fredag 21. mars 2014

Fylkesmannen - vedtak i klagesak som gjeld klagerett for Vikenhusets vener

Pressemelding frå Vikenhusets vener



Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, 20.03.2014

Vedtak i klagesak som gjeld klagerett for "Vikenhusets vener", Jølster kommune:

mandag 10. mars 2014

Kirkevollen i Førde

Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane ber Førde kommune sterkt om ikkje å godkjenne søknaden om løyve til å byggje eit nytt bustadhus på Kirkevollen.
Brevet frå Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane avdeling er under bileta.

Bileta av den freda bygningen - er lånt frå Torkjell Djupedal sin verdsvevartikkel - Fylkesarkivet. 


Torkjell Djupedal om Kirkevollen - Sogn og Fjordane Fylkesarkiv - 2001:

Saksdokument Førde kommune Planutvalet:
DokumentID: 13/16528 Søknad om dispensasjon frå LNF-gbnr 21/19

Dei ulike dokumenta og illustrasjonane.


  



 
 

                         FORTIDSMINNEFORENINGA
The Society for the Preservation of Norwegian Ancient Monuments
 
Sogn og Fjordane avd., Vestreim, N-6854 Kaupanger

                                            Kaupanger, 09.03.2014


Førde kommune Planutvalet Postboks 338
6802 Førde
 
(Sendt per e-post: postmottak@forde.kommune.no)
 
 
 
Kirkevollen i Førde
 
Gjennom Firda og på andre måtar kjenner Fortidsminneforeninga til at eigarane av Kirkevollen har søkt om løyve til å dele frå ei 900 kvardratmeter stor tomt for eit nytt bustadhus på 250 kvadratmeter, fordelt på fem einingar og plassert over skråninga ned mot Garvarhola. Det nye byggverket skal vere i betong, eller noko som liknar svært på massiv betong, og delvis ligge i fri luft ut over ravineskråninga, kvilande på bastante fundament i betong.
 
Kirkevollen vart skild ut frå bruket Falkenstein i 1823, og var ei stund bustad for lensmann og seinare doktor. Det freda hovudhuset er frå Svanøy og truleg bygt på slutten av 1700-talet. Tunet er ein del av det gamle embetsmannsmiljøet på Skei, og hovudhuset på Kirkevollen er det einaste av desse bygningane som er freda. Eigarane har teke godt var på huset og dei andre bygningane i tunet. Dei har alle eit godt, kulturhistorisk preg.
 
Kirkevollen er å rekne som eit av fire embetsmannstun som er igjen på Skei. Også hovudhuset på Falkenstein var freda, men det vart rive i 1963. Denne bygningen kom frå Dale, og var ei tid kontor for den kjende sorenskrivar Hans Arentz. Også hovudhuset på lensmannsgarden Brulandsbakken var freda, men vart rive i 1977, etter kommunal godkjenning, trass i protestar frå antikvariske styresmakter.
 
Verdiar ved Kirkevollen
Kirkevollen er ein del av eit antikvarisk og kulturhistorisk rikt område frå prestegarden i aust, via kyrkja til Løken like nedanfor Kirkevollen. Her er enno ein opning, ein akse, frå Løken og dei indre Øyrane innover terrassane på Skei. Dette er det einaste litt større området som er igjen i Førde med eit nokolunde uforstyrra miljø av bygningar som er meir enn 100 år gamle. Desse restane i Førde kan vi samanlikne med større utgåver som Bryggen i Bergen, Gamle Stavanger, Sjøgata i Mosjøen og Gamle Fredrikstad. Dette er miljø som i dag har høg status og stor attraksjonsverdi, bydelar som folk flest er stolte og glade over, og som dei ikkje for nokon pris vil misse. Ein gong var det mange som ikkje såg noko poeng i å ta vare på dei.
Stripa aust og vest for kyrkja har store opplevingsverdiar, i tillegg til dei antikvariske og kulturhistoriske.  Eigarane held husa ved like, og heile stroket har stor autentisitet. Ein vesentleg kvalitet er området er utan nye bygningar i avvikande arkitektur. På Skei budde mange av dei menneska som før 1900 hadde kontakt med verda utanfor Førde, og som gav Førde den tids eigenart samanlikna med dei andre tettstadene som ligg der dalane møter sjøen. Diktarar som Elster senior og junior, Christensen og Fasting hadde sine røter i Førde og er enno namn i den norske litteraturhistoria.
 
Skogen og gjelet (Garvarhola, også kalla Fougnerhola) frå Kyrkjevegen og ned til Løken er ein geologisk og botanisk oase i eit elles tett utbygt strok. Nede i gjelet står enno grunnmuren etter huset som garvaren (Fougner) budde i. Her er berre nokre meter frå velstanden oppe på reina til den fattige strandsitjaren, ein historisk og enno synleg kontrast.
Identitet er noko som veks fram over tid – eit resultat av historia. Identitet er ei samkjensle som er knytt til eit varig særpreg, noko som skil ei gruppe eller ein stad frå andre. Ingen byggjer identitet på kort tid eller etter ein spontan plan.  Felles verdiar treng til å utvikle seg.
Antikvarisk, kulturhistorisk og som identitetsberar er Kirkevollen noko av det mest verdifulle som er igjen i Førde tettstad. Det gamle Førde sentrum er elles så rasert og forvitra at restane av det gamle står igjen som fortapte attergløymer. Det er vårt inntrykk at mange i Førde meiner omskiftet har gått for langt, og at det er viktig å sikre dei få kvalitetane som er igjen. Kirkevollen er ein av dei.
 
Konsekvensar av det planlagde byggverket
Sakspapira viser at det er ikkje plass til dei nye bygningsdelane utan å gå ut over gjelet med eit kraftig fundament som er tungt og bastant i utforminga. Bygningskroppane er – i betong eller noko som liknar svært på betong – massive. Dei har eit langt meir bastant preg enn dei trehusa som står der, sjølv om delar av veggane er teikna i glas. Det er søkt om løyve til ein bygning som etter vår oppfatning ikkje er tilpassa terrenget og heller ikkje dei andre husa på staden. Dei fell ikkje inn i terrenget når dei stikk ut i lufta, på eit kunstig fundament i gjelet. Både i materialval og utsjånad avvik det nye sterkt frå dei
eksisterande bygningane, sjølv om takvinkel og dimensjonar reint geometrisk på ein måte er i samsvar med dei uthusa som står der. Men det er langt frå berre geometrien som avgjer korleis vi oppfattar ein bygning eller andre ting.
 
Volumet av den nye bygningsmassen er stort, samanlikna med dei raude trehusa. Dette vil, i lag med det harde uttrykket i den nye arkitekturen, gjere at det eksisterande tunet kjem i skuggen av det nye, sett frå Kyrkjevegen. Frå før er Kirkevollen delvis innbygd av bustadhus ved innkøyringa til tunet. Endå ein barrikade vil komme dersom kommunen svarer ja på den nye søknaden. Tunet vert i stor grad isolert frå den samanhengen det no står i, som ein del av byggeskikken frå 1800-talet i beltet frå Toene til Løken.
 
Fordi den nye bygningsmassen er stor og plassert heilt tett inn på den eksisterande, og fordi uttrykket i det nye er så heilt annleis enn i det gamle, er det etter vår oppfatning planlagt ein arkitektur som bryt brutalt den som er der no. Det vert ein kollisjon mellom ein etablert byggjeskikk som høyrer distriktet og Førde til – bygningar står i ein historisk samanheng på staden – og ein ny, stadlaus arkitektur som kunne vore plassert kvar som helst. Dominansen av det nye vert sterkare ved at det nye får ei heilt anna plassering i terrenget enn det gamle. Hovudhuset og dei raude bygningane står trygt og roleg på den flate terrassen; det nye strekkjer seg ut over gjelet på ein måte som understrekar at det er krev ein annan konstruksjon enn i dei gamle trehusa. I heile sitt vesen er det nye ein ekstrem og uheldig kontrast til det gamle, ein kontrast som vil overmanne det tradisjonelle.

 Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane er usamd i påstanden frå Hilleren prosjektering AS
 (i brev 26.6.2013) om at denne tilveksten (det nye bustadhuset) er
en ypperlig mulighet for å se til å sikre at tunet blir ivaretatt med sine kvaliteter videre fremover”,     og at ny bustad på tunet vil vise at Førde sentrum, med det flotte området,

står for en estetisk planmessig utvikling, samtidig som det eksisterende blir ivaretatt”.
Dersom nye arkitektoniske uttrykk skal falle godt saman med dei gamle, må det kulturhistoriske må ha førsterett på staden, ikkje komme i ei underordna stilling, som skissene fortel vil bli resultatet i dette tilfellet. Kirkevollen har sitt preg som eit frittliggande tun frå 1800-talet. Dette er det planlagt å gjerde inne av ein nymotens betongkonstruksjon, så tett inn på trehusa at det vil arte seg som ein okkupasjon, eit sigrande åtak på den identiteten som Kirkevollen har med kombinasjonen av bygningane, terrenget, landskapet og historia. Slike historiske kvalitetar treng ikkje noko utvikling for å stå deg i framtida.


Konklusjon

Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane vil så sterkt vi kan be Førde kommune om ikkje å godkjenne søknaden om løyve til å byggje eit nytt bustadhus på Kirkevollen.

 Grunnane er:

Embetsmannstuna frå Toene og via kyrkja til Kirkevollen er det einaste stroket som er igjen i Førdemed ei samling av det vi kan kalle historiske bygningar. Dette er dei materielle restane av den litt eldre busettingshistoria i Førde, og tuna står sentralt i den identiteten Førde har som tettstad. Eigarane held både hus og tun godt vedlike. Det er ein viktig kvalitet at samlinga av tun er bortimot intakt, utan nye bygningar i avvikande arkitektur.


Hovudhuset på Kirkevollen er freda, og tunet er ein harmonisk heilskap. Det er søkt om løyve til ein bygning som etter vår oppfatning ikkje er tilpassa terrenget på staden og heller ikkje dei andre husa i tunet. I heile sitt vesen er det nye ein ekstrem og uheldig kontrast til det gamle, ein kontrast som vil overmanne det tradisjonelle. Ein grunn til dette er at dei nye bygningskroppane vil komme heilt tett i dei som står, med eit arkitektonisk krav om råderett. Dei gamle husa vert den tapande parten i kollisjonen mellom det tradisjonelle og det nymotens.

 
Med beste helsing,

Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane

 

Ove Losnegård, styreleiar                               Jon E Tamnes, dagleg leiar post@ovelos.no   97 07 91 39                                                            sognogfjordane@fortidsminneforeningen.nom

tlf. +47 57 67 88 40
besøksadr.: Vestreim, 6887 Kaupanger
org.nr. 971 363 231
fax +47 57 67 88 89
bankkonto: 3720 07 18217

Årsmelding 2013 - Indre Sogn lokallag - 23.februar 2014

Årsmeldinga for Indre Sogn lokallag:

Skipingsdato 10.12.2012
Virkeområde (geografisk): Kommunane Vik, Aurland, Årdal, Luster, Sogndal, Leikanger og Balestrand.

lørdag 8. mars 2014

Synneva Eris hus på Gamle Lærdalsøyri - årsmøteresolusjon - lokallag Indre Sogn


              Illustrasjonsfoto - Riksantikvaren


Sendt til Sogn og Fjordane fylkeskommune - kulturavdelinga
                           kopi til Lærdal kommune
 

Synneva Eris hus på Gamle Lærdalsøyri. Spørsmålet om avfredningsvedtak.

Synneva Eris hus på Gamle Lærdalsøyri gjekk som kjent med i storbrannen i Lærdal 18.-19. januar i år. Etter det vi har sett i pressa vurderer fylkeskommunen avfredning av denne bygninga. Fortidsminneforeninga, avd. Indre Sogn ynskjer å kome med følgjande uttale når det gjeld dette spørsmålet:

Dei aller fleste tidleg fredingar har vore einskildanlegg, som t.d. Synneva Eris hus i 1923. Tidleg på 1970-talet vart det mogleg å regulere heile område til bygningsbevaring, då vart verneområda på Lærdalsøyri den andre staden i landet som nytta denne nye moglegheita (etter Gamle Stavanger). Dette talar for at eigedomen sin fredningsstaus ikkje bør endrast før ein har fått ein grundig, fagleg kompetent gjennomgang av verneverdiane i både verneområdet og i Synneva Eri-anlegget.Synneva Eris hus sin markante plassering i inngangen til strandsitjarstaden Lærdalsøyri og i grensa mot den historiske ekserserplassen (som strekte seg heilt fram til Brattegjerdet) gjer anlegget svært viktig, saman med dei ulike bruksføremåla gjennom 170 år.

Sidan det freda anlegget ligg/låg innanfor grensene til verneområdet på Lærdalsøyri, så ligg det innanfor det området som fagrådet for gamle Lærdalsøyri skal uttale seg/rådgje om. Dei har ikkje vorte teke med på råd i saka.

Argument som talar for rekonstruksjon er at Synneva Eris hus var eit markant element i inngangen til strandsitjarstaden på Lærdalsøyri og det difor kan vere rett for verneområdet sin heilskap å bygge opp att anlegget. Synneva Eris hus er fullstendig oppmålt og dokumentert og det vil difor ligge godt til rette for ein rekonstruksjon.

Gjennom ei avfreding no vil fylkeskulturutvalet seie i frå seg moglegheiten til å få ført oppatt anlegget som kopi, og samstundes ta frå eigaren mogeligheiten til å få støtte frå Riksantikvaren, og andre, til ei slik oppattbygging. Fokuset må vere at eigaren får naudsynt hjelp og støtte til ei oppattbygging.

Det er ingen ting i §18 i Kulturminnelova som seier at alle antikvariske verdiar må vere intakte for å krevje ei oppattbygging.

Rekonstruksjonen kan nyttast som ein måte å lære opp handtverkarar i Sogn og Fjordane i tradisjonelle handverksteknikkar og bygningskonstruksjon. Dette er viktig sidan eit av dei største problema for eigarar av verna og freda hus i fylket vårt er mangelen på kvalifiserte handtverkarar.

Eit evt vedtak om avfreding må ikkje vere motivert av økonomi, i staden for ei solid fagleg vurdering av heilskapen i eit verneområde av stor nasjonal betydning.

Konklusjon:

Årsmøtet i Indre Sogn lokallag av Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane oppmodar om at fredninga av Synneva Eris hus vert oppretthalde og at anlegget vert rekonstruert.


Resolusjon vedteke på årsmøte i Fortidsminneforeninga, avd. Indre Sogn 5.mars 2014.

Lasse Sælthun
Styreleiar

onsdag 5. mars 2014

Viktig kulturminnedebatt og årsmøte Fortidsminneforeninge Indre Sogn lokallag i kveld!

 
Årsmøtet for Indre Sogn lokallag vert helde onsdag 5.mars klokka 18.00
på De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum, Kaupanger.
Programmet for årsmøtet:
Vanlege årsmøtesaker og
Arbeidsplan for 2014 - kom med innspel.

De Heibergske Samlingar og Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane set kulturminnevern på dagsorden på ein debattkveld onsdag 5.mars klokka 19.00.

Ein viktig debatt kring kor ulikt me ser på verdien av kulturminna våre.

Innleiarar ordførarane Jarle Aarvoll i Sogndal og Jan Geir Solheim i Lærdal, fylkesdirektør for kultur Ingebjørg Erikstad og Trude Knutzen Knagenhjelm, leiar av antikvarisk utval i Fortidsminneforeininga i Sogn og Fjordane.
Det vil bli paneldebatt, der alle interesserte i salen også får høve til å delta.
Verdsvevsida til Dei Heibergske med meir info!




tirsdag 4. mars 2014

Viken-huset: UPU, klage på vedtak og svar til Jorunn S. Klakegg.


Klage på vedtak om riving av Viken-tunet på Skei i Jølster:

Kontaktpersonar:
styreleiar Ove Losnegård 97979139 og
dagleg leiar Jon E. Tamnes 57678840




Saksutgreiing Utval for for plan og utvikling i dag, 4.mars
,
etter kommunestyret i dag i Jølster kommune:


Klagehandsaming UPU 15/14 Rettsleg klagerett etter fvl §28  
Vedlegg til saka:Vedtekter i Viken-husets venner

Svar frå Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane avdeling på 2 e-postar som Jorunn S. Klakegg sende fredag 1. og måndag 3.mars:

Hei Jorunn S Klakegg,

Me får berre takke for at du har stor tiltru til Fortidsminneforeninga sin evne til rask respons, men beklagar at me likevel ikkje har fått svara deg på eposten du sendte oss på laurdag, før i dag!
Vår trøyst får vere at vi, trass i at me er ein frivillig organisasjon utan mange tilsette, klarar å svare på epostar før ein kommunal organisasjon som Jølster kommune gjer det.
Me sendte epost på fredag, der me bad om å få tilsendt saksutgreiinga til det ekstraordinære møtet i UPU den 4.3.2014.
Svar på denne eposten har me ikkje motteke, trass at heile helga har gått.

Du har heilt rett i påstanden om at Fortidsminneforeninga ikkje har innhenta synspunkt frå Vikenhusets vener på kor liten, eller stor, motstanden mot riving, eller bevaring, er i lokalsamfunnet. For oss som ein interesseorganisasjon for det frivillige bygningsvernet er ikkje dette eit avgjerande moment.
Vårt samfunnsoppdrag, frå vår skiping i 1844, har som oftast gått på å forsvara truga bygningar mot ein majoritet, på eit fagleg kompetent grunnlag. I innlegget frå Fortidsminneforeninga kan me ikkje sjå at me har kvantifisert "styrketilhøvet" mellom eventuelle fløyar.
Då les ein diverre innlegget med vrangvilje. Det me observerer gjennom mediaoppslag og open postjournal i Jølster kommune er at begge syn er tydeleg representerte i lokalsamfunnet.
Då er vår rolle å peike på at 1930-tals bygninga, i autentisk og god teknisk tilstand, trass forsømt vedlikehald, representerer ein verdi. I denne saka har bygningseigaren gjort vedtak om å riva ei bygning som framleis kan setjast i stand og tene ein funksjon.
Kommunen sine folkevalde i denne saka har no samstemmig har gått inn for rivingsvedtaket, og overprøver gjennom det kulturminnefageleg kompetanse på både regionalt og nasjonalt nivå.
Me kan ikkje sjå at kommunen grunngjev vedtaket med at det er trong for (tomte-)arealet til eit samfunnsmessig viktig føremål. Då blir rivingssaka ei rein markering av fleirtalsmakt.

(Sidan du òg publiserte din epost til oss på Origo, så føl deg fri til å legge ut vårt epostsvar...)

Mvh
Jon E TamnesDagleg leiar/Manager

 
Den 3. mars 2014 kl. 21:12 skreiv Jorunn S. Klakegg til Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane avdeling:
          
Eg må innrømme at eg finner de
t litt rart at de ikkje svarer på eposten frå meg.
Om ikkje ein beklagelse, så kanskje ei forklaring på kvifor de antok at dette var ei brei semje blant innbyggjarane i Jølster for å behalde huset hadde eg sett pris på å få vite.
Vikenhusets vener påstår hardt at dei ikkje har vore i kontakt med dykk angåande denne saka, så det kunne vore interessant å fått vite korleis de kunne tru dette og ta så feil?
Håper på svar.



Den 1. mars kl. 12.22 skreiv Jorunn S. Klakegg
til Fortidsminneforeninga Sogn og FJordane,

dette vart også offentleggjort på Jølster - Origo sida:

Hei, 
Eg ser at de har gått hardt ut mot Jølster kommune og seier at vedtaket deira ikkje heng på greip, når dei stemmer for riving når innbyggjarane har snudd og vil ha huset ståande.
Eg vil berre gjere dykk merksam på at eg trur de er blitt ført bak lyset når de gjeld dette med innbyggjarane. Det er eit soleklart fleirtal blant innbyggjarane for å rive huset. Det er 3 personar som kjempar for å behalde det og dei har oppretta ein såkalla organisasjon som heiter Viken husets vener. Denne organisasjonen består av 15 personar og halvparten av desse 15 bur ikkje ein gang i Jølster.


At de som forening ynskjer å bevare tildels gamle hus det har eg forståelse for, men eg håpar det sjekkar kjeldene dykkar betre neste gang de skal bruke innbyggjarane i Jølster som argument.