At Vikenhusets venner gav opp å redde huset på Skei har vore omtala tidlegare.
No kan Viken-huset verte ståande.
Steinar Dvergsdal fortel i artikkel i Firda 17.01.2013 at han vil overta huset og ruste det opp til bustadhus for utleige.Firda fortel at han gjennom ulike selskap eig 50 utleigebustadar.
Ordførar Oddmund Klakegg er positiv til tiltaket, men både hovudutval og kommunestyre må seie sitt. Det er budsjettert med 200.00 i rivingskostnader for eigedomen som no er regulert til offentleg føremål.
I Firda tidend si verdsvevside stod denne artikkelen 11.01.2013
Kan bli rive sjølv om det blir vurdert som
verneverdig.
"Dei fleste kulturminne har ikkje juridisk vern, ein
er avhengig av at eigar vil ta vare på dei, seier rådgjevar for arkitektur i
Sogn og Fjordane fylkeskommune, Arlen Bidne. No vil ho vurdere verneverdien for
Vikenhuset."
Scanna artikkel - side 7 av Firda 17.01.2013
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar