mandag 10. mars 2014

Kirkevollen i Førde

Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane ber Førde kommune sterkt om ikkje å godkjenne søknaden om løyve til å byggje eit nytt bustadhus på Kirkevollen.
Brevet frå Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane avdeling er under bileta.

Bileta av den freda bygningen - er lånt frå Torkjell Djupedal sin verdsvevartikkel - Fylkesarkivet. 


Torkjell Djupedal om Kirkevollen - Sogn og Fjordane Fylkesarkiv - 2001:

Saksdokument Førde kommune Planutvalet:
DokumentID: 13/16528 Søknad om dispensasjon frå LNF-gbnr 21/19

Dei ulike dokumenta og illustrasjonane.


  



 
 

                         FORTIDSMINNEFORENINGA
The Society for the Preservation of Norwegian Ancient Monuments
 
Sogn og Fjordane avd., Vestreim, N-6854 Kaupanger

                                            Kaupanger, 09.03.2014


Førde kommune Planutvalet Postboks 338
6802 Førde
 
(Sendt per e-post: postmottak@forde.kommune.no)
 
 
 
Kirkevollen i Førde
 
Gjennom Firda og på andre måtar kjenner Fortidsminneforeninga til at eigarane av Kirkevollen har søkt om løyve til å dele frå ei 900 kvardratmeter stor tomt for eit nytt bustadhus på 250 kvadratmeter, fordelt på fem einingar og plassert over skråninga ned mot Garvarhola. Det nye byggverket skal vere i betong, eller noko som liknar svært på massiv betong, og delvis ligge i fri luft ut over ravineskråninga, kvilande på bastante fundament i betong.
 
Kirkevollen vart skild ut frå bruket Falkenstein i 1823, og var ei stund bustad for lensmann og seinare doktor. Det freda hovudhuset er frå Svanøy og truleg bygt på slutten av 1700-talet. Tunet er ein del av det gamle embetsmannsmiljøet på Skei, og hovudhuset på Kirkevollen er det einaste av desse bygningane som er freda. Eigarane har teke godt var på huset og dei andre bygningane i tunet. Dei har alle eit godt, kulturhistorisk preg.
 
Kirkevollen er å rekne som eit av fire embetsmannstun som er igjen på Skei. Også hovudhuset på Falkenstein var freda, men det vart rive i 1963. Denne bygningen kom frå Dale, og var ei tid kontor for den kjende sorenskrivar Hans Arentz. Også hovudhuset på lensmannsgarden Brulandsbakken var freda, men vart rive i 1977, etter kommunal godkjenning, trass i protestar frå antikvariske styresmakter.
 
Verdiar ved Kirkevollen
Kirkevollen er ein del av eit antikvarisk og kulturhistorisk rikt område frå prestegarden i aust, via kyrkja til Løken like nedanfor Kirkevollen. Her er enno ein opning, ein akse, frå Løken og dei indre Øyrane innover terrassane på Skei. Dette er det einaste litt større området som er igjen i Førde med eit nokolunde uforstyrra miljø av bygningar som er meir enn 100 år gamle. Desse restane i Førde kan vi samanlikne med større utgåver som Bryggen i Bergen, Gamle Stavanger, Sjøgata i Mosjøen og Gamle Fredrikstad. Dette er miljø som i dag har høg status og stor attraksjonsverdi, bydelar som folk flest er stolte og glade over, og som dei ikkje for nokon pris vil misse. Ein gong var det mange som ikkje såg noko poeng i å ta vare på dei.
Stripa aust og vest for kyrkja har store opplevingsverdiar, i tillegg til dei antikvariske og kulturhistoriske.  Eigarane held husa ved like, og heile stroket har stor autentisitet. Ein vesentleg kvalitet er området er utan nye bygningar i avvikande arkitektur. På Skei budde mange av dei menneska som før 1900 hadde kontakt med verda utanfor Førde, og som gav Førde den tids eigenart samanlikna med dei andre tettstadene som ligg der dalane møter sjøen. Diktarar som Elster senior og junior, Christensen og Fasting hadde sine røter i Førde og er enno namn i den norske litteraturhistoria.
 
Skogen og gjelet (Garvarhola, også kalla Fougnerhola) frå Kyrkjevegen og ned til Løken er ein geologisk og botanisk oase i eit elles tett utbygt strok. Nede i gjelet står enno grunnmuren etter huset som garvaren (Fougner) budde i. Her er berre nokre meter frå velstanden oppe på reina til den fattige strandsitjaren, ein historisk og enno synleg kontrast.
Identitet er noko som veks fram over tid – eit resultat av historia. Identitet er ei samkjensle som er knytt til eit varig særpreg, noko som skil ei gruppe eller ein stad frå andre. Ingen byggjer identitet på kort tid eller etter ein spontan plan.  Felles verdiar treng til å utvikle seg.
Antikvarisk, kulturhistorisk og som identitetsberar er Kirkevollen noko av det mest verdifulle som er igjen i Førde tettstad. Det gamle Førde sentrum er elles så rasert og forvitra at restane av det gamle står igjen som fortapte attergløymer. Det er vårt inntrykk at mange i Førde meiner omskiftet har gått for langt, og at det er viktig å sikre dei få kvalitetane som er igjen. Kirkevollen er ein av dei.
 
Konsekvensar av det planlagde byggverket
Sakspapira viser at det er ikkje plass til dei nye bygningsdelane utan å gå ut over gjelet med eit kraftig fundament som er tungt og bastant i utforminga. Bygningskroppane er – i betong eller noko som liknar svært på betong – massive. Dei har eit langt meir bastant preg enn dei trehusa som står der, sjølv om delar av veggane er teikna i glas. Det er søkt om løyve til ein bygning som etter vår oppfatning ikkje er tilpassa terrenget og heller ikkje dei andre husa på staden. Dei fell ikkje inn i terrenget når dei stikk ut i lufta, på eit kunstig fundament i gjelet. Både i materialval og utsjånad avvik det nye sterkt frå dei
eksisterande bygningane, sjølv om takvinkel og dimensjonar reint geometrisk på ein måte er i samsvar med dei uthusa som står der. Men det er langt frå berre geometrien som avgjer korleis vi oppfattar ein bygning eller andre ting.
 
Volumet av den nye bygningsmassen er stort, samanlikna med dei raude trehusa. Dette vil, i lag med det harde uttrykket i den nye arkitekturen, gjere at det eksisterande tunet kjem i skuggen av det nye, sett frå Kyrkjevegen. Frå før er Kirkevollen delvis innbygd av bustadhus ved innkøyringa til tunet. Endå ein barrikade vil komme dersom kommunen svarer ja på den nye søknaden. Tunet vert i stor grad isolert frå den samanhengen det no står i, som ein del av byggeskikken frå 1800-talet i beltet frå Toene til Løken.
 
Fordi den nye bygningsmassen er stor og plassert heilt tett inn på den eksisterande, og fordi uttrykket i det nye er så heilt annleis enn i det gamle, er det etter vår oppfatning planlagt ein arkitektur som bryt brutalt den som er der no. Det vert ein kollisjon mellom ein etablert byggjeskikk som høyrer distriktet og Førde til – bygningar står i ein historisk samanheng på staden – og ein ny, stadlaus arkitektur som kunne vore plassert kvar som helst. Dominansen av det nye vert sterkare ved at det nye får ei heilt anna plassering i terrenget enn det gamle. Hovudhuset og dei raude bygningane står trygt og roleg på den flate terrassen; det nye strekkjer seg ut over gjelet på ein måte som understrekar at det er krev ein annan konstruksjon enn i dei gamle trehusa. I heile sitt vesen er det nye ein ekstrem og uheldig kontrast til det gamle, ein kontrast som vil overmanne det tradisjonelle.

 Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane er usamd i påstanden frå Hilleren prosjektering AS
 (i brev 26.6.2013) om at denne tilveksten (det nye bustadhuset) er
en ypperlig mulighet for å se til å sikre at tunet blir ivaretatt med sine kvaliteter videre fremover”,     og at ny bustad på tunet vil vise at Førde sentrum, med det flotte området,

står for en estetisk planmessig utvikling, samtidig som det eksisterende blir ivaretatt”.
Dersom nye arkitektoniske uttrykk skal falle godt saman med dei gamle, må det kulturhistoriske må ha førsterett på staden, ikkje komme i ei underordna stilling, som skissene fortel vil bli resultatet i dette tilfellet. Kirkevollen har sitt preg som eit frittliggande tun frå 1800-talet. Dette er det planlagt å gjerde inne av ein nymotens betongkonstruksjon, så tett inn på trehusa at det vil arte seg som ein okkupasjon, eit sigrande åtak på den identiteten som Kirkevollen har med kombinasjonen av bygningane, terrenget, landskapet og historia. Slike historiske kvalitetar treng ikkje noko utvikling for å stå deg i framtida.


Konklusjon

Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane vil så sterkt vi kan be Førde kommune om ikkje å godkjenne søknaden om løyve til å byggje eit nytt bustadhus på Kirkevollen.

 Grunnane er:

Embetsmannstuna frå Toene og via kyrkja til Kirkevollen er det einaste stroket som er igjen i Førdemed ei samling av det vi kan kalle historiske bygningar. Dette er dei materielle restane av den litt eldre busettingshistoria i Førde, og tuna står sentralt i den identiteten Førde har som tettstad. Eigarane held både hus og tun godt vedlike. Det er ein viktig kvalitet at samlinga av tun er bortimot intakt, utan nye bygningar i avvikande arkitektur.


Hovudhuset på Kirkevollen er freda, og tunet er ein harmonisk heilskap. Det er søkt om løyve til ein bygning som etter vår oppfatning ikkje er tilpassa terrenget på staden og heller ikkje dei andre husa i tunet. I heile sitt vesen er det nye ein ekstrem og uheldig kontrast til det gamle, ein kontrast som vil overmanne det tradisjonelle. Ein grunn til dette er at dei nye bygningskroppane vil komme heilt tett i dei som står, med eit arkitektonisk krav om råderett. Dei gamle husa vert den tapande parten i kollisjonen mellom det tradisjonelle og det nymotens.

 
Med beste helsing,

Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane

 

Ove Losnegård, styreleiar                               Jon E Tamnes, dagleg leiar post@ovelos.no   97 07 91 39                                                            sognogfjordane@fortidsminneforeningen.nom

tlf. +47 57 67 88 40
besøksadr.: Vestreim, 6887 Kaupanger
org.nr. 971 363 231
fax +47 57 67 88 89
bankkonto: 3720 07 18217

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar