lørdag 27. september 2014

Norges låver - bokslepp

Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth
fortel historia til den norske låven med ord og bilete.

Bokslepp på Åmot Operagard fredag 17.oktober kl 18.30

SKALD forlag sin presentasjon av boka

Arrangementet er gratis, open bar frå 17.30 og sal av svele og kaffi.
Etter foredrag sal av suppe med brød kr 150,- .
Reservasjon av suppe booking@operagarden.no

Arrangementet er eit samarbeid mellom Fortidsminneforeninga Ytre Sogn og Sunnfjord, Åmot
Operagard og SKALD forlag.

Pressemeldinga frå SKALD:



Norges låver er ei praktbok som med heile 550 sider er blant dei største verk som er laga om denne delen av no...rsk kulturhistorie. Boka fortel historia om den norske låven, det viktigaste uthuset i norsk landbruk, eit ikon i det norske landskap.

Fotograf Oddleiv Apneseth og journalist Eva Røyrane har reist gjennom alle fylke for å dokumentera det svært mangfaldige norske låvelandet. Med bonden sitt uthus som utgangspunkt, fortel dei landbrukshistorie og kulturhistorie, men også ei historie om Norge i dag.

Låven har vore landemerke i det norske kulturlandskapet i snart to hundre år og er eit signalbygg som framleis demonstrerer den sentrale posisjonen bonden og landbruket har hatt her i landet. Forfattar og fotograf har oppsøkt både særeigne og representative låvar landet rundt. Dei presenterer mangfaldet frå velhaldne til forfalne låvar og frå tradisjonelle til arkitektteikna låvar. Dei viser nyare tids spesialiserte driftsbygningar og gamle landbruksbygg som har fått nytt innhald gjennom nye former for næringsverksemd. Boka er såleis eit referanseverk som viser dei mange ulike geografiske variantane, dei arkitektoniske kvalitetane og kulturminneverdien til denne bygningen.

Norges Låver er på same tid eit nasjonalt praktverk og lokalboka for heile landet. Boka samlar historia om ein viktig del av vår felles kulturarv, før den ikkje lenger lar seg dokumentere.

Boken vert utgjeven av Skald. Link til presentasjon av boka: http://skald.no/utgjevingar/norges_laaver/

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar