torsdag 26. juni 2014

Prestebustaden i Sogndal

Prestebustaden i Sogndal vart redda frå avfreding i januar 2013.
I dag melder Sogn avis - Sigrid Svartefoss -
at Prestbustaden skal pussast opp slik at den vert bustad for spesialpresten.

Sjå artikkelen frå Sogn avis

Sjå verdsvevartikkelen frå Grinda 1.februar 2013

onsdag 4. juni 2014

Jølster kommune sa nei til Fortidsminneforeninga.

Lenkje til verdsvevartikkel i Firda og brevet til Jølster kommune, sjå nederst.
      foto Svein Heggheim Firda

Formannskapet vil ikkje gå i vidare drøftingar med Fortidsminneforeninga om framtidig bruk av Vikenhuset, vedtaket var endeleg og vert ikkje teken oppatt utan att Fylkesmannen tek klagen frå Fortidsminneforeninga til følge.

Jacob Andre Sandal, gruppeleiar i SV, vert i artikkelen referert slik:
"Det er ingen tvil om at Fortidsminneforeninga har gode intensjonar, men tilbakemeldinga er for lite konkret og bindande både med tanke på drift og finansiering..."
"Han undra seg over kva agenda Riksantikvaren kan ha ved å vende seg fleire gonger i prosessen:
– Det får meg til å lure på om han har ei agenda. Viss han vurderer freding bør han seie det i staden for å sende desse e-postane.."
 
Jan Ove Flate er referert slik om Riksantikvaren "Det blir meir til irritasjon enn eit innspel frå ein seriøs aktør på nasjonalt plan..."

Ove Losnegård var med i forhandlingane, han er tidlegare leiar av Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane - no styremedlem, skreiv dette på Fjesboki i går:
Svært trist melding frå Jølster i dag: Formannskapet har samrøystes vedteke å halde fast på rivingsvedtaket for Vikenhuset. Avgjerda er endeleg og skal ikkje opp i kommunestyret. Det er tydeleg at "forhandlingane" med Fortidsminneforeininga var eit einaste stort spel for galleriet.

Det vart i formannskapet hevda at tilbodet frå oss ikkje var bindande og forpliktande nok. Vi lova utvendig opprusting og maling i sommar, restaurering av vindauga som kurs til hausten, restaureringsplan i løpet av hausten og ferdig restaurert før 2017. Er ikkje det forpliktande? Om kommunen ynskte meir, sa dei det iallefall ikkje til oss.

Jølster kommune har leika med vårt oppriktige engasjement for kulturminna generelt og Vikenhuset spesielt. Det er trist, men aller verst er det at kampen om det flotte kulturminnet Vikenhuset kan vere tapt.

Skal vi lenke oss?
 
Firda sitt referat 3.juni.

Brevet til Jølster kommune - som er for lite konkret og bindande med tanke på drift og finansiering

E-post 4.6.2014 Geirr Olav Gram - rådgjevar hjå Riksatikvaren