tirsdag 27. november 2012

Kurs i praktisk bygningsvern 1 desember

Laurdag 1. desember kl 10.00 – 16.00 inviterer
Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane avd til seminar i:
Praktisk bygningsvern
Til deg som er glad i gamle hus og vil ta godt vare på dei! Velkomen til seminar i kulturhistoriske omgjevnader på Jensbua i Fjaler





Få gode tips om enkelt vedlikehald, reparasjonar, restaurering og klimautfordringane. Ved Stig Nordrumshaugen, kulturavdelinga i fylkeskommunen.

Om vøling av gamle vindauge. Kva kan du gjere sjølv for å ta vare på dei originale vindauga i huset ditt? Gamalt glas gjev huset karakter og dei gamle vindauga er av betre kvalitet enn dei som vert laga i dag. Ved snikkar, båtbyggjar og leiar av Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane, Ove Losnegård.


Linoljemåling er ei av dei beste målingstypane du kan bruke! Den passar på de fleste overflater og er lett å måle med. Få med deg denne grundige gjennomgang av kva linoljemaling er og kva eigenskapar den har. Ved bygningsantikvar Hans Johnsson.

I løpet av dagen vert det òg ein kort gjennomgang av dei støtteordningane som private huseigarar kan søke på, og høve til å snakke med våre tre fagpersonar. I samband med lunsjen blir det etablering av Ytre Sogn og Sunnfjord lokallag av Fortidsminneforeninga.

Arrangementet er ope for alle og kostar kr 500 for medlemmer av Fortidsminneforeningen og kr 700 for andre (gratis for alle under 18 år!). Dette inkluderer føredrag og lunsj m/kaffe. Den som teiknar medlemskap i løpet av kursdagen får attende mellomlegget på kr 200.
Påmelding via e-post: sognogfjordane@fortidsminneforeningen.no eller på tlf 57 67 88 40

FORTIDSMINNEFORENINGA
Sogn og Fjordane avdeling 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar