mandag 17. desember 2012

Nådde ikkje fram med klage på plassering av servicebygget til Hopperstad kyrkje

Foto Ottar Stadheim NRK 
 
Formannskapet i Vik har handsama klagen som Fortidsminneforeninga hadde på plasseringa av servicebygget til Hopperstad kyrkje.
 
I Sogn avis vert sakshandsamar Ottar Wiik sitert med at Fortidsminneforeninga har eit svakt grunnlag for klagen. Riksantikvaren har vore oppteken av at det ikkje vert gjort inngrep inntil kyrkjehaugen, og dei er tilfreds med utkastet.

Kommunestyret har avgjerdsmynde i saka - lenkja til saka.
 
 
 
Dessutan: 
Faksimile av Sogn avis sin artikkel knytt til Formannskapet 10.desember si handsaming av saka og i Kommunestyret 18. desember.:

Larsenhuset vert ståande på Aurlandsvangen


Arkivbilete frå Sogn Avis - der også Breisneshuset er med.
Ordlyden i vedtaket i Aurland kommunestyre:

"13.12.2012 KOMMUNESTYRET

Handsaming i møte:

Marianne Holme gjekk frå som ugild, Sigurd Vikesland møtte som vara.

Per Are Flåm bad om at det vart teke opp sak om sal av Larsenhuset.


KS-143/12 VEDTAK
Kommunestyret vedtek Reguleringsendring for del av Aurlandsvangen, alternativ 1, i medhald av Plan- og bygningslova §12-12.

Samrøystes"

Marianne Holme har lenge hatt ynskje om å nytte Larsen-huset til kafe og bakeri-utsal.

Varaordføraren er sitert i dagens papir- Sogn avis med at det i vedtaket er det eit krav om at den nye eigaren får eit år på seg til å starte med rehabilitering (...)
At kjøparen til dømes startar med å tetta med bly rundt skorsteinen, slik at regnvatnet slutta å renna inn i huset, bør vera bra nok. Det vil syna at rehabiliteringa er i gong, sa Erling M. Nesbø.
 
Aurland sine Flickrbilete: Aurlandsvangen 1956, mange hus også Larsen-huset er merkt. 

Lenkje biletserie frå Aurland kommune - 2009, rivinga av det næraste huset, Breisnes-huset

fredag 14. desember 2012

Ny bruk av gamle hus - Glasverkstad og butikk i Skjerdalsjøbui på Aurlandsvangen

Artikkelen frå bladet Aurlandingen 11/2012:
Offisiell opning av glasverkstaden

Merete Rein opna glasverkstad og butikk 1.desember.

Gledeleg aktivitet på Aurlandsvangen - Larsenhuset og Skjerdalsjøbui

Kva vil ein med gamle hus, - er riving for å opne siktlinja mot fjorden ein akseptabel grunn?
Mobilisering for Larsenhuset - 2 artiklar frå bladet Aurlendingen


Biletet er lånt frå Aurlendingen Nr 11 - 2012 - viser dugnadsgjengen som gjorde Larsen-huset klar som desemberopen-kafe.

I går på Lucia-dagen var lussekattane og den varme sjokoladen med krem - heilt nydelege!
Marianne Holme har i fleire år hatt ynskje om å bruke Larsen-huset til kafe og utsalsstad for varer. Larsen-huset eit kommunalt eigd hus.

I nabobygget Skjerdalsjøbui har Merete Rein opna glasverkstad og butikk - der er eigarskapen knytt til Spar Aurland v.Skjerdal.

Saksdokumentet til Aurland kommunestyre 13.12.2012
Kjem attende med vedtaket

Artiklane frå Aurlendingen 11/2012:

tirsdag 11. desember 2012

Tidlegare rådmann leiar Indre Sogn lokallag av Fortidsminneforeninga

Den tidlegare rådmannen i Lærdal kommune, Lasse Sælthun, vart samrøystes vart valt til fyrste leiar av det nyskipa lokallaget under Sogn og Fjordane avdeling. Med seg i styret får han Jarle Sandvik, Aurland, Bente O Opsvik, Lærdal og Beat Friedrich, Solvorn, og Christen Knagenhjelm, Kaupanger, som varafolk. Det nye lokallaget femnar dei åtte kommunane Vik, Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Sogndal, Leikanger og Balestand. Fortidsminneforeninga vil nytte organisasjonsendringa, som no pågår over heile landet, til å styrke det lokale engasjementet for bygningsvern.


Indre Sogn lokallag av Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane avdeling stifta 10.11.2012

I går vart det helde ekstraordinært årsmøte i Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane avdeling og stiftingsmøte for Indre Sogn lokallag på museet på Kaupanger.

Det vart vald eit interimstyre på tre personar og 2 vara som skal fungere fram til årsmøtet som skal haldast før 1.mars.

Pressemeldinga kjem seinare!

 

søndag 9. desember 2012

Skipingsmøte for Indre Sogn lokallag

Skipingsmøte på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum 10.12.2012, kl 19.30
Før skipingsmøtet av lokallaget, er det ekstraordninært årsmøte kl 19.00.
Velkomen til to korte møter etter førjulshygge på museet!

Det er Førjulskveld med fjøsnisse, kanefart, julegraut og julehandel kl 15-19 på museet!
Lenkja til Førjulskvelden

Forslag til vedtekter:

Organisasjonsendring i Fortidsminneforeninga

fredag 7. desember 2012

Vikenhuset på Skei

I følgje avisa Firda Tidend gjev Vikenhusets venner opp å redde Vikenhuset på Skei i Jølster.
Jølster kommune skal ha budsjettert med 200.000 i rivingskostnader...
Er det verkeleg naudsynt av Jølster kommune å nytte dei strengaste krava i samband med renovering av huset? Skal tilsvarande krav gjelde alle eldre bygningar i Jølster - då er det dårlege utsikter for bygningsarven i Jølster.

"Sjela på Skei - Firda Tidend 9.11.12
Leiar: I eitt år har dei kjempa for å berge det særmerkte Vikenhuset i Skei sentrum frå riving. Men no er Vikenhusets Vener i ferd med å kaste inn handkledet. Redningsaksjonen er i ferd med å havarere. Årsaka er dei strenge krava som vert stilte. Her er det ikkje snakk om berre å rehabilitere og pusse opp igjen det ein gong så staselege huset, slik at ein kan ta det i bruk til ulike gode føremål. Nei, krava som kommunen har stilt er i praksis så strenge at det vert umogeleg å få til.

Krava går på sokalla universell utforming og inneber m.a. at det må installerast ein heis i huset. Når det skal plasserast ein personheis i eit gamalt tømrahus, treng ein ikkje ha mykje fantasi for å sjå føre seg at dette vert dyrt. Dessutan vil det øydelegge mykje av huset innvendig, for ein kan ikkje forandre fasaden på huset med ein utvendig heis. Skal vi seie vår ærlege meining, så er dette heilt meiningslaust. Det er ikkje brukt fornuftig skjønn i denne saka. Det er eit godt døme på slik vi har fått det i dette landet, ein har fått so mange påbod, reglar og stort byråkrati, der både dei og politikarar er redde for å gjere feil, at den sunne fornuft har vandra ut av saker som dette."

Meldinga på Jølster kommune sine verdsvevsider - sist oppdatert desember 2011

I ein e-post til kommunestyrerepresentantane skriv Vikenhusets vener at dei ikkje maktar dei økonomiske sidene ved redningsaksjonen. Dei som i eitt år har kjempa for å berge det særmerkte Vikenhuset på Skei frå riving, ser no ut til å måtte kaste inn handkledet. Dei som i eitt år har kjempa for å berge det særmerkte Vikenhuset på Skei frå riving, ser no ut til å måtte kaste inn handkledet.

Oppfølgaren frå Frp - ikkje verre å ha huset ståande enn å ha Fjøsen der. Firda Tidend 5.desember
Kommunen bør tilby Vikenhuset gratis til interesserte. Det bør følgje med eit kommunalt tilskot, slik at huset kan pussast opp og bli brukt til bustad, seier FrP-politikar Johannes Juklestad.

Oppfølgaren frå Høgre - hindrar utviklinga av sentrum på Skei. Firda Tidend 7.desember
– Å ha eit bustadhus så kloss inn i kommunehuset vil bli ei evig hovudpine, seier gruppeleiar for Høgre i kommunestyret, Anders Kristian Sægrov

lørdag 1. desember 2012

Ytre Sogn og Sunnfjord lokallag av Fortidsminneforeninga er skipa

 
 
På eit godt besøkt skipingsmøte 1 desember 2012
vart Åshild Kjelstad Seljesæter valt til leiar i Ytre Sogn og Sunnfjord lokallag.
Ho får Siren Juliussen og Trygve Heggheim med seg i interimsstyret -
gratulerer til alle tre og lukke til med arbeidet!