningen kom frå Dale, og var ei tid kontor for den kjende sorenskrivar Hans Arentz. Også hovudhuset på lensmannsgarden Brulandsbakken var freda, men vart rive i 1977, etter kommunal godkjenning, trass i protestar frå antikvariske styresmakter.
 
Verdiar ved Kirkevollen
Kirkevollen er ein del av eit antikvarisk og kulturhistorisk rikt område frå prestegarden i aust, via kyrkja til Løken like nedanfor Kirkevollen. Her er enno ein opning, ein akse, frå Løken og dei indre Øyrane innover terrassane på Skei. Dette er det einaste litt større området som er igjen i Førde med eit nokolunde uforstyrra miljø av bygningar som er meir enn 100 år gamle. Desse restane i Førde kan vi samanlikne med større utgåver som Bryggen i Bergen, Gamle Stavanger, Sjøgata i Mosjøen og Gamle Fredrikstad. Dette er miljø som i dag har høg status og stor attraksjonsverdi, bydelar som folk flest er stolte og glade over, og som dei ikkje for nokon pris vil misse. Ein gong var det mange som ikkje såg noko poeng i å ta vare på dei.
Stripa aust og vest for kyrkja har store opplevingsverdiar, i tillegg til dei antikvariske og kulturhistoriske.  Eigarane held husa ved like, og heile stroket har stor autentisitet. Ein vesentleg kvalitet er området er utan nye bygningar i avvikande arkitektur. På Skei budde mange av dei menneska som før 1900 hadde kontakt med verda utanfor Førde, og som gav Førde den tids eigenart samanlikna med dei andre tettstadene som ligg der dalane møter sjøen. Diktarar som Elster senior og junior, Christensen og Fasting hadde sine røter i Førde og er enno namn i den norske litteraturhistoria.
 
Skogen og gjelet (Garvarhola, også kalla Fougnerhola) frå Kyrkjevegen og ned til Løken er ein geologisk og botanisk oase i eit elles tett utbygt strok. Nede i gjelet står enno grunnmuren etter huset som garvaren (Fougner) budde i. Her er berre nokre meter frå velstanden oppe på reina til den fattige strandsitjaren, ein historisk og enno synleg kontrast.
Identitet er noko som veks fram over tid – eit resultat av historia. Identitet er ei samkjensle som er knytt til eit varig særpreg, noko som skil ei gruppe eller ein stad frå andre. Ingen byggjer identitet på kort tid eller etter ein spontan plan.  Felles verdiar treng til å utvikle seg.
Antikvarisk, kulturhistorisk og som identitetsberar er Kirkevollen noko av det mest verdifulle som er igjen i Førde tettstad. Det gamle Førde sentrum er elles så rasert og forvitra at restane av det gamle står igjen som fortapte attergløymer. Det er vårt inntrykk at mange i Førde meiner omskiftet har gått for langt, og at det er viktig å sikre dei få kvalitetane som er igjen. Kirkevollen er ein av dei.
 
Konsekvensar av det planlagde byggverket
Sakspapira viser at det er ikkje plass til dei nye bygningsdelane utan å gå ut over gjelet med eit kraftig fundament som er tungt og bastant i utforminga. Bygningskroppane er – i betong eller noko som liknar svært på betong – massive. Dei har eit langt meir bastant preg enn dei trehusa som står der, sjølv om delar av veggane er teikna i glas. Det er søkt om løyve til ein bygning som etter vår oppfatning ikkje er tilpassa terrenget og heller ikkje dei andre husa på staden. Dei fell ikkje inn i terrenget når dei stikk ut i lufta, på eit kunstig fundament i gjelet. Både i materialval og utsjånad avvik det nye sterkt frå dei
eksisterande bygningane, sjølv om takvinkel og dimensjonar reint geometrisk på ein måte er i samsvar med dei uthusa som står der. Men det er langt frå berre geometrien som avgjer korleis vi oppfattar ein bygning eller andre ting.
 
Volumet av den nye bygningsmassen er stort, samanlikna med dei raude trehusa. Dette vil, i lag med det harde uttrykket i den nye arkitekturen, gjere at det eksisterande tunet kjem i skuggen av det nye, sett frå Kyrkjevegen. Frå før er Kirkevollen delvis innbygd av bustadhus ved innkøyringa til tunet. Endå ein barrikade vil komme dersom kommunen svarer ja på den nye søknaden. Tunet vert i stor grad isolert frå den samanhengen det no står i, som ein del av byggeskikken frå 1800-talet i beltet frå Toene til Løken.
 
Fordi den nye bygningsmassen er stor og plassert heilt tett inn på den eksisterande, og fordi uttrykket i det nye er så heilt annleis enn i det gamle, er det etter vår oppfatning planlagt ein arkitektur som bryt brutalt den som er der no. Det vert ein kollisjon mellom ein etablert byggjeskikk som høyrer distriktet og Førde til – bygningar står i ein historisk samanheng på staden – og ein ny, stadlaus arkitektur som kunne vore plassert kvar som helst. Dominansen av det nye vert sterkare ved at det nye får ei heilt anna plassering i terrenget enn det gamle. Hovudhuset og dei raude bygningane står trygt og roleg på den flate terrassen; det nye strekkjer seg ut over gjelet på ein måte som understrekar at det er krev ein annan konstruksjon enn i dei gamle trehusa. I heile sitt vesen er det nye ein ekstrem og uheldig kontrast til det gamle, ein kontrast som vil overmanne det tradisjonelle.

 Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane er usamd i påstanden frå Hilleren prosjektering AS
 (i brev 26.6.2013) om at denne tilveksten (det nye bustadhuset) er
en ypperlig mulighet for å se til å sikre at tunet blir ivaretatt med sine kvaliteter videre fremover”,     og at ny bustad på tunet vil vise at Førde sentrum, med det flotte området,

står for en estetisk planmessig utvikling, samtidig som det eksisterende blir ivaretatt”.
Dersom nye arkitektoniske uttrykk skal falle godt saman med dei gamle, må det kulturhistoriske må ha førsterett på staden, ikkje komme i ei underordna stilling, som skissene fortel vil bli resultatet i dette tilfellet. Kirkevollen har sitt preg som eit frittliggande tun frå 1800-talet. Dette er det planlagt å gjerde inne av ein nymotens betongkonstruksjon, så tett inn på trehusa at det vil arte seg som ein okkupasjon, eit sigrande åtak på den identiteten som Kirkevollen har med kombinasjonen av bygningane, terrenget, landskapet og historia. Slike historiske kvalitetar treng ikkje noko utvikling for å stå deg i framtida.


Konklusjon

Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane vil så sterkt vi kan be Førde kommune om ikkje å godkjenne søknaden om løyve til å byggje eit nytt bustadhus på Kirkevollen.

 Grunnane er:

Embetsmannstuna frå Toene og via kyrkja til Kirkevollen er det einaste stroket som er igjen i Førdemed ei samling av det vi kan kalle historiske bygningar. Dette er dei materielle restane av den litt eldre busettingshistoria i Førde, og tuna står sentralt i den identiteten Førde har som tettstad. Eigarane held både hus og tun godt vedlike. Det er ein viktig kvalitet at samlinga av tun er bortimot intakt, utan nye bygningar i avvikande arkitektur.


Hovudhuset på Kirkevollen er freda, og tunet er ein harmonisk heilskap. Det er søkt om løyve til ein bygning som etter vår oppfatning ikkje er tilpassa terrenget på staden og heller ikkje dei andre husa i tunet. I heile sitt vesen er det nye ein ekstrem og uheldig kontrast til det gamle, ein kontrast som vil overmanne det tradisjonelle. Ein grunn til dette er at dei nye bygningskroppane vil komme heilt tett i dei som står, med eit arkitektonisk krav om råderett. Dei gamle husa vert den tapande parten i kollisjonen mellom det tradisjonelle og det nymotens.

 
Med beste helsing,

Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane

 

Ove Losnegård, styreleiar                               Jon E Tamnes, dagleg leiar post@ovelos.no   97 07 91 39                                                            sognogfjordane@fortidsminneforeningen.nom

tlf. +47 57 67 88 40
besøksadr.: Vestreim, 6887 Kaupanger
org.nr. 971 363 231
fax +47 57 67 88 89
bankkonto: 3720 07 18217

Årsmelding 2013 - Indre Sogn lokallag - 23.februar 2014

Årsmeldinga for Indre Sogn lokallag:

Skipingsdato 10.12.2012
Virkeområde (geografisk): Kommunane Vik, Aurland, Årdal, Luster, Sogndal, Leikanger og Balestrand.

lørdag 8. mars 2014

Synneva Eris hus på Gamle Lærdalsøyri - årsmøteresolusjon - lokallag Indre Sogn


              Illustrasjonsfoto - Riksantikvaren


Sendt til Sogn og Fjordane fylkeskommune - kulturavdelinga
                           kopi til Lærdal kommune
 

Synneva Eris hus på Gamle Lærdalsøyri. Spørsmålet om avfredningsvedtak.

Synneva Eris hus på Gamle Lærdalsøyri gjekk som kjent med i storbrannen i Lærdal 18.-19. januar i år. Etter det vi har sett i pressa vurderer fylkeskommunen avfredning av denne bygninga. Fortidsminneforeninga, avd. Indre Sogn ynskjer å kome med følgjande uttale når det gjeld dette spørsmålet:

Dei aller fleste tidleg fredingar har vore einskildanlegg, som t.d. Synneva Eris hus i 1923. Tidleg på 1970-talet vart det mogleg å regulere heile område til bygningsbevaring, då vart verneområda på Lærdalsøyri den andre staden i landet som nytta denne nye moglegheita (etter Gamle Stavanger). Dette talar for at eigedomen sin fredningsstaus ikkje bør endrast før ein har fått ein grundig, fagleg kompetent gjennomgang av verneverdiane i både verneområdet og i Synneva Eri-anlegget.Synneva Eris hus sin markante plassering i inngangen til strandsitjarstaden Lærdalsøyri og i grensa mot den historiske ekserserplassen (som strekte seg heilt fram til Brattegjerdet) gjer anlegget svært viktig, saman med dei ulike bruksføremåla gjennom 170 år.

Sidan det freda anlegget ligg/låg innanfor grensene til verneområdet på Lærdalsøyri, så ligg det innanfor det området som fagrådet for gamle Lærdalsøyri skal uttale seg/rådgje om. Dei har ikkje vorte teke med på råd i saka.

Argument som talar for rekonstruksjon er at Synneva Eris hus var eit markant element i inngangen til strandsitjarstaden på Lærdalsøyri og det difor kan vere rett for verneområdet sin heilskap å bygge opp att anlegget. Synneva Eris hus er fullstendig oppmålt og dokumentert og det vil difor ligge godt til rette for ein rekonstruksjon.

Gjennom ei avfreding no vil fylkeskulturutvalet seie i frå seg moglegheiten til å få ført oppatt anlegget som kopi, og samstundes ta frå eigaren mogeligheiten til å få støtte frå Riksantikvaren, og andre, til ei slik oppattbygging. Fokuset må vere at eigaren får naudsynt hjelp og støtte til ei oppattbygging.

Det er ingen ting i §18 i Kulturminnelova som seier at alle antikvariske verdiar må vere intakte for å krevje ei oppattbygging.

Rekonstruksjonen kan nyttast som ein måte å lære opp handtverkarar i Sogn og Fjordane i tradisjonelle handverksteknikkar og bygningskonstruksjon. Dette er viktig sidan eit av dei største problema for eigarar av verna og freda hus i fylket vårt er mangelen på kvalifiserte handtverkarar.

Eit evt vedtak om avfreding må ikkje vere motivert av økonomi, i staden for ei solid fagleg vurdering av heilskapen i eit verneområde av stor nasjonal betydning.

Konklusjon:

Årsmøtet i Indre Sogn lokallag av Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane oppmodar om at fredninga av Synneva Eris hus vert oppretthalde og at anlegget vert rekonstruert.


Resolusjon vedteke på årsmøte i Fortidsminneforeninga, avd. Indre Sogn 5.mars 2014.

Lasse Sælthun
Styreleiar

onsdag 5. mars 2014

Viktig kulturminnedebatt og årsmøte Fortidsminneforeninge Indre Sogn lokallag i kveld!

 
Årsmøtet for Indre Sogn lokallag vert helde onsdag 5.mars klokka 18.00
på De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum, Kaupanger.
Programmet for årsmøtet:
Vanlege årsmøtesaker og
Arbeidsplan for 2014 - kom med innspel.

De Heibergske Samlingar og Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane set kulturminnevern på dagsorden på ein debattkveld onsdag 5.mars klokka 19.00.

Ein viktig debatt kring kor ulikt me ser på verdien av kulturminna våre.

Innleiarar ordførarane Jarle Aarvoll i Sogndal og Jan Geir Solheim i Lærdal, fylkesdirektør for kultur Ingebjørg Erikstad og Trude Knutzen Knagenhjelm, leiar av antikvarisk utval i Fortidsminneforeininga i Sogn og Fjordane.
Det vil bli paneldebatt, der alle interesserte i salen også får høve til å delta.
Verdsvevsida til Dei Heibergske med meir info!




tirsdag 4. mars 2014

Viken-huset: UPU, klage på vedtak og svar til Jorunn S. Klakegg.


Klage på vedtak om riving av Viken-tunet på Skei i Jølster:

Kontaktpersonar:
styreleiar Ove Losnegård 97979139 og
dagleg leiar Jon E. Tamnes 57678840




Saksutgreiing Utval for for plan og utvikling i dag, 4.mars
,
etter kommunestyret i dag i Jølster kommune:


Klagehandsaming UPU 15/14 Rettsleg klagerett etter fvl §28  
Vedlegg til saka:Vedtekter i Viken-husets venner

Svar frå Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane avdeling på 2 e-postar som Jorunn S. Klakegg sende fredag 1. og måndag 3.mars:

Hei Jorunn S Klakegg,

Me får berre takke for at du har stor tiltru til Fortidsminneforeninga sin evne til rask respons, men beklagar at me likevel ikkje har fått svara deg på eposten du sendte oss på laurdag, før i dag!
Vår trøyst får vere at vi, trass i at me er ein frivillig organisasjon utan mange tilsette, klarar å svare på epostar før ein kommunal organisasjon som Jølster kommune gjer det.
Me sendte epost på fredag, der me bad om å få tilsendt saksutgreiinga til det ekstraordinære møtet i UPU den 4.3.2014.
Svar på denne eposten har me ikkje motteke, trass at heile helga har gått.

Du har heilt rett i påstanden om at Fortidsminneforeninga ikkje har innhenta synspunkt frå Vikenhusets vener på kor liten, eller stor, motstanden mot riving, eller bevaring, er i lokalsamfunnet. For oss som ein interesseorganisasjon for det frivillige bygningsvernet er ikkje dette eit avgjerande moment.
Vårt samfunnsoppdrag, frå vår skiping i 1844, har som oftast gått på å forsvara truga bygningar mot ein majoritet, på eit fagleg kompetent grunnlag. I innlegget frå Fortidsminneforeninga kan me ikkje sjå at me har kvantifisert "styrketilhøvet" mellom eventuelle fløyar.
Då les ein diverre innlegget med vrangvilje. Det me observerer gjennom mediaoppslag og open postjournal i Jølster kommune er at begge syn er tydeleg representerte i lokalsamfunnet.
Då er vår rolle å peike på at 1930-tals bygninga, i autentisk og god teknisk tilstand, trass forsømt vedlikehald, representerer ein verdi. I denne saka har bygningseigaren gjort vedtak om å riva ei bygning som framleis kan setjast i stand og tene ein funksjon.
Kommunen sine folkevalde i denne saka har no samstemmig har gått inn for rivingsvedtaket, og overprøver gjennom det kulturminnefageleg kompetanse på både regionalt og nasjonalt nivå.
Me kan ikkje sjå at kommunen grunngjev vedtaket med at det er trong for (tomte-)arealet til eit samfunnsmessig viktig føremål. Då blir rivingssaka ei rein markering av fleirtalsmakt.

(Sidan du òg publiserte din epost til oss på Origo, så føl deg fri til å legge ut vårt epostsvar...)

Mvh
Jon E TamnesDagleg leiar/Manager

 
Den 3. mars 2014 kl. 21:12 skreiv Jorunn S. Klakegg til Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane avdeling:
          
Eg må innrømme at eg finner de
t litt rart at de ikkje svarer på eposten frå meg.
Om ikkje ein beklagelse, så kanskje ei forklaring på kvifor de antok at dette var ei brei semje blant innbyggjarane i Jølster for å behalde huset hadde eg sett pris på å få vite.
Vikenhusets vener påstår hardt at dei ikkje har vore i kontakt med dykk angåande denne saka, så det kunne vore interessant å fått vite korleis de kunne tru dette og ta så feil?
Håper på svar.



Den 1. mars kl. 12.22 skreiv Jorunn S. Klakegg
til Fortidsminneforeninga Sogn og FJordane,

dette vart også offentleggjort på Jølster - Origo sida:

Hei, 
Eg ser at de har gått hardt ut mot Jølster kommune og seier at vedtaket deira ikkje heng på greip, når dei stemmer for riving når innbyggjarane har snudd og vil ha huset ståande.
Eg vil berre gjere dykk merksam på at eg trur de er blitt ført bak lyset når de gjeld dette med innbyggjarane. Det er eit soleklart fleirtal blant innbyggjarane for å rive huset. Det er 3 personar som kjempar for å behalde det og dei har oppretta ein såkalla organisasjon som heiter Viken husets vener. Denne organisasjonen består av 15 personar og halvparten av desse 15 bur ikkje ein gang i Jølster.


At de som forening ynskjer å bevare tildels gamle hus det har eg forståelse for, men eg håpar det sjekkar kjeldene dykkar betre neste gang de skal bruke innbyggjarane i Jølster som argument. 





 

torsdag 27. februar 2014

Vikenhuset skal rivast - i verdas vakraste ramme

- overskrifta på brevet til Jølster kommune frå Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane.

                                              lånt frå Firda Tidend

Vikenhuset skal rivast, og politikarane nektar å gå ein ny runde. Dette kunne vi lese i Firda onsdag 26. februar. Same dag hadde Utval for plan og utvikling i Jølster kommune vedteke riving. Vedtaket var samrøystes, og gjekk føre seg utan debatt.

Samstundes kjempar lokale krefter i Vikenhusets vener med nebb og klør for å bevare denne perla av eit autentisk hus frå 1930-talet. Dei er støtta av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Riksantikvaren som også peikar på kulturminneverdien til huset.

Når politikarane i Jølster er så ivrige etter å rive Vikenhuset, skulle ein tru at det låg presserande behov for bruk av tomta til særskilte føremål av samfunnsmessig betydning. Men det er ingen konkrete planer for ny bruk av tomta, sett bort frå at det skal anleggast plen.
Argumentet er imidlertid at huset kan hindre sentrumsutviklinga i framtida.

Sett på spissen kan det sjå ut som at Jølster-politikarane no har overprøvd innbyggjarane sitt ønskje om å ta vare på eit kulturminne, som står sterkt i den lokale identiteten, for å få plass til ein grasplen i sentrum. Sett utanfrå heng ikkje dette på greip i ein kommune som brukar slagordet Skaparkraft - i verdas vakraste ramme.

Skal vi snakke om kva som er vakkert, er det nettopp ein bygning som Vikenhuset som kunne ha vore med på å heve den estetiske kvaliteten til Skei sentrum. Dette området som utgjer sjølve ansiktet utad for Jølster kommune, er i stor grad prega av infrastruktur og store næringsbygg med moderne utforming. Ved å setje Vikenhuset i stand, slik dei lokale kreftene ønskjer, ville sentrum kunne ha smykka seg med ei perle som ville underbygge merkevara Jølster som ei bygd der verdiskapinga skjer i kombinasjon med ivaretaking av det vakre og det særeigne.

Vikenhuset vart allereie vedteke rive i 1998, utan at det førte til store proterstar. Vedtaket har i åra frå 1998 til no ikkje vore iverksett, og i mellomtida har det vakse fram eit lokalt engasjement og omsut for huset. Spørsmålet vårt er kvifor det ikkje er mogeleg for politikarane å snu i denne saka, når innbyggarane har gjort det? Det er så lite som skal til. Når huset blir skrapt og måla vil det skinne! Er ikkje dette ei gåve til Jølster, der det fint let seg gjere å ta vare på eit eldre bygg som ein del av utviklinga av sentrum?
Med helsing
Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane

Kontaktperson:
Trude Knutzen Kagenhjelm
styremedlem i Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane

Innkalling til Ekstraordinæt møte i i UPU - Utval for plan og utvikling 4.mars

Lenkje til leiaren i Firda Tidend 26.februar 2014
Lenkje til verdsvevartikkelen i Firda 26.februar 2014
Lenkje til verdsvevartikkelen i Firda Tidend 26.februar 2014.
Lenkje til verdsvevartikkelen i Firda Tidend 28.februar 2014
Vikenhuset var sist omtala på Grindabloggen 18.januar 2013, der er det også lenkjer til tidlegare artiklar.



onsdag 26. februar 2014

Viktig kulturminneverndebatt OG årsmøte Indre Sogn på De Heibergske!


Årsmøtet for Indre Sogn lokallag vert helde onsdag 5.mars klokka 18.00
på De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum, Kaupanger.

De Heibergske Samlingar og Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane set kulturminnevern på dagsorden på ein debattkveld onsdag 5.mars klokka 19.00.

Ein viktig debatt kring kor ulikt me ser på verdien av kulturminna våre.

Innleiarar frå Sogndal kommune, Lærdal kommune, Fylkeskommunen og Fortidsminneforeninga.

Programmet for årsmøtet:
Vanlege årsmøtesaker og
Arbeidsplan for 2014 - kom med innspel.

Verdsvevsida til Dei Heibergske med meir info!

På årsmøtet for Ytre Sogn lokallag i Førde i morgon :
Vanlege årsmøtesaker og
orientere om status for planane om Jensbua bygningsvernsenter.
Lenkje til jensbua.no

Jensbua på Fylkesleksikonet

onsdag 19. februar 2014

Villa Visnes i Stryn - vår felles arv, eller tapt sak?




Brev frå
Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane og Antikvarisk utval

Til
Stryn kommune
Sogn og Fjordane fylkeskommune


Kaupanger, 19.2.2014

 

Villa Visnes i Stryn – vår felles arv, eller tapt sak?

Det har dei føregåande månadane gått føre seg ei sak kring sveitserstilhotellet Villa Visnes (tidlegare Hotel Central, og seinare Stryn husmorskule). Saka gjeld ombygging og bruksendring av deler av bygget, noko som vil føre til utvendige endringar av bygget som nye verandaer og endra takform på trapperom på austsida.

Teknisk utval i Stryn kommune har gjeve rammeløyve til gjennomføring, der Kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune har sendt klage på vedtaket. Grunngjevinga for klagen er brot på verneføresegnene i spesialområdet med føremål kulturminnevern, samt brot på vernestatusen for den konkrete bygningen. Stryn kommune v/Sektorutval for tekniske saker har i vedtak avvist fylkeskommunen sin klage med heimel i Forvaltningslova og at klagefristen ikkje vart overhaldt. Siste formelle rørsle i saka er at Sogn og Fjordane fylkeskommune har påklaga Stryn kommune sin avvisning av klagen.

Tidlegare Hotel Central har nasjonal verneverdi, som sveitserhotell med høg grad av autentisitet i eksteriør, og for ein del også i interiøret. Bygningen fekk, i hovudtrekk, si noverande utforming i 1896 etter ombygging av eit eldre hus. Bygningen fekk då eit karakteristisk hjørnetårn i fire etasjar og mykje utsmykking i fasaden.

I Verneplan for Stryn kommune, er Villa Visnes plassert i verneklasse A. Dette tilseier at bygningen i kulturhistorisk samanheng kan vere av nasjonal interesse. På 1980-tallet vart det gjennomført ei fagleg god restaurering/tilbakeføring av viktige antikvariske element, der m.a. dåverande riksantikvar Stephan Tschudi-Madsen engasjerte seg for eit best mogleg resultat. Slik det framstod etter restaureringa i 1988, vart Hotel Central omtalt som det beste dømet på mellomstort hotell i sveitser-/dragestil som står igjen i Norge i dag.

I samband med istandsetjinga og tilpassing til ny bruk på 1980-talet var både regional og nasjonal kulturminnemynde involvert i form av råd og rettleiing. I denne samanhengen vart eksteriøret og delar av interiøret vurdert som svært verdifulle, og noko som måtte bli bevart, m.a. gjennom tilpassa bruk. I interiøret vart matsalen (King Oscar hall) og trappegangen framheva som særskilt verdifulle. I teikningane til den nye bruken av bygningen på 1980-talet vart det teke omsyn til dette og utarbeida planar som tok vare på både eksteriør og interiør på ein god måte.

 

Noverande eigar, Arne Visnes Berger, har ved fleire høve søkt støtte om tilskot til vedlikehald av bygget, utan å få tilslag på søknadar. I eit brev til Stryn kommune skriv han at det ikkje er haldbart for private huseigarar å ivareta av kulturbygg av nasjonal verdi utan støtte til arbeidet. Han forklarer at han ikkje har moglegheit for å bevare bygningen etter antikvariske prinsipp, og i tråd med føresegnene for spesialområdet. Han oppmoder med det kommunen til å tenke langsiktig med tanke på bruken av bygningen.

Vi ser i desse dagar korleis store ressurssar har vore brukt på å restaurere, og dels rekonstruere Eidsvollsbygningen til den praktbygningen den var i 1814. Dette viser oss at kulturarven har stor verdi for vår felles nasjonale identitet. Slik trur vi også at det er lokalt, der kulturminne og kulturmiljø vil bli sårt sakna dersom dei skulle gå tapt. Storbrannen i Lærdal i januar sette desse kjenslene i oss på prøve, og det rørte ved oss!

I dette høvet er det viktig at det nasjonalt viktige kulturminnet Villa Visnes ikkje må bli øydelagt på grunn av ein strid om formalia og sakshandsamingsfeil mellom Stryn kommune og kulturavdelinga i fylkeskommunen. Her må Riksantikvaren gripe inn og få orden på sakene. Ei mellombels løysing vil vere midlertidig freding, der det samstundes blir lagt planar om vidare oppfølging av vedlikehaldet og ivaretakinga av kulturminnet. Skjer ikkje dette, vil vi bli vitne til at ein del av vår felles identitet går tapt. 

 

Med helsing

Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane og Antikvarisk utval