fredag 4. oktober 2013

Husk Dugnadskurset på Lærdalsøyri neste helg!

 
Når fekk du sist tilbod om å lære å restaurere vindauga dine?
Heilt gratis - eller 100 kroner for to dagar inkludert lønsj med kaffi?
 
I føremiddag vert den milde fønvinden
utnytta til å måle dei to nye panelborda på venstre side av døra.
 
Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane avd. arrangerer dugnadskurs i Losjehuset på Lærdalsøyri.
Laurdag 12. oktober kl 10-16 og søndag 13.oktober kl 12-16
 
Bli med på praktisk opplæring i restaurering av gamle vindauge.
Målet for dugnadskurset er å få restaurert nokre av dei gamle vindauga som for tida er plata att etter tidlegare hærverk.
 
Losjehus-restaureringa er støtta av Sparebankstiftelsen DNB Nor og Kulturminnefondet.
 
Dugnadskurset er ved Ove Losnegård,
snikkar, båtbyggar og leiar av Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane.
 
Arrangementet er ope for alle ( max 12 personar)
Sidan det er eit dugnadskurs er det denne gongen gratis for medlemmer av Fortidsminneforeninga og kr 100 for andre ( gratis for alle under 18 år!)
Dette inkluderer kursing og lønsj med kaffi.
Det er mogeleg å teikne medlemsskap i Fortidsminneforeninga i løpet av kursdagane.

Påmelding via sognogfjordane@fortidsminneforeningen.no eller på tlf 57678840

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar