Samarbeid med lokale handverkarar
om vern og vedlikehald av Gamle Lærdalsøyri
Kulturkontoret inviterte, saman med arbeidsgruppa for Gamle
Lærdalsøyri, lokale handverkarar til møte torsdag 28. februar. Med fullsett
kommunestyresal tillet vi oss å tolke at det er stor interesse for å få til eit
samarbeid om restaurering og istandsetting av uthus, naust og butikklokale i
bevaringsområdet. Målet er å få i gang kurs og seminar inneverande år. Godt
samarbeid i Indre Sogn kan vera ein suksessfaktor. Både Aurland, Årdal og
Luster har til dømes dei same utfordringane som Lærdal når det gjeld husbukk.
Kjell Andresen frå Riksantikvaren formidla erfaringane frå uthusprosjektet
på Røros, der det til no er sett i stand 3-400 hus. Arbeidet som er gjort der kan
vera ei rettesnor for den jobben som må gjerast i Lærdal, sa han. Eit
forskingsprosjekt som tek mål av seg å få bukt med husbukken, bør også inn i
prosjektet.
Stig Nordrumshaugen, restaureringsleiar i Sogn og Fjordane
fylkeskommune, formidla tankar om det å skaffa seg kunnskap før ein går i gang
med arbeidet. Reparasjon av eldre hus kan bli omfattande og dyrt, men god
kunnskap gjer også at ein ser kva materiale ein kan nytte opp att. I
bygningsvernarbeidet bør ein bytte ut minst mogeleg. Både Stig Nordrumshaugen
og bygningsfagleg i Fagrådet for Gamle Lærdalsøyri, Jan Arve Lund, kan gje råd
i slike saker.
Vi er godt nøgde med informasjonsmøtet, og optimistiske før
det vidare arbeidet. Nærare sommaren vil vi invitere huseigarane til møte. Vi
kjem tilbake med meir informasjon seinare.
Ine Nyseth
kulturvernkonsulent
kulturvernkonsulent
Foto: Lærdal kommune
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar