søndag 9. desember 2012

Skipingsmøte for Indre Sogn lokallag

Skipingsmøte på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum 10.12.2012, kl 19.30
Før skipingsmøtet av lokallaget, er det ekstraordninært årsmøte kl 19.00.
Velkomen til to korte møter etter førjulshygge på museet!

Det er Førjulskveld med fjøsnisse, kanefart, julegraut og julehandel kl 15-19 på museet!
Lenkja til Førjulskvelden

Forslag til vedtekter:

Vedtekter for Indre Sogn lokallag av Fortidsminneforeninga, Sogn og Fjordane avdeling.
§ 1: Føremål

Indre Sogn lokallag er ei underavdeling av Fortidsminneforeninga, Sogn og Fjordane avdeling.

Føremålet med arbeidet er å ta vare på verneverdige kulturminne og skape ei allmenn forståing for kulturvern i kommunane Vik, Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Sogndal, Leikanger og Balestrand.

§ 2: Medlemsskap

Medlemer av Fortidsminneforeninga som bur i dei nemnde kommunane vert medlemer av lokallaget, dersom dei ikkje har bede om noko anna. Medlemer i lokallaget er automatisk medlemer av Sogn og Fjordane avdeling. Sjå elles Fortidsminneforeninga sine lover §2.

§ 3: Rett til deltaking i avdelinga sine styremøte

Lokallaget har rett til ein ekstra representant på avdelinga sine styremøte i alle saker som vedkjem lokallaget. Representanten har tale- og forslagsrett, men ikkje stemmerett.

§ 4: Kontingent og økonomi

Den delen av medlemskontingenten frå lokallaget sine medlemer som vert tilbakeført frå hovudstyret vert fordelt mellom lokallaget og Sogn og Fjordane avdeling etter vedtak på fylkesårsmøtet. Lokallaget disponerer eigne kontingentinntekter, gåver, og midlar tildelt etter søknad, samt inntekter frå laget sine eigne aktivitetar. Lokallaget kan søkje om midlar som vert tildelte innafor lokallaget sitt geografiske område.

§ 5: Årsmøte 

Årsmøte skal vere avvikla innan 1. mars kvart år. Styret i lokallaget kallar inn til årsmøte. Innkallinga skal vere skriftleg med minst 14 dagars varsel. Innkallinga kan også sendast elektronisk. Innkallinga skal sendast til alle medlemene i lokallaget og til styret i Sogn og Fjordane avdeling.

Ein representant frå avdelingsstyret har møterett og talerett på årsmøtet, men ikkje forslagsrett eller stemmerett.

Årsmøtet skal handsame desse sakene:

1.      Val av møteleiar

2.      Årsmelding

3.      Rekneskap

4.      Val av leiar for 2 år

5.      Val av minst 2 styremedlemer for 2 år.  Ved fyrste gongs val vert den eine vald for eitt år ved loddtrekning.

6.      Val av 2 varamedlemer for eitt år.

7.      Val av valnemnd på 3 personar og eitt varamedlem. Ved fyrste gongs val vert den eine vald for eitt år ved loddtrekning.

8.      Val av revisor.

9.      Val av utsendingar til årsmøtet i Sogn og Fjordane avdeling.

10.  Andre saker som er fremja av styret og nemnde i innkallinga eller som er fremja av minst 1/3 av laget sine medlemer.

Vedtak vert gjort med simpelt fleirtal.

Ekstraordinært årsmøte kan haldast når lokallagsstyret, avdelingsstyret eller 1/3 av medlemene krev det.

§ 6: Styret

Lokallaget vert leia av eit styre på 3 personar, med 2 varamenn i rekkjefølgje. Styret står for lokallaget sine løpande oppgåver og legg fram årsmelding og rekneskap for årsmøtet, Sogn og Fjordane avdeling og foreninga sentralt. Styret kan opprette faggrupper til hjelp i det daglege arbeidet. Styret er vedtaksføre når 3 medlemer/vara er til stades. Det skal førast møtebok frå styremøta. Protokollen skal sendast til avdelinga og til hovudstyret.

§ 7. Vedtekter og vedtektsendring

Framlegg til endring av vedtektene skal takast opp som sak på lokallaget sitt årsmøte. Vedtektsendring krev 2/3 fleirtal. Vedtekter og vedtektsendringar skal godkjennast av avdelingsstyret og hovudstyret. Desse kan ikkje vere i strid med foreninga sine lover eller avdelinga sine vedtekter.

§ 8 Opphøyr og oppløysing

Dersom lokallaget opphøyrer å fungere ved at det ikkje vert lagt fram årsmelding og rekneskap, ikkje vert kalla inn til årsmøte eller styremøte, opphøyrer retten til å motta eigne kontingentinntekter og avdelinga kan kalle inn til ekstraordinært årsmøte for å oppløyse lokallaget.

Lokallaget kan oppløysast på årsmøte eller på ekstraordinært årsmøte med minst 2/3 av stemmene. Melding om dette skal sendast avdelinga og hovudstyret. Avdelingsstyret fastset korleis lokallaget sine midlar skal forvaltast etter oppløysinga.
 

1 kommentar:

  1. ...og vi er vel nøgde med skipinga. Måtte Indre Sogn lokallag bløme i tida som kjem!

    SvarSlett