fredag 7. desember 2012

Vikenhuset på Skei

I følgje avisa Firda Tidend gjev Vikenhusets venner opp å redde Vikenhuset på Skei i Jølster.
Jølster kommune skal ha budsjettert med 200.000 i rivingskostnader...
Er det verkeleg naudsynt av Jølster kommune å nytte dei strengaste krava i samband med renovering av huset? Skal tilsvarande krav gjelde alle eldre bygningar i Jølster - då er det dårlege utsikter for bygningsarven i Jølster.

"Sjela på Skei - Firda Tidend 9.11.12
Leiar: I eitt år har dei kjempa for å berge det særmerkte Vikenhuset i Skei sentrum frå riving. Men no er Vikenhusets Vener i ferd med å kaste inn handkledet. Redningsaksjonen er i ferd med å havarere. Årsaka er dei strenge krava som vert stilte. Her er det ikkje snakk om berre å rehabilitere og pusse opp igjen det ein gong så staselege huset, slik at ein kan ta det i bruk til ulike gode føremål. Nei, krava som kommunen har stilt er i praksis så strenge at det vert umogeleg å få til.

Krava går på sokalla universell utforming og inneber m.a. at det må installerast ein heis i huset. Når det skal plasserast ein personheis i eit gamalt tømrahus, treng ein ikkje ha mykje fantasi for å sjå føre seg at dette vert dyrt. Dessutan vil det øydelegge mykje av huset innvendig, for ein kan ikkje forandre fasaden på huset med ein utvendig heis. Skal vi seie vår ærlege meining, så er dette heilt meiningslaust. Det er ikkje brukt fornuftig skjønn i denne saka. Det er eit godt døme på slik vi har fått det i dette landet, ein har fått so mange påbod, reglar og stort byråkrati, der både dei og politikarar er redde for å gjere feil, at den sunne fornuft har vandra ut av saker som dette."

Meldinga på Jølster kommune sine verdsvevsider - sist oppdatert desember 2011

I ein e-post til kommunestyrerepresentantane skriv Vikenhusets vener at dei ikkje maktar dei økonomiske sidene ved redningsaksjonen. Dei som i eitt år har kjempa for å berge det særmerkte Vikenhuset på Skei frå riving, ser no ut til å måtte kaste inn handkledet. Dei som i eitt år har kjempa for å berge det særmerkte Vikenhuset på Skei frå riving, ser no ut til å måtte kaste inn handkledet.

Oppfølgaren frå Frp - ikkje verre å ha huset ståande enn å ha Fjøsen der. Firda Tidend 5.desember
Kommunen bør tilby Vikenhuset gratis til interesserte. Det bør følgje med eit kommunalt tilskot, slik at huset kan pussast opp og bli brukt til bustad, seier FrP-politikar Johannes Juklestad.

Oppfølgaren frå Høgre - hindrar utviklinga av sentrum på Skei. Firda Tidend 7.desember
– Å ha eit bustadhus så kloss inn i kommunehuset vil bli ei evig hovudpine, seier gruppeleiar for Høgre i kommunestyret, Anders Kristian Sægrov

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar