Viser innlegg med etiketten Framfjorden. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Framfjorden. Vis alle innlegg

mandag 8. april 2013

Eit godt årsmøte i Vik i Sogn 7.april

Fylkesavdelingsstyret - attval på dei som var på val, elles ny styremedlem Ottar Wiik

Styret 2013:
Frå v. :Ove Losnegård leiar, Torkjell Djupedal, Trude Knutzen Knagenhjelm
og Stig A. Nordrumshagen.
(Ottar Wiik var sjuk)
varamedlemmer til styret er Asbjørn Tyssen, Anne Marie Flateby og Edvard Faleide.

Lokallagsleiarane
Lasse Sælthun - Indre Sogn og Åshild Kjelstad Seljesæter -Ytre Sogn og Sunnfjord

Møtelyden vert ynskte velkomne ved talkummølla i Framfjorden.

Gunnar Lee gav møtelyden god innsikt i historia og produksjonsmetodane!
 Inne i mølla

 Ingebjørg Skjerven, eigar av Smia, gav møtelyden god innsikt i historia og framtidsvyane!
 
Vi takkar Kari Wiken&co for godt arbeid med årsmøtearrangementet i Borgstova på Viksøyri!
 
Vi imøteser fleire betre bilete!
Vi kjem attende med årsmelding og arbeidsplan.

tirsdag 5. februar 2013

Riksantikvaren held på vernet av talkummølla i Framfjorden















Artikkel i Sogn avis - bilete lånt frå Sogn og Fjordane fylkesarkiv.

Riksantikvaren held fast på den mellombelse fredinga av Talkmølla som kan få ei museal bevaring.

Mølleeigaren Norwegian Talc AS ønskjer å riva anlegget som produserte den første sekken med talkum i 1908. Drifta vart lagt ned i 2002, i april 2011 søkte eigaren om å få riva anlegget med mølle, kaianlegg, maskinverkstad, to kvilebrakker, vekt, smie, styrarbustad og restar etter taubana til Lee.
Norwegian Talc direktør Per-Gunnar Leversen sa til Riksantikvaren i fjor haust at han ikkje såg nokon fornuftig bruk av møllekomplekset og klaga på den mellombelse fredinga to dagar etter at Riksantikvaren for alvor kom på bana.

Formannskapet i Vik kommune sa ja til rivingsløyve i desember 2011, grunnlaget for vedtaket var utelukkande for å få overordna styresmakter på bana.