lørdag 8. juni 2013

Fasade er viktig!


Laurdagskvelden er det meste av Losjehuset skrapa, sørveggen har fått sitt første tynne lag med linoljemåling, vi nyttar Kulturhantverkarna Färg.


Losjehuset vart bygd i 1906 for den lokale IOGT-losjen Sygna.
Huset vart også mykje nytta til møtelokale for andre organisasjonar, særleg for arbeidarrørsla. Losjehuset har også tent som arbeidsstove, barnehage og framhaldsskule,
og som Audun fortalde på fredag var Losjehuset også øvingslokale for Lærdal songlag, skipa i 1952.


I ei kasse på loftet på losjehuset var desse losjeordenane - dei vil verte reingjorde og tekne vare på.
Dei var kvite eller raude, dei hadde ulike symbol som viste ulike funksjonar og verv.
Anne Margrete fortalde om han som stod vakt i døra og passa på at det kun var medlemmer som kom inn, ordenen hans hadde ein brodert kvit V.


Nrk Sogn og Fjordane Fylkesleksikon har ei fin artikkelsamling om fråhaldsrørsla - der er det også bilete som vider korleis ordenane vart borne.
og slik vert historia til organisasjonen skildra i ein Wikipedia-artikkel.

Sidan mars har Ungdomshuset og Losjehuset vore ein del av Verneområdet -
Måledugnad er sosialt og triveleg!
Losjehuset skal få tre strøk linoljemåling 
og vindauga treng både måling, kitt og glas før dei kan pussast!


 
Det vert dugnadsettermiddagar og dagar iløpet av sommaren - meld gjerne frå når det høver!












 

 
 



 

 







 
foto Jon, Gunn og Bente - og fleire kjem etterkvart!


1 kommentar:

  1. For en innsats, og for et resultat etter første dugnad! Gleder meg nå til å kjøre forbi for første gang etter maling, i morgen :-)

    SvarSlett