lørdag 8. juni 2013

Fasade er viktig!


Laurdagskvelden er det meste av Losjehuset skrapa, sørveggen har fått sitt første tynne lag med linoljemåling, vi nyttar Kulturhantverkarna Färg.


Losjehuset vart bygd i 1906 for den lokale IOGT-losjen Sygna.
Huset vart også mykje nytta til møtelokale for andre organisasjonar, særleg for arbeidarrørsla. Losjehuset har også tent som arbeidsstove, barnehage og framhaldsskule,
og som Audun fortalde på fredag var Losjehuset også øvingslokale for Lærdal songlag, skipa i 1952.


I ei kasse på loftet på losjehuset var desse losjeordenane - dei vil verte reingjorde og tekne vare på.
Dei var kvite eller raude, dei hadde ulike symbol som viste ulike funksjonar og verv.
Anne Margrete fortalde om han som stod vakt i døra og passa på at det kun var medlemmer som kom inn, ordenen hans hadde ein brodert kvit V.


Nrk Sogn og Fjordane Fylkesleksikon har ei fin artikkelsamling om fråhaldsrørsla - der er det også bilete som vider korleis ordenane vart borne.
og slik vert historia til organisasjonen skildra i ein Wikipedia-artikkel.

Sidan mars har Ungdomshuset og Losjehuset vore ein del av Verneområdet -
Måledugnad er sosialt og triveleg!
Losjehuset skal få tre strøk linoljemåling 
og vindauga treng både måling, kitt og glas før dei kan pussast!


 
Det vert dugnadsettermiddagar og dagar iløpet av sommaren - meld gjerne frå når det høver!












 

 
 



 

 







 
foto Jon, Gunn og Bente - og fleire kjem etterkvart!


onsdag 5. juni 2013

Plastmåling, målingsdugnad, husbukk og lesebok.



På Bygg og bevar si FB-side er det i dag denne lenkja til ein artikkel om både plastmåling og anna måling.

Det nærmar seg målingsdugnad på Losjehuset i Lærdal, der vert det nytta linoljemåling slik det skal gjerast innanfor Verneområdet. Alle huseigarane får dekka 60% av kostnaden av Lærdal kommune.
Sidan fasaden diverre vart høgtrykkspylt i fjor, vert det litt ekstra skrapearbeid.

Endå ei lenkje frå Lærdal, Sogn avis er flink til å gjere artiklane tilgjengelege på verdsveven:
Lærdal formannskap inviterer nabokommunane til å vere med på husbukkprosjektet som er ein del av prosjektet for å redde dei gløymde husa i Verneområdet.

Prosjektet er elles finansiert med støtte frå UNI-stiftinga, Riksantikvaren og Lærdal kommune.

Den vesle stavkyrkjeboka er til sals der billettane vert selde - ei retteleg godt tilbod!

Illustrasjonsbilete - Ifi.

mandag 3. juni 2013

Menypunktet - Prosjekthistorier er sett i gang!

Lenkje direkte til prosjekthistorier 


Prosjekt Opplevelseslandskap - Kaupanger Hovedgård
Trude og Kristoffer Knagenhjelm




Frå før er menypunktet Publiserte artiklar  teke i bruk

Der ingen skulle tru at insekt skulle bu...
Artikkelen til restaureringsleiar ved kulturavdelinga i Sogn og Fjordane Stig A. Nordrumshaugen som vart publisert i Kulturbloggen - sfj.kulturnett.no 18.april 2013.

Claus S. R. Lindstrøm (1930-2013)
Minneordet er skrive av Hallvard Trohaug arkitekt mnal, publisert i Helg&Kvardag 2-2013.

søndag 2. juni 2013

Losjehuset på Lærdalsøyri - måledugnad 7.-9. juni




Fortidsminneforeningen Indre Sogn inviterer til måledugnad av Losjehuset førstkomande helg!
 
Fortidsminneforeninga har inngått ein avtale med Lærdal kommune om oppussing av huset. I løpet av vinteren/våren har vi med hjelp av finansiering frå Sparebankstiftelsen DNB NOR fått reparert taket.
 
No vil vi måle bygninga i løpet av komande helg -
og inviterer medlemmer og sympatisørar til å ta i eit tak.
  
Fortidsminneforeninga har fått med seg dyktige fagfolk, -
nyttige råd og vink kan bytast med å vere med på arbeidet nokre timar eller heile helga.
 
Fredag 12.00 - 16.00
laurdag 9.00 - 16.00
søndag 12.00-16.00
 
Ta med skrape og arbeidskle!
 
Fortidsminneforeninga held med mat og drikke.
 
Vi har måling og penslar.
 
Du kan sjølv velge om du vil klatre i stige og sjå Lærdalsøyri ovanfrå
eller stå på marka og måle nederste bord og vindauge!
 
For informasjon tlf 57678840 eller s-post: sognogfjordane@fortidsminneforeningen.no
 
 
Med på biletet er atter ein gong snekkeren frå firmaet Johnny Sjøtun!  

Kaupanger stavkyrkje opnar snart, men Knaken opna 1.juni

 
Heile sesongen er 10.juni - 25.august 2013

Opningstider 10.00–17.00  og billettane kjøper du på Knaken:



Tinging av omvising (kun grupper):
tlf. 57 67 88 40
Prisar
 
Vaksen
kr 60
Gruppe (min. 15), pensjonist
kr 50
Student/born over 5 år
kr 50
Familie
kr 150

Hopperstad stavkyrkje er opna for sesongen




















Heile sesongen er 18. mai – 18. september 2013

Opningstider 10.00-17.00

Men, frå 19.juni - 13. august er Hopperstad stavkyrkje open 2 timar lengre kl.9.00-18.00

Tinging av omvising for grupper:
tlf. 57 67 88 40 eller 57 69 52 70
e-post: hopperstad@stavechurch.com

Prisar
Vaksenkr 60
Gruppe (min. 15), pensjonist   kr 50
Student/barn over 5 årkr 50
Familiekr 150



 




 






 

Fredelege mai er over


Vi tek oss raskt innatt med alt som skulle ha vore meldt, i løpet av dagen!