mandag 17. desember 2012

Nådde ikkje fram med klage på plassering av servicebygget til Hopperstad kyrkje

Foto Ottar Stadheim NRK 
 
Formannskapet i Vik har handsama klagen som Fortidsminneforeninga hadde på plasseringa av servicebygget til Hopperstad kyrkje.
 
I Sogn avis vert sakshandsamar Ottar Wiik sitert med at Fortidsminneforeninga har eit svakt grunnlag for klagen. Riksantikvaren har vore oppteken av at det ikkje vert gjort inngrep inntil kyrkjehaugen, og dei er tilfreds med utkastet.

Kommunestyret har avgjerdsmynde i saka - lenkja til saka.
 
 
 
Dessutan: 
Faksimile av Sogn avis sin artikkel knytt til Formannskapet 10.desember si handsaming av saka og i Kommunestyret 18. desember.:

 

1 kommentar:

  1. Det var inga stor overrasking at fleirtalet i Vik formannskap (alle unnateke Venstre) avviste Fortidsminneforeningen sin klage på reguleringsplanen. Eit sitat frå vår klage: "Hopperstad stavkyrkje er Vik kommunes viktigste kulturminne og har en storslått lokalisering i kulturlandskapet. Hvis reguleringsplanen gjennomføres, vil den svekke virkningen av samspillet og helheten av kulturminnet og landskapsrommet i vesentlig grad. Det innregulerte arealet til nytt servicebygg og parkering er lagt nord for stavkirken, midt inne i et verdifullt kulturlandskap. De viktige, historiefortellende siktlinjene til og fra stavkirken vil dermed bli brutt." Illustrasjonen i Sogn avis stadfester vår uro. Diverre blir det nok ikkje realisert noko nytt servicesenter, så lenge denne reguleringsplanen ligg til grunn. Hopperstad stavkyrkje og lokalsamfunnet hadde fortent ei betre løysing.

    SvarSlett