torsdag 28. mai 2015

Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane avdeling ynskjer velkommen!

Programmet for Representantskapsmøtet er nederst i artikkelen!
Ein presentasjon av møteplassane under Representantskapsmøtet:  
 
 
Foto BenteOO
 
 
Luftfoto frå Lindstrøm hotel si nettside
 
 
Nrk fylkesleksikon om Kapteinsgarden på Ljøsne
Foto Ole Fredheim
 
 
Frå verdsvevsida til Fortidsminneforeningen om Borgund stavkyrkje 
 
 
Om Vindhellavegen i Allkunne
Foto K. Knudsen 1890
Meir om vegen over Filefjell
  
 
Allkunne om Husum hotel 
Foto: Nrk Kjell Arvid Stølen
 
 
 

fredag 17. april 2015

Husk årsmøtet for avdeling Sogn og Fjordane på søndag


Gamle kommunehuset i Dale i Sunnfjord - Foto Luis Alves

Søndag 19.april 2014
10.50 Frammøte Gamle kommunehuset Dale i Sunnfjord
11.00 Guida vandring til verdfulle kulturminne i Dale med Ove Losnegård og Stig Nordrumshaugen.

12.30 Lønsj i Gamle kommunehuset

13.30 Årsmøte. vanlege årsmøtesaker inkludert arbeidsprogram, orientering om budsjett og at årets representantskapsmøte er i Lærdal.

15.50 Heimreise.

For meir info
kontakt sms 91639648 eller sognogfjordane@fortidsminneforeningen.no  eller 57678840

tirsdag 3. mars 2015

Trude Knutzen Knagenhjelm - ny styreleiar i Indre Sogn lokallag.


Trude K. Knagenhjelm                                                        (foto privat)
   
Årsmøtet i Indre Sogn lokallag valde samrøystes Trude Knutzen Knagenhjelm, Kaupanger, som ny styreleiar etter Lasse Sælthun. Med seg i det nye styret får ho Malén Røysum frå Leikanger og Siv Kjersti Schmidt frå Marifjøra. Varafolk er Beat Friedrich, Solvorn, og Ottar Wiik, Vik.
Trude er arkeolog med hovudfag frå Universitetet i Bergen (2004). Ho arbeider no for landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og har m.a. ansvar for kulturlandskap og miljø. Dei siste åra har ho hatt sine arbeidsområde innan regionale- og lokale utviklingsprosjekt, strategiarbeid og forvaltningsplanlegging for kulturminne-, verdsarv- og naturområde. I tillegg til arbeidet hos Fylkesmannen driv ho bedrifta Knaken i lag med mannen, Christoffer Knagenhjelm.
Som utsendingar med røysterett på fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane avdeling av Fortidsminneforeninga valde årsmøtet i lokallaget følgjande åtte: Trude K. Knagenhjelm, Malen Røysum, Siv Kjersti Schmidt, Beat Friedrich, Ottar Wiik, Lasse Sælthun, Hallvard Trohaug, Jarle Sandvik. Som varadelegatar vart Bente O Opsvik og Arne Jon Barlinn valt.

mandag 23. februar 2015

Årsmøte Indre Sogn lokallag i morgonkveld!

Vi møtest på Knaken - kaféen i den gamle sauefjøsen på Kaupanger hovedgård.
Kaféen ligg rett ved Kaupanger stavkyrkje.

Årsmøtet 24.februar tek til klokka 19.00

1. Val av møteleiar
2. Årsmelding for 2014
3. Rekneskap for 2014
4. Val av styre - ( 2 medlemmer for 2 år, inkludert leiar og to varamedlemmer er på val.)
5. Val av valnemnd - ( eit medlem er på val.)
6. Val av revisor
7. Val av utsendingar til årsmøtet i Sogn og Fjordane avd.
8 Arbeidsplan for 2015 - innspel.

Kaffimaten er sveler!