søndag 28. april 2013

Sommaren er komen til Borgund og Urnes - sesongopning!

Borgund stavkyrkje og besøkssenter opnar onsdag 1.mai klokka 10.00!
Opningstider og meir info om stavkyrkja og senteret på Borgund i Lærdal.

Urnes stavkyrkje opnar torsdag 2.mai klokka 10.30
Opningstider og meir info om stavkyrkja på Ornes i Luster. 

torsdag 18. april 2013

6 million kroner til 26 prosjekt i Sogn og Fjordane frå Kulturminnefondet.

Norsk kulturminnefond har i styremøte handsama 620 søknader om prosjektstøtte, no er lista over dei 336 prosjekta som har fått stønad offentleggjort.
Kulturminnefondet fortel på verdsvevsida si at søknadane også i år
har hatt stor tematisk og geografisk spreiing.

For Sogn og Fjordane vart det tildelt kr 6 005 000 til 26 ulike prosjekt:
Omtalen i Firda - bilete knytt til restaurering av produksjonshallen i Stongfjorden
Omtalen i Sogn avis - biletet knytt til Kaupanger hovedgård
Pressemelding Sogn og Fjordane Fylkeskommune - bilete knytt til Gamle Innvik Ullvarefabrikk.
Lista over dei ulike prosjekta og tilsagnsbeløpa:




tirsdag 16. april 2013

Bilete frå Rønsetlia - ein husmannsplass i Hyllestad - og mellombels gode meldingar frå Vik!



Leiaren i fylkesavdelinga legg mange gode bilete frå prosjekt ut på FB-sida si "Ove Losnegård snikkar og båtbyggjar".
Ein av biletseriane er frå Rønsetlia høgt over Åfjorden i Hyllestad kommune.

10. april hadde vi dette innlegget om brannberedsskapen i Vik og Luster.

Rådmann og tilsette i Sogn Brann og Redning hadde møte i går 15.april, etter møtet kom desse meldingane:
Nrk SFj Vik utset ny brannordning
Sogn avis Set ny ordning på vent 

mandag 15. april 2013

Ikkje heilt nyhende frå Florø, - saknar nyhende frå kysten!

Skisse og foto Ann-Kristin Strømmen

I Firdaposten var det for ei stund sidan denne artikkelen om Hellesenbua, det vert referert til Holmebua, siste verdsvevartikkel vi finn, er frå i fjor.

Vi er glade for skanna utgåver og artiklar frå kysten og Sunnfjord også!

lørdag 13. april 2013

Tildelte stønadsmidlar frå Riksantikvaren


Sogn avis sin artikkel frå fortel om dei ulike prosjekta i fylket som har fått tilskot.

Futegarden Askelund, Balestrand 340.000
Lindstrømnaustet, Lærdal 750.00
Yris hotel, Eid 200.00
Sveen gard hovudhuset, Gaular 300.000
Tingvoll, Stryn 325.000
Bispestova i Lavik, Høyanger 895.000
Bensentunet, Jølster 60.000
Synneva Eris hus, Lærdal 50.000
Kaupanger hovedgård brannkjellaren 30.000
og restaureringsleiar freda bygg 250.000
Hagevik tønnefabrikk, Vågsøy 100.000
Handels og gjestgjevarstaden Vågsberget 200.000
Svanøy, hovedhuset 30.000
og restaureringsleiar freda bygg 120.000
Dette er tala frå Sogn avis

Her finn du den skanna artikkelen:

onsdag 10. april 2013

Fekk ikkje medhald hjå Fylkesmannen i klagesak

Sogn avis fortel om utfallet av klagesaka der Fortidsminneforeininga ikkje får medhald i klagen mot det planlagde servicebygget ved Hopperstad stavkyrkje.

Avgjerda var som forventa - viser også til blogginnlegget frå 16.januar  og 18.desember.

- og meldinga på Fortidsminneforeninga si verdsvevside.

Vik og Luster endrar brannberedskapen frå 1.mai



Eigedomssjef Eli-Sofie Thorne fortel at Fortidsminneforeninga ikkje kjende til kutta i brannberedskapen før NRK ringde og fortalde om dette.

I denne artikkelen i Nrk Sogn og Fjordane fortel ordførar i Vik og brannsjef i Sogn brann og redning, Johnny Skjerping kvifor det ikkje er naturleg å varsle eigarar av kulturminne.

Etter møte i dag, 15. april har Nrk denne meldinga Vik utset ny brannordning.
- og møtet er referert slik i Sogn avis: Set ny ordning på vent.
Foto Nrk/Fortidsminneforeninga
 


tirsdag 9. april 2013

Vi utvidar Grindabloggen med nye sider - vil du bidra?

På høgresida i linja ovanfor er det nye sideoverskrifter:

Prosjekthistorier , Publiserte artiklar og Informasjon og referat - møter og arrangement

Vi ber alle om å bidra og å gjere oss merksame på artiklar som kan nyttast!

mandag 8. april 2013

Eit godt årsmøte i Vik i Sogn 7.april

Fylkesavdelingsstyret - attval på dei som var på val, elles ny styremedlem Ottar Wiik

Styret 2013:
Frå v. :Ove Losnegård leiar, Torkjell Djupedal, Trude Knutzen Knagenhjelm
og Stig A. Nordrumshagen.
(Ottar Wiik var sjuk)
varamedlemmer til styret er Asbjørn Tyssen, Anne Marie Flateby og Edvard Faleide.

Lokallagsleiarane
Lasse Sælthun - Indre Sogn og Åshild Kjelstad Seljesæter -Ytre Sogn og Sunnfjord

Møtelyden vert ynskte velkomne ved talkummølla i Framfjorden.

Gunnar Lee gav møtelyden god innsikt i historia og produksjonsmetodane!
 Inne i mølla

 Ingebjørg Skjerven, eigar av Smia, gav møtelyden god innsikt i historia og framtidsvyane!
 
Vi takkar Kari Wiken&co for godt arbeid med årsmøtearrangementet i Borgstova på Viksøyri!
 
Vi imøteser fleire betre bilete!
Vi kjem attende med årsmelding og arbeidsplan.

fredag 5. april 2013

Losjehuset på Lærdalsøyri går mot betre tider!

Losjehuset på Lærdalsøyri frå 1906 er i endring med hjelp frå Fortidsminneforeningen.
Eigar - Lærdal kommune.
 
Illustrasjonsfoto lånt frå Porten.no - uvisst årstal
 
Illustrasjonsfoto lånt frå Sogn avis 2012
 
Illustrasjonfoto frå Fortidsminneforeningen 3.april - med stillas




Illustrasjonsfoto frå Fortidsminneforeningen 4.april 2013 -
utan stillas - og med snekker frå firmaet Johnny Sjøtun.




Fyl med i neste bolk!
 
Lenkjer til nokre av nettartiklane om Losjehuset dei siste åra:




torsdag 4. april 2013

Årsmøte med to spanande omvisninger i Borgstova i Vik i Sogn 7.april

Påminning om årsmøtet i Sogn og Fjordane avdeling søndag 7.april.
Alle medlemmene er innkalla pr e-post eller brev.

Oppmøte Kommunehuset klokka 11.00
Samkøyring til Talkummølla i Framfjorden - her er eit tidlegare blogginnlegg

12.30 Omvisning i Smia - flyttinga er omtala i denne Nrk-artikkelen

13.30 Lønsj i Borgstova - Artikkel frå sffarkiv.no

14.00 - 16.00 Årsmøte

Husk å melde frå at du kjem - slik at alle får lønsj!