onsdag 16. januar 2013
Nektar å byggje servicesenter ved stavkyrkja i Vik
- Det er uaktuelt å byggje eit servicebygg ved sida av Hopperstad stavkyrkje, seier leiar Jon E. Tamnes i Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane.
Nrk Sogn og Fjordane sin artikkel har bakgrunn frå dagens BT.
Kommunestyret i Vik kommune vedtok i desember ei anna løysing enn den kyrkjeeigaren ynskjer.
Artikkelen til Nrk Sogn og Fjordane
Ordførar Marta Finden Halset er sitert i verdsvevsartikkelen med at ho ikkje likar haldninga til Fortidsminneforeninga.
- Også dei må innrette seg etter offentleg forvalting og planstyremakter, seier ho til Bergens Tidende.
Lenkjer til oppslag i Grinda 18.desember om plasseringa av servicebygget
Foto: Ottar Starheim - NRK
Husk kommentarfeltet også!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Marta Finden Halset si oppmoding til Fortidsminneforeninga om "å innrette seg etter offentleg forvalting og planstyresmakter", trur eg nyttar lite i ei sak der den som ev. skal bygge og koste eit nytt servicebygg ikkje er einig i reguleringsplanen. Som det er skrive tidlegare vert det inga bygging med eit slikt utgangspunkt. Spørsmålet mitt er om Vik kommune har gjort det dei kunne i planprosessen for å få eigaren med på ei løysing?
SvarSlett