Publiserte artiklar

Stig A. Nordrumshaugen, restaureringsleiar ved kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune - publisert i Kulturbloggen - sfj.kulturnett.no 18.april:

Der ingen kunne tru at insekt skulle bu…

Mange møter veggen i dag og går i kjellaren. Å møte veggen i eit freda bygg kan i nokre tilfelle gje deg ein kjensle av å vere illusjonist. Plutseleg står du på utsida av bygningen med insektmjøl og tapetrestar i håret...

Om lag slik var situasjonen då vi i 2008 sette i gang store restaureringsarbeid i fylket, som følgje av Riksantikvaren si satsing, Bevaringsprogrammet for fredete bygninger i privat eie. Målet er at alle freda bygg skal opp på eit vedlikehaldsnivå til 2020. I Nordfjord og Sunnfjord var insekt- og ròteskadane sjokkeranda. Nokre av desse husa stod mest på tapet, kledning og gamal vane. Tømmer vart rive med nevane og bore vekk i bøtter og spann. Folk føreslo å bruke Nitedal fyrstikker i staden for Riksantikvaren. Korleis har det blitt slik?

Freding har til omsyn å sikre varig vern for eit representativt utval av historiske bygningar og miljø for framtidige generasjonar. For dei bygningane vi so langt har tatt føre oss er det openbert at vernet ikkje har fungert godt i praksis. Då Riksantikvaren på 1920-talet begynte å frede bygningar på landsbasis, var den byråkratiske prosessen kort og konkret. Eigarane fekk eit fint brev med stempel om at Deres hus er fredet, og ein kopi av lovteksten om bygningsfreding av 1920. Dialog har det sjølvsagt vore i etterkant, men mange eigarar har opplevd den som ovanifrå og ned.

Først med kulturminnelova av 1978 fekk ein klare reglar for korleis sakshandsaming av fredingsprosess skulle gjennomførast, mellom anna kontakt med eigarar. I 1990 delegerte Riksantikvaren forvaltningsansvaret for dei vedtaksfreda bygningane til fylkeskommunane. Nærare kontakt med eigarane i det ganske land var eit skritt i riktig retning.

Antikvarisk praksis opp igjennom tidene har vore å ta vare på men ikkje røre. Dette ligg i ein antikvars oppgåve, men oppgåva handlar også om kva som faktisk skjer eller har skjedd bak tapeten. Kva tilstand var det på bygningane då dei vart freda? Setningsskadar som har indikert ròte har vore sett på sparekonto for sjarmerande gamle hus ute av lodd og vater. Det kan vere mange grunnar til det som vi ikkje kjenner, men resultatet har i fleire tilfelle blitt at ein har mista det ein ønskte å ta vare på.

Vestlandsklimaet er ikkje til å kødde med! Vatn kjem frå alle retningar, ingen tekking er varig, og der klimaet er bra som i Sogn, ete insekta opp husa (husbukk). I tillegg har vi generelt mista mykje av fagkunnskapen om den eldre byggjeskikken. Utgangspunktet for bevaring av gamle bygg i dette fylket har difor vore spesielt krevjande. Det er liten tvil om at mange av husa som vart freda for 90 år sida allereie då hadde store ròte- og insektskadar. Eigarane har i få tilfelle vore bygningsmenn eller lottomillionærar. Føresetnadene for bevaring har i mange tilfelle vore ei vanskeleg oppgåve, og ansvaret for skadeomfanget er difor komplekst.

Kva er bra?
Vi har mange bygningar som er i bra stand, der forholda for bevaring har vore gode. Det er dei dårlegaste bygga vi no tek føre oss. Sida 2008 har det blitt reparert fleire store konstruksjonsskadar på freda bygg. Hundre år eller meir med periodiske vasslekkasjar, insektskadar, nødhjelpsreparasjonar, manglande kunnskap om byggjeskikk, uheldige komfort-tiltak og liten bruk er ikkje muleg å utbetre på eit drygt tiår. Likevel, det kjem no meir midlar frå staten enn nokon gang, og vi kan gjere ein skikkeleg jobb for bygningane. Neste store innsats må utvilsamt vere å satse breiare på og halde dei gamle handverksfaga i hevd. Det er det som er nøkkelen for freda bygg i framtida, der insekta nok framleis vil vera den største arbeidsgjevaren.




Når tømmeret vart bore vekk, tok reparasjonane til. Foto Stig Nordrumshaugen.



Med gode handverkarar blir resultata bra. Foto Erik Solheim.





Minneordet er skrive av Hallvard Trohaug arkitekt mnal, publisert i Helg&Kvardag 2-2013.

Claus S. R. Lindstrøm (1930-2013)

Foto: Jens Hauge
Kulturprisvinnar og arkitekt Claus Lindstrøm er død, 83 år gamal. Claus vaks opp og var busett i Bergen, men han hadde heile livet eit nært tilhøve til faren Johan og mora Inga (f. Rumohr) si heimbygd. Claus og familien kjøpte husmannsplassen Halabrekka ved inngangen til Tynjadalen. Dei restaurerte plassen som vart ein kjær feriestad for familien og eit kulturminne som er bevart for ettertida. Claus har lagt ned eit stort og viktig arbeid i Lærdal, både som fagleg leiar for vernearbeidet på Lærdalsøyri og gjennom reguleringsarbeid for Lærdal kommune.







Claus Lindstrøm har saman med bror og forretningspartnar Jon Lindstrøm teikna fleire bygningar i Lærdal. Det kontoret har teikna i verneområdet er for det meste tilbygg tilpassa eksisterande bygningar. Dei fleste er små og utforma som tradisjonelle utskott. Der det har vore trong for større tilbygg eller nybygg har dei teikna bygningar med ein tradisjonell, lågmælt form og materialbruk, samstundes som det er heilt tydeleg at bygningen/tilbygget er nytt. Lindstrøm arkitekter har sett preg på den nye delen av Lærdalsøyri med mellom anna nye Lindstrøm Hotell frå 1970 og Lærdal rådhus frå 1972. Felles for begge desse bygningane er at dei er typiske betonghus frå sin tid som er mjuka opp og tilpassa trehusområdet med å nytte tre som fasademateriale. Dette var ein tidstypisk måte å tenke strøkstilpassing på 1970-talet. Et anna eksempel på tilpassingsarkitektur er selskapsfløyen som er bygt til Lindstrøm Hotell på 1980-talet. Den er utforma som ein post-modernistisk utgåve av sveitsararkitekturen og skal minne oss på det gamle hotellet som brann i 1968.

 

Det var òg Lindstrøm-brørne sitt arkitektkontor Lærdal kommune nytta som reguleringsarkitektar. Dette var ein sentral rolle som kontoret hadde i fleire tiår. Det var veldig viktig at reguleringsplanen på 1970-talet la til rette for den nye sentrumsgata, Øyraplassen, med plass for store bygningar på ny byggjegrunn på masse frå kraftutbygginga i Lærdalsvassdraget. Det mogleggjorde at den gamle tettstaden, strandsitjarstaden, i stor grad fekk stå urørt som konsekvens av dette reguleringsgrepet. Dette i motsetnad til kva som skjedde i så mange andre tettstader på Vestlandet, der nye bygningar vart lagt inne i den eksisterande bebyggelsen, med den konsekvens at mange gamle hus måtte vike plass.

 

Claus Lindstrøm har leia fleire restaureringsprosjekt på Vestlandet, mellom anna på Nordnes og Bryggen i Bergen. Han har vore tillitsvalt i Fortidsminneforeningen og vore styremedlem i stiftelsen Bryggen. På Lærdalsøyri har oppgåvene hans vore planlegging av rehabilitering og istandsettingsarbeid, oppfølging i byggjetida og kontakt med kommunen og antikvariske myndigheiter. Arbeidet omfatta òg rådgjeving til huseigarane og oppfølging av studentane sitt oppmålingsarbeid. Alt dette arbeidet vart gjort utan godtgjersle; på frivillig basis.

 

Etter eit framlegg frå Riksantikvaren vart det på slutten av 1950-talet vald ein komité som skulle fremme bevaringstanken på Lærdalsøyri. Dette arbeidet kom ikkje i gang før ein i den nye bygningslova opna for at ein kunne regulere til spesialområde bevaring. Som ein del av revideringa av den eksisterande reguleringsplanen for sentrum vart Verneområde I og II regulert til spesialområde bevaring i kommunestyremøtet i Lærdal den 31. mars 1970. Dette var ein av dei fyrste områda i landet, som vart regulert til bevaring etter at det vart mogleg som reguleringsformål. Øvste bevaringsmyndigheit vart den antikvariske bygningsnemnda. I 1979 overtok Riksantikvaren dette ansvaret, og i 1990 vart ansvaret overført til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

 

Arbeidsutvalet hadde i starten sin styrke i at dei alle var huseigarar i verneområdet, og dermed hadde god kjennskap til alle folk og hus. Som fagleg leiar kunne Claus Lindstrøm ha ei god oppfølging av sakene i Lærdal, trass i at han var busett og hadde arkitektkontor i Bergen, gjennom god hjelp frå særleg Arvid Aarethun ved A/S Trevaren. Aarethun fungerte på mange måtar som arbeidsutvalet si fyrstelinjeteneste for huseigarane i verneområdet – ein nærleik som nok var ein av suksessfaktorane for vernearbeidet på Lærdalsøyri gjennom vel fire tiår.

 

Eitt av dei viktigaste dokumentasjonstiltaka som vart sett i gang var oppmåling av dei ulike bygningane. Fagleg leiar Claus Lindstrøm samla inn dokumentasjon i skriftlege kjelder og historisk biletmateriale, i tillegg til at han fotodokumenterte situasjonen slik han var på slutten av 1960-talet og på 70-talet. I tillegg samla han inn opplysningar frå bebuarar og eigarar av husa i verneområda.

 

I 1972 bestemte arbeidsutvalet seg for å engasjere arkitektstudentar i sommarjobb for å få målt opp dei ulike bygningane i verneområda. Oppmålingsarbeidet vart godkjent som praksisplass for studentane og gav dei relevant kunnskap. Arbeidet vart leia av Claus Lindstrøm og pågjekk nesten kvar sommar fram til byrjinga på 2000-talet, avhengig av finansieringa dei greidde å framskaffe. I dei første åra var det studentar frå NTH som gjorde oppmålingane, mens det i dei seinare åra var studentar frå bygningsvernutdanninga ved Arkitekthøyskolen i Århus som tok over. I alt fekk arbeidsutvalet målt opp 111 av dei omlag 160 bygningane i verneområda. Oppmålingsarbeidet har så langt ikkje blitt ført vidare av kommunen og fagrådet for gamle Lærdalsøyri.

 

I 1997 vart Claus Lindstrøm tildelt Lærdal kommune sin høgaste ærespris for kulturarbeid, for sine 40 år med uløna arbeid for gamle Lærdalsøyri. – Ein person med lågmælt og roleg stil, men likevel med sterk og kraftig argumentasjon for si sak, heitte det i kultursjef Jon E. Tamnes sin tale ved tildelinga av prisen.

 

I 2003 fekk Lindstrøm Fortidsminneforeninga si heidersnål for arbeidet med verneområdet på Lærdalsøyri.

 

Det var eit framtidsretta og kløktig reguleringsgrep i Lærdal som mogleggjorde eit livslangt frivillig virke for strandsitjarstaden Lærdalsøyri. Dei oppnådde resultatene frå arkitekt Claus Lindstrøm og hans samarbeidspartnarar i Lærdal er lagt merke til nasjonalt gjennom evalueringsrapporten frå ICOMOS og Maihaugprisen for vernearbeidet på Lærdalsøyri.  

 

Vi har i dag all grunn til å vere takksame for den innsatsen arkitekt Claus Lindstrøm la ned i arbeidet for Lærdal.

 
Hallvard Trohaug,

Arkitekt og bebuar i verneområdet

 
Claus Lindstrøm har gjeve ut fleire bøker om arkitektur og byggeskikk. i 2002 kom boka Mellom øst og vest – Eldre bygninger i Lærdal. Ei grundig og omfattande skildring av byggeskikken i Lærdal, som er særmerkt ved å ta opp i seg trekk frå både austnorsk og vestnorsk byggjemåte.

 

I 2009 kom boka Fattiggutt og frimester – Jan Ludolf Lund – en snekker ved Laugsvesenets slutning, om byggmeistaren som sette sitt preg på mykje av stasarkitekturen i Lærdal.

 

I 2011 kom boka om far hans Arkitekten Johan Lindstrøm, lærdøl og ein sentral skikkelse i den sokalla Bergensskulen.


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar