torsdag 27. februar 2014

Vikenhuset skal rivast - i verdas vakraste ramme

- overskrifta på brevet til Jølster kommune frå Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane.

                                              lånt frå Firda Tidend

Vikenhuset skal rivast, og politikarane nektar å gå ein ny runde. Dette kunne vi lese i Firda onsdag 26. februar. Same dag hadde Utval for plan og utvikling i Jølster kommune vedteke riving. Vedtaket var samrøystes, og gjekk føre seg utan debatt.

Samstundes kjempar lokale krefter i Vikenhusets vener med nebb og klør for å bevare denne perla av eit autentisk hus frå 1930-talet. Dei er støtta av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Riksantikvaren som også peikar på kulturminneverdien til huset.

Når politikarane i Jølster er så ivrige etter å rive Vikenhuset, skulle ein tru at det låg presserande behov for bruk av tomta til særskilte føremål av samfunnsmessig betydning. Men det er ingen konkrete planer for ny bruk av tomta, sett bort frå at det skal anleggast plen.
Argumentet er imidlertid at huset kan hindre sentrumsutviklinga i framtida.

Sett på spissen kan det sjå ut som at Jølster-politikarane no har overprøvd innbyggjarane sitt ønskje om å ta vare på eit kulturminne, som står sterkt i den lokale identiteten, for å få plass til ein grasplen i sentrum. Sett utanfrå heng ikkje dette på greip i ein kommune som brukar slagordet Skaparkraft - i verdas vakraste ramme.

Skal vi snakke om kva som er vakkert, er det nettopp ein bygning som Vikenhuset som kunne ha vore med på å heve den estetiske kvaliteten til Skei sentrum. Dette området som utgjer sjølve ansiktet utad for Jølster kommune, er i stor grad prega av infrastruktur og store næringsbygg med moderne utforming. Ved å setje Vikenhuset i stand, slik dei lokale kreftene ønskjer, ville sentrum kunne ha smykka seg med ei perle som ville underbygge merkevara Jølster som ei bygd der verdiskapinga skjer i kombinasjon med ivaretaking av det vakre og det særeigne.

Vikenhuset vart allereie vedteke rive i 1998, utan at det førte til store proterstar. Vedtaket har i åra frå 1998 til no ikkje vore iverksett, og i mellomtida har det vakse fram eit lokalt engasjement og omsut for huset. Spørsmålet vårt er kvifor det ikkje er mogeleg for politikarane å snu i denne saka, når innbyggarane har gjort det? Det er så lite som skal til. Når huset blir skrapt og måla vil det skinne! Er ikkje dette ei gåve til Jølster, der det fint let seg gjere å ta vare på eit eldre bygg som ein del av utviklinga av sentrum?
Med helsing
Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane

Kontaktperson:
Trude Knutzen Kagenhjelm
styremedlem i Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane

Innkalling til Ekstraordinæt møte i i UPU - Utval for plan og utvikling 4.mars

Lenkje til leiaren i Firda Tidend 26.februar 2014
Lenkje til verdsvevartikkelen i Firda 26.februar 2014
Lenkje til verdsvevartikkelen i Firda Tidend 26.februar 2014.
Lenkje til verdsvevartikkelen i Firda Tidend 28.februar 2014
Vikenhuset var sist omtala på Grindabloggen 18.januar 2013, der er det også lenkjer til tidlegare artiklar.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar