onsdag 16. januar 2013

Nektar å byggje servicesenter ved stavkyrkja i Vik














- Det er uaktuelt å byggje eit servicebygg ved sida av Hopperstad stavkyrkje, seier leiar Jon E. Tamnes i Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane.

Nrk Sogn og Fjordane sin artikkel har bakgrunn frå dagens BT.
Kommunestyret i Vik kommune vedtok i desember ei anna løysing enn den kyrkjeeigaren ynskjer.

Artikkelen til Nrk Sogn og Fjordane

Ordførar Marta Finden Halset er sitert i verdsvevsartikkelen med at ho ikkje likar haldninga til Fortidsminneforeninga.
- Også dei må innrette seg etter offentleg forvalting og planstyremakter, seier ho til Bergens Tidende.

Lenkjer til oppslag i Grinda 18.desember om plasseringa av servicebygget
Foto: Ottar Starheim - NRK

Husk kommentarfeltet også!

1 kommentar:

  1. Marta Finden Halset si oppmoding til Fortidsminneforeninga om "å innrette seg etter offentleg forvalting og planstyresmakter", trur eg nyttar lite i ei sak der den som ev. skal bygge og koste eit nytt servicebygg ikkje er einig i reguleringsplanen. Som det er skrive tidlegare vert det inga bygging med eit slikt utgangspunkt. Spørsmålet mitt er om Vik kommune har gjort det dei kunne i planprosessen for å få eigaren med på ei løysing?

    SvarSlett