Gjer vel - send oss lenkjer eller kopiar av aviser eller saker til offentleg handsaming, bilete og/eller historier av bygg og saker elles i fylket!
Her er lenkja til Artikkelen i Sogn avis om Lindstrømbui på Løyntnantsbrygga som er tenkt vere ein del av uthusprosjektet i Lærdal.
Lenkja til Sogn avis om orienteringa Riksantikvaren fekk om uthusprosjektet i november 2012. Naustet i artikkelen er Lindstrømnaustet som er eit av bygga som rammar inn Kvammegården på Lærdalsøyri.
Kulturetaten i Lærdal ser føre seg Løytnantsbryggja som ein viktig arena både i samband med grunnlovsjubileet i 2014 og for 150-årsjubileet for Statens vegvesen. Difor burde det området vera opprusta på det tidspunktet, sa Kåre Hovland.
Orienteringa i formannskapet var for å få ei politisk oppankring av uthusprosjektet. Det er so langt ikkje sett av investeringsmidlar til dette prosjektet i dei kommunale budsjetta.
Men kulturkonsulent Ine Nyseth meinte at både næringsfondet og omstillingsmidlar burde vera finansieringskjelder til eit spleiselag for prosjektet.
Men kulturkonsulent Ine Nyseth meinte at både næringsfondet og omstillingsmidlar burde vera finansieringskjelder til eit spleiselag for prosjektet.
Lenkje til orienteringa for Formannskapet 22.01.2013 - trykk på saka er under Formannskapet veke 4!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar