onsdag 19. februar 2014

Villa Visnes i Stryn - vår felles arv, eller tapt sak?




Brev frå
Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane og Antikvarisk utval

Til
Stryn kommune
Sogn og Fjordane fylkeskommune


Kaupanger, 19.2.2014

 

Villa Visnes i Stryn – vår felles arv, eller tapt sak?

Det har dei føregåande månadane gått føre seg ei sak kring sveitserstilhotellet Villa Visnes (tidlegare Hotel Central, og seinare Stryn husmorskule). Saka gjeld ombygging og bruksendring av deler av bygget, noko som vil føre til utvendige endringar av bygget som nye verandaer og endra takform på trapperom på austsida.

Teknisk utval i Stryn kommune har gjeve rammeløyve til gjennomføring, der Kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune har sendt klage på vedtaket. Grunngjevinga for klagen er brot på verneføresegnene i spesialområdet med føremål kulturminnevern, samt brot på vernestatusen for den konkrete bygningen. Stryn kommune v/Sektorutval for tekniske saker har i vedtak avvist fylkeskommunen sin klage med heimel i Forvaltningslova og at klagefristen ikkje vart overhaldt. Siste formelle rørsle i saka er at Sogn og Fjordane fylkeskommune har påklaga Stryn kommune sin avvisning av klagen.

Tidlegare Hotel Central har nasjonal verneverdi, som sveitserhotell med høg grad av autentisitet i eksteriør, og for ein del også i interiøret. Bygningen fekk, i hovudtrekk, si noverande utforming i 1896 etter ombygging av eit eldre hus. Bygningen fekk då eit karakteristisk hjørnetårn i fire etasjar og mykje utsmykking i fasaden.

I Verneplan for Stryn kommune, er Villa Visnes plassert i verneklasse A. Dette tilseier at bygningen i kulturhistorisk samanheng kan vere av nasjonal interesse. På 1980-tallet vart det gjennomført ei fagleg god restaurering/tilbakeføring av viktige antikvariske element, der m.a. dåverande riksantikvar Stephan Tschudi-Madsen engasjerte seg for eit best mogleg resultat. Slik det framstod etter restaureringa i 1988, vart Hotel Central omtalt som det beste dømet på mellomstort hotell i sveitser-/dragestil som står igjen i Norge i dag.

I samband med istandsetjinga og tilpassing til ny bruk på 1980-talet var både regional og nasjonal kulturminnemynde involvert i form av råd og rettleiing. I denne samanhengen vart eksteriøret og delar av interiøret vurdert som svært verdifulle, og noko som måtte bli bevart, m.a. gjennom tilpassa bruk. I interiøret vart matsalen (King Oscar hall) og trappegangen framheva som særskilt verdifulle. I teikningane til den nye bruken av bygningen på 1980-talet vart det teke omsyn til dette og utarbeida planar som tok vare på både eksteriør og interiør på ein god måte.

 

Noverande eigar, Arne Visnes Berger, har ved fleire høve søkt støtte om tilskot til vedlikehald av bygget, utan å få tilslag på søknadar. I eit brev til Stryn kommune skriv han at det ikkje er haldbart for private huseigarar å ivareta av kulturbygg av nasjonal verdi utan støtte til arbeidet. Han forklarer at han ikkje har moglegheit for å bevare bygningen etter antikvariske prinsipp, og i tråd med føresegnene for spesialområdet. Han oppmoder med det kommunen til å tenke langsiktig med tanke på bruken av bygningen.

Vi ser i desse dagar korleis store ressurssar har vore brukt på å restaurere, og dels rekonstruere Eidsvollsbygningen til den praktbygningen den var i 1814. Dette viser oss at kulturarven har stor verdi for vår felles nasjonale identitet. Slik trur vi også at det er lokalt, der kulturminne og kulturmiljø vil bli sårt sakna dersom dei skulle gå tapt. Storbrannen i Lærdal i januar sette desse kjenslene i oss på prøve, og det rørte ved oss!

I dette høvet er det viktig at det nasjonalt viktige kulturminnet Villa Visnes ikkje må bli øydelagt på grunn av ein strid om formalia og sakshandsamingsfeil mellom Stryn kommune og kulturavdelinga i fylkeskommunen. Her må Riksantikvaren gripe inn og få orden på sakene. Ei mellombels løysing vil vere midlertidig freding, der det samstundes blir lagt planar om vidare oppfølging av vedlikehaldet og ivaretakinga av kulturminnet. Skjer ikkje dette, vil vi bli vitne til at ein del av vår felles identitet går tapt. 

 

Med helsing

Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane og Antikvarisk utval

 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar