mandag 17. desember 2012

Larsenhuset vert ståande på Aurlandsvangen


Arkivbilete frå Sogn Avis - der også Breisneshuset er med.
Ordlyden i vedtaket i Aurland kommunestyre:

"13.12.2012 KOMMUNESTYRET

Handsaming i møte:

Marianne Holme gjekk frå som ugild, Sigurd Vikesland møtte som vara.

Per Are Flåm bad om at det vart teke opp sak om sal av Larsenhuset.


KS-143/12 VEDTAK
Kommunestyret vedtek Reguleringsendring for del av Aurlandsvangen, alternativ 1, i medhald av Plan- og bygningslova §12-12.

Samrøystes"

Marianne Holme har lenge hatt ynskje om å nytte Larsen-huset til kafe og bakeri-utsal.

Varaordføraren er sitert i dagens papir- Sogn avis med at det i vedtaket er det eit krav om at den nye eigaren får eit år på seg til å starte med rehabilitering (...)
At kjøparen til dømes startar med å tetta med bly rundt skorsteinen, slik at regnvatnet slutta å renna inn i huset, bør vera bra nok. Det vil syna at rehabiliteringa er i gong, sa Erling M. Nesbø.
 
Aurland sine Flickrbilete: Aurlandsvangen 1956, mange hus også Larsen-huset er merkt. 

Lenkje biletserie frå Aurland kommune - 2009, rivinga av det næraste huset, Breisnes-huset

2 kommentarer:

  1. Veldig bra vedtak i Aurland kommunestyre...! Og lukke til, Marianne!

    SvarSlett
  2. Sogn avis melder i dag at Larsen-huset er seld for kr 400.000 til kjøpar som ikkje er heimehøyrande i Aurland. Vi går difor ut frå at Marianne Holme ikkje fekk tilslaget.

    SvarSlett