mandag 25. februar 2013

Fagerheimvillaen - ein ressurs for Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen

I Firda i dag er det ein artikkel om villaen etter Thora og Oddleif Fagerheim.
Dei gav eigedomen sin Dalsåsen på 1970-talet til Nordisk Råd med ynskje om at det skulle byggast ein nordisk folkehøgskule på eigedomen, men i staden kom Nordisk Kunstnarsenter, opna i 1998.


Rådgjevar Arlen Synnøve Bidne hjå Fylkeskonservatoren i Sogn og Fjordane seier i artikkelen at villaen er eit kulturminne av regional verdi og håpar at nødvendige tiltak kan prioriterast slik at villaen igjen vert ein ressurs for Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen.



Ordførar Arve Helle i Fjaler kommune,  seier seg derimot nøydd til å ta opp kampen mot Kulturdepartementet for at villaen vert riven.

Meir om Oddleif Fagerheim på Nrk Sogn og Fjordane sitt Fylkesleksikon
- og på same stad om Nordisk kunstnarsenter.
NKD si verdsvevside

- og her er ei scanna utgåve av artikkelen i Firda - den kan forstørrast - slik at den er meir leseleg - men no også i opprinneleg storleik!

fredag 15. februar 2013

Årsmøtetid i lokallaga og fylkesavdelinga

Vi kjem attende med dei fine programinnslaga som er i tillegg til vanlege årsmøtesaker!

Årsmøtet for Ytre Sogn og Sunnfjord lokallag måndag 25. februar, kl 19.00



 Åshild Kjelstad Seljesæter - leiar Ytre Sogn og Sunnfjord













Indre Sogn lokallag har årsmøte på De Heibergske samlinger samlinger 28. februar klokka 19.00


 Lasse Sælthun - leiar Indre Sogn lokallag













Fylkesavdelinga har årsmøte søndag 7. april i Vik i Sogn


 







Ove Losnegård - leiar fylkesavdelinga

tirsdag 5. februar 2013

Riksantikvaren held på vernet av talkummølla i Framfjorden















Artikkel i Sogn avis - bilete lånt frå Sogn og Fjordane fylkesarkiv.

Riksantikvaren held fast på den mellombelse fredinga av Talkmølla som kan få ei museal bevaring.

Mølleeigaren Norwegian Talc AS ønskjer å riva anlegget som produserte den første sekken med talkum i 1908. Drifta vart lagt ned i 2002, i april 2011 søkte eigaren om å få riva anlegget med mølle, kaianlegg, maskinverkstad, to kvilebrakker, vekt, smie, styrarbustad og restar etter taubana til Lee.
Norwegian Talc direktør Per-Gunnar Leversen sa til Riksantikvaren i fjor haust at han ikkje såg nokon fornuftig bruk av møllekomplekset og klaga på den mellombelse fredinga to dagar etter at Riksantikvaren for alvor kom på bana.

Formannskapet i Vik kommune sa ja til rivingsløyve i desember 2011, grunnlaget for vedtaket var utelukkande for å få overordna styresmakter på bana.
 

fredag 1. februar 2013

Prestegarden i Sogndal - avfredingsspørsmålet!







http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article7441005.ece

Artikkel frå Sogn avis - Sigrid Svartefoss 26.juni 2014.
Ingressen i Sogn avis si verdsvevside i dag:
BESTE LØYSINGA:  Det verste me kan gjera er å senda saka i fanget på Riksantikvaren, sa Nils P Støyva (Ap) t.v., her i drøftingar med frå venstre:Karen Marie Hjelmeseter, Anders Ryssdal og Jenny Følling.Foto: Sigrid Svartefoss

Vernar om prestegard

Fylkesutvalet ønskjer ikkje riving av det freda bygget - motsegn.
 
Fylkespolitikarane står samla på at kommunen må sikra dei antikvariske verdiane på eigedomen, jamfør fredingsvedtaket for Sogndal prestegard.
 

mandag 28. januar 2013

Lindstrømbui klar til 1814-jubileet?

Stendig finn vi meldingar frå Sogn.
Gjer vel -  send oss lenkjer eller kopiar av aviser eller saker til offentleg handsaming, bilete og/eller historier av bygg og saker elles i fylket!













Her er lenkja til Artikkelen i Sogn avis om Lindstrømbui på Løyntnantsbrygga som er tenkt vere ein del av uthusprosjektet i Lærdal.
Lenkja til Sogn avis om orienteringa Riksantikvaren fekk om uthusprosjektet i november 2012. Naustet i artikkelen er Lindstrømnaustet som er eit av bygga som rammar inn Kvammegården på Lærdalsøyri.

Kulturetaten i Lærdal ser føre seg Løytnantsbryggja som ein viktig arena både i samband med grunnlovsjubileet i 2014 og for 150-årsjubileet for Statens vegvesen. Difor burde det området vera opprusta på det tidspunktet, sa Kåre Hovland.
Orienteringa i formannskapet var for å få ei politisk oppankring av uthusprosjektet. Det er so langt ikkje sett av investeringsmidlar til dette prosjektet i dei kommunale budsjetta.
Men kulturkonsulent Ine Nyseth meinte at både næringsfondet og omstillingsmidlar burde vera finansieringskjelder til eit spleiselag for prosjektet.
 
Lenkje til orienteringa for Formannskapet 22.01.2013 - trykk på saka er under Formannskapet veke 4!

fredag 18. januar 2013

Vikenhuset - Vil la huset skine

At Vikenhusets venner gav opp å redde huset på Skei har vore omtala tidlegare.

No kan Viken-huset verte ståande.
Steinar Dvergsdal fortel i artikkel i Firda 17.01.2013 at han vil overta huset og ruste det opp til bustadhus for utleige.Firda fortel at han gjennom ulike selskap eig 50 utleigebustadar.

Ordførar Oddmund Klakegg er positiv til tiltaket, men både hovudutval og kommunestyre må seie sitt. Det er budsjettert med 200.00 i rivingskostnader for eigedomen som no er regulert til offentleg føremål.

I Firda tidend si verdsvevside stod denne artikkelen 11.01.2013
Kan bli rive sjølv om det blir vurdert som verneverdig.
"Dei fleste kulturminne har ikkje juridisk vern, ein er avhengig av at eigar vil ta vare på dei, seier rådgjevar for arkitektur i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Arlen Bidne. No vil ho vurdere verneverdien for Vikenhuset."

Scanna artikkel - side 7 av Firda 17.01.2013

Hopperstad - har tømmerstokk frå 1131-1132!

På Sogn avis si verdsvevside er Generalsekretær Eli-Sofie Thorne i Fortidsminneforeninga varsam med kommentar, det kan vere snakk om gjenbruk av ein stokk.
"– Me kan få to like gamle stavkyrkjer og det ville vera fantastisk, at arven vår i tre har røter som strekkjer seg så langt tilbake i historia. Her snakkar me om eit 100-år etter kristninga av Noreg og det gir tinga ein dimensjon, seier Eli-Sofie Thorne."

I september 2011 tok Terje Thun boreprøver på Hopperstad stavkyrkje i Vik.
Stokken vart hoggen vinteren 1131-32.
Hopperstad kan ha hatt same byggjefase som noverande Urnes.
Nordveggen på Urnes er gjenbruk frå ei tidlegare kyrkje som stod på staden, det kan gjelde for Hopperstad også.

Verdsvevartikkelen i Sogn avis - Utfordrar landets eldste
 
Scanna 1. 16.&17.side av Sogn avis 17.01.2013