torsdag 27. februar 2014

Vikenhuset skal rivast - i verdas vakraste ramme

- overskrifta på brevet til Jølster kommune frå Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane.

                                              lånt frå Firda Tidend

Vikenhuset skal rivast, og politikarane nektar å gå ein ny runde. Dette kunne vi lese i Firda onsdag 26. februar. Same dag hadde Utval for plan og utvikling i Jølster kommune vedteke riving. Vedtaket var samrøystes, og gjekk føre seg utan debatt.

Samstundes kjempar lokale krefter i Vikenhusets vener med nebb og klør for å bevare denne perla av eit autentisk hus frå 1930-talet. Dei er støtta av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Riksantikvaren som også peikar på kulturminneverdien til huset.

Når politikarane i Jølster er så ivrige etter å rive Vikenhuset, skulle ein tru at det låg presserande behov for bruk av tomta til særskilte føremål av samfunnsmessig betydning. Men det er ingen konkrete planer for ny bruk av tomta, sett bort frå at det skal anleggast plen.
Argumentet er imidlertid at huset kan hindre sentrumsutviklinga i framtida.

Sett på spissen kan det sjå ut som at Jølster-politikarane no har overprøvd innbyggjarane sitt ønskje om å ta vare på eit kulturminne, som står sterkt i den lokale identiteten, for å få plass til ein grasplen i sentrum. Sett utanfrå heng ikkje dette på greip i ein kommune som brukar slagordet Skaparkraft - i verdas vakraste ramme.

Skal vi snakke om kva som er vakkert, er det nettopp ein bygning som Vikenhuset som kunne ha vore med på å heve den estetiske kvaliteten til Skei sentrum. Dette området som utgjer sjølve ansiktet utad for Jølster kommune, er i stor grad prega av infrastruktur og store næringsbygg med moderne utforming. Ved å setje Vikenhuset i stand, slik dei lokale kreftene ønskjer, ville sentrum kunne ha smykka seg med ei perle som ville underbygge merkevara Jølster som ei bygd der verdiskapinga skjer i kombinasjon med ivaretaking av det vakre og det særeigne.

Vikenhuset vart allereie vedteke rive i 1998, utan at det førte til store proterstar. Vedtaket har i åra frå 1998 til no ikkje vore iverksett, og i mellomtida har det vakse fram eit lokalt engasjement og omsut for huset. Spørsmålet vårt er kvifor det ikkje er mogeleg for politikarane å snu i denne saka, når innbyggarane har gjort det? Det er så lite som skal til. Når huset blir skrapt og måla vil det skinne! Er ikkje dette ei gåve til Jølster, der det fint let seg gjere å ta vare på eit eldre bygg som ein del av utviklinga av sentrum?
Med helsing
Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane

Kontaktperson:
Trude Knutzen Kagenhjelm
styremedlem i Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane

Innkalling til Ekstraordinæt møte i i UPU - Utval for plan og utvikling 4.mars

Lenkje til leiaren i Firda Tidend 26.februar 2014
Lenkje til verdsvevartikkelen i Firda 26.februar 2014
Lenkje til verdsvevartikkelen i Firda Tidend 26.februar 2014.
Lenkje til verdsvevartikkelen i Firda Tidend 28.februar 2014
Vikenhuset var sist omtala på Grindabloggen 18.januar 2013, der er det også lenkjer til tidlegare artiklar.



onsdag 26. februar 2014

Viktig kulturminneverndebatt OG årsmøte Indre Sogn på De Heibergske!


Årsmøtet for Indre Sogn lokallag vert helde onsdag 5.mars klokka 18.00
på De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum, Kaupanger.

De Heibergske Samlingar og Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane set kulturminnevern på dagsorden på ein debattkveld onsdag 5.mars klokka 19.00.

Ein viktig debatt kring kor ulikt me ser på verdien av kulturminna våre.

Innleiarar frå Sogndal kommune, Lærdal kommune, Fylkeskommunen og Fortidsminneforeninga.

Programmet for årsmøtet:
Vanlege årsmøtesaker og
Arbeidsplan for 2014 - kom med innspel.

Verdsvevsida til Dei Heibergske med meir info!

På årsmøtet for Ytre Sogn lokallag i Førde i morgon :
Vanlege årsmøtesaker og
orientere om status for planane om Jensbua bygningsvernsenter.
Lenkje til jensbua.no

Jensbua på Fylkesleksikonet

onsdag 19. februar 2014

Villa Visnes i Stryn - vår felles arv, eller tapt sak?




Brev frå
Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane og Antikvarisk utval

Til
Stryn kommune
Sogn og Fjordane fylkeskommune


Kaupanger, 19.2.2014

 

Villa Visnes i Stryn – vår felles arv, eller tapt sak?

Det har dei føregåande månadane gått føre seg ei sak kring sveitserstilhotellet Villa Visnes (tidlegare Hotel Central, og seinare Stryn husmorskule). Saka gjeld ombygging og bruksendring av deler av bygget, noko som vil føre til utvendige endringar av bygget som nye verandaer og endra takform på trapperom på austsida.

Teknisk utval i Stryn kommune har gjeve rammeløyve til gjennomføring, der Kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune har sendt klage på vedtaket. Grunngjevinga for klagen er brot på verneføresegnene i spesialområdet med føremål kulturminnevern, samt brot på vernestatusen for den konkrete bygningen. Stryn kommune v/Sektorutval for tekniske saker har i vedtak avvist fylkeskommunen sin klage med heimel i Forvaltningslova og at klagefristen ikkje vart overhaldt. Siste formelle rørsle i saka er at Sogn og Fjordane fylkeskommune har påklaga Stryn kommune sin avvisning av klagen.

Tidlegare Hotel Central har nasjonal verneverdi, som sveitserhotell med høg grad av autentisitet i eksteriør, og for ein del også i interiøret. Bygningen fekk, i hovudtrekk, si noverande utforming i 1896 etter ombygging av eit eldre hus. Bygningen fekk då eit karakteristisk hjørnetårn i fire etasjar og mykje utsmykking i fasaden.

I Verneplan for Stryn kommune, er Villa Visnes plassert i verneklasse A. Dette tilseier at bygningen i kulturhistorisk samanheng kan vere av nasjonal interesse. På 1980-tallet vart det gjennomført ei fagleg god restaurering/tilbakeføring av viktige antikvariske element, der m.a. dåverande riksantikvar Stephan Tschudi-Madsen engasjerte seg for eit best mogleg resultat. Slik det framstod etter restaureringa i 1988, vart Hotel Central omtalt som det beste dømet på mellomstort hotell i sveitser-/dragestil som står igjen i Norge i dag.

I samband med istandsetjinga og tilpassing til ny bruk på 1980-talet var både regional og nasjonal kulturminnemynde involvert i form av råd og rettleiing. I denne samanhengen vart eksteriøret og delar av interiøret vurdert som svært verdifulle, og noko som måtte bli bevart, m.a. gjennom tilpassa bruk. I interiøret vart matsalen (King Oscar hall) og trappegangen framheva som særskilt verdifulle. I teikningane til den nye bruken av bygningen på 1980-talet vart det teke omsyn til dette og utarbeida planar som tok vare på både eksteriør og interiør på ein god måte.

 

Noverande eigar, Arne Visnes Berger, har ved fleire høve søkt støtte om tilskot til vedlikehald av bygget, utan å få tilslag på søknadar. I eit brev til Stryn kommune skriv han at det ikkje er haldbart for private huseigarar å ivareta av kulturbygg av nasjonal verdi utan støtte til arbeidet. Han forklarer at han ikkje har moglegheit for å bevare bygningen etter antikvariske prinsipp, og i tråd med føresegnene for spesialområdet. Han oppmoder med det kommunen til å tenke langsiktig med tanke på bruken av bygningen.

Vi ser i desse dagar korleis store ressurssar har vore brukt på å restaurere, og dels rekonstruere Eidsvollsbygningen til den praktbygningen den var i 1814. Dette viser oss at kulturarven har stor verdi for vår felles nasjonale identitet. Slik trur vi også at det er lokalt, der kulturminne og kulturmiljø vil bli sårt sakna dersom dei skulle gå tapt. Storbrannen i Lærdal i januar sette desse kjenslene i oss på prøve, og det rørte ved oss!

I dette høvet er det viktig at det nasjonalt viktige kulturminnet Villa Visnes ikkje må bli øydelagt på grunn av ein strid om formalia og sakshandsamingsfeil mellom Stryn kommune og kulturavdelinga i fylkeskommunen. Her må Riksantikvaren gripe inn og få orden på sakene. Ei mellombels løysing vil vere midlertidig freding, der det samstundes blir lagt planar om vidare oppfølging av vedlikehaldet og ivaretakinga av kulturminnet. Skjer ikkje dette, vil vi bli vitne til at ein del av vår felles identitet går tapt. 

 

Med helsing

Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane og Antikvarisk utval

 

 

tirsdag 18. februar 2014

Årsmøte for Ytre Sogn og Sunnfjord lokallag

Torsdag 27.februar 2014 kl 19.00
Møtestad: Sunnfjord Næringsutvikling sine lokale i Førde rådhus, Hafstadvegen 42.

Alle medlemmer i Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord er kalla inn til årsmøtet.

Vi startar med ei omvisning i det nye Førde rådhus.
Årsmøtet skal handsame desse sakene:
  1. Val av møteleiar
  2. Årsmelding for 2013
  3. Rekneskap for 2013
  4. Val av eitt styremedlem for 2 år.
  5. Val av 2 varamedlemer for eitt år.
  6. Val av valnemnd: 1 person er på val og eitt varamedlem.
  7. Val av revisor.
  8. Val av 8 utsendingar til årsmøtet i Sogn og Fjordane avdeling
  9. Arbeidsplan 2014
Etter årsmøtsakene vil Ove Losnegård orientere om status for planane om Jensbua bygningsvernsenter.
 
Velkomen!

Førde/Kaupanger, 14.02.2014
 Åshild Kjelstad Seljesæter
-leiar-

Jon E Tamnes
-skrivar-

onsdag 5. februar 2014

Utløa - Kulturminne for fall? Sundagseminar 1-2014

Komande sundag 9.februar kl. 20.00 vert Sundagseminaret 1-2014 halde i Kyrkjestova i Vik i Sogn.

I det gamle landbruket var utmarka ein viktig del av livsgrunnlaget.
Dei mange utløene  i Vik kommune er synlege minne om storstila slått og lauving i utmarka. No er utløene til overs. Mange er vekke, og fleire vil fylgja.
Kva gjer det med kulturlandskapet vårt ?

Vik Lokalhistoriske arkiv har registrert 850 løer i Vik, Arnafjorden og Vangsnes, og har starta arbeid i Feios. Fresvik skule har  utført registrering i Fresvik.

Program:
- Presentasjon av boka «Utløer i Vik,Vangsnes og Arnafjorden»
- Utløer i Fresvik
- Historie og byggeskikk
- Fotokavalkade, utløequiz, m.m.

Enkel  servering

NB i KYRKJESTOVA !

Vertskap:  Arne Inge Sæbø  og Ottar Wiik
Inngang kr. 40.

Arr.: Vik Lokalhistoriske arkiv og Vik Historielag
 
 Tenoldsmarki
 Hovsåsen
 
Hellane, Framfjorden