Artikkel i Sogn avis - bilete lånt frå Sogn og Fjordane fylkesarkiv.
Riksantikvaren held fast på den mellombelse fredinga av Talkmølla som kan få ei museal bevaring.
Mølleeigaren Norwegian Talc AS ønskjer å riva anlegget som produserte den første sekken med talkum i 1908. Drifta vart lagt ned i 2002, i april 2011 søkte eigaren om å få riva anlegget med mølle, kaianlegg, maskinverkstad, to kvilebrakker, vekt, smie, styrarbustad og restar etter taubana til Lee.
Norwegian Talc direktør Per-Gunnar Leversen sa til Riksantikvaren i fjor haust at han ikkje såg nokon fornuftig bruk av møllekomplekset og klaga på den mellombelse fredinga to dagar etter at Riksantikvaren for alvor kom på bana.
Formannskapet i Vik kommune sa ja til rivingsløyve i desember 2011, grunnlaget for vedtaket var utelukkande for å få overordna styresmakter på bana.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar