Viser innlegg med etiketten Sogn avis. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sogn avis. Vis alle innlegg

onsdag 10. april 2013

Fekk ikkje medhald hjå Fylkesmannen i klagesak

Sogn avis fortel om utfallet av klagesaka der Fortidsminneforeininga ikkje får medhald i klagen mot det planlagde servicebygget ved Hopperstad stavkyrkje.

Avgjerda var som forventa - viser også til blogginnlegget frå 16.januar  og 18.desember.

- og meldinga på Fortidsminneforeninga si verdsvevside.

fredag 5. april 2013

Losjehuset på Lærdalsøyri går mot betre tider!

Losjehuset på Lærdalsøyri frå 1906 er i endring med hjelp frå Fortidsminneforeningen.
Eigar - Lærdal kommune.
 
Illustrasjonsfoto lånt frå Porten.no - uvisst årstal
 
Illustrasjonsfoto lånt frå Sogn avis 2012
 
Illustrasjonfoto frå Fortidsminneforeningen 3.april - med stillas




Illustrasjonsfoto frå Fortidsminneforeningen 4.april 2013 -
utan stillas - og med snekker frå firmaet Johnny Sjøtun.




Fyl med i neste bolk!
 
Lenkjer til nokre av nettartiklane om Losjehuset dei siste åra:




tirsdag 5. februar 2013

Riksantikvaren held på vernet av talkummølla i Framfjorden















Artikkel i Sogn avis - bilete lånt frå Sogn og Fjordane fylkesarkiv.

Riksantikvaren held fast på den mellombelse fredinga av Talkmølla som kan få ei museal bevaring.

Mølleeigaren Norwegian Talc AS ønskjer å riva anlegget som produserte den første sekken med talkum i 1908. Drifta vart lagt ned i 2002, i april 2011 søkte eigaren om å få riva anlegget med mølle, kaianlegg, maskinverkstad, to kvilebrakker, vekt, smie, styrarbustad og restar etter taubana til Lee.
Norwegian Talc direktør Per-Gunnar Leversen sa til Riksantikvaren i fjor haust at han ikkje såg nokon fornuftig bruk av møllekomplekset og klaga på den mellombelse fredinga to dagar etter at Riksantikvaren for alvor kom på bana.

Formannskapet i Vik kommune sa ja til rivingsløyve i desember 2011, grunnlaget for vedtaket var utelukkande for å få overordna styresmakter på bana.
 

mandag 28. januar 2013

Lindstrømbui klar til 1814-jubileet?

Stendig finn vi meldingar frå Sogn.
Gjer vel -  send oss lenkjer eller kopiar av aviser eller saker til offentleg handsaming, bilete og/eller historier av bygg og saker elles i fylket!













Her er lenkja til Artikkelen i Sogn avis om Lindstrømbui på Løyntnantsbrygga som er tenkt vere ein del av uthusprosjektet i Lærdal.
Lenkja til Sogn avis om orienteringa Riksantikvaren fekk om uthusprosjektet i november 2012. Naustet i artikkelen er Lindstrømnaustet som er eit av bygga som rammar inn Kvammegården på Lærdalsøyri.

Kulturetaten i Lærdal ser føre seg Løytnantsbryggja som ein viktig arena både i samband med grunnlovsjubileet i 2014 og for 150-årsjubileet for Statens vegvesen. Difor burde det området vera opprusta på det tidspunktet, sa Kåre Hovland.
Orienteringa i formannskapet var for å få ei politisk oppankring av uthusprosjektet. Det er so langt ikkje sett av investeringsmidlar til dette prosjektet i dei kommunale budsjetta.
Men kulturkonsulent Ine Nyseth meinte at både næringsfondet og omstillingsmidlar burde vera finansieringskjelder til eit spleiselag for prosjektet.
 
Lenkje til orienteringa for Formannskapet 22.01.2013 - trykk på saka er under Formannskapet veke 4!