Borgund stavkyrkje og besøkssenter opnar onsdag 1.mai klokka 10.00!
Opningstider og meir info om stavkyrkja og senteret på Borgund i Lærdal.
Urnes stavkyrkje opnar torsdag 2.mai klokka 10.30
Opningstider og meir info om stavkyrkja på Ornes i Luster.
søndag 28. april 2013
torsdag 18. april 2013
6 million kroner til 26 prosjekt i Sogn og Fjordane frå Kulturminnefondet.
Norsk kulturminnefond har i styremøte handsama 620 søknader om prosjektstøtte, no er lista over dei 336 prosjekta som har fått stønad offentleggjort. Kulturminnefondet fortel på verdsvevsida si at søknadane også i år har hatt stor tematisk og geografisk spreiing. For Sogn og Fjordane vart det tildelt kr 6 005 000 til 26 ulike prosjekt: Omtalen i Firda - bilete knytt til restaurering av produksjonshallen i Stongfjorden Omtalen i Sogn avis - biletet knytt til Kaupanger hovedgård Pressemelding Sogn og Fjordane Fylkeskommune - bilete knytt til Gamle Innvik Ullvarefabrikk. Lista over dei ulike prosjekta og tilsagnsbeløpa: |
tirsdag 16. april 2013
Bilete frå Rønsetlia - ein husmannsplass i Hyllestad - og mellombels gode meldingar frå Vik!
Leiaren i fylkesavdelinga legg mange gode bilete frå prosjekt ut på FB-sida si "Ove Losnegård snikkar og båtbyggjar".
Ein av biletseriane er frå Rønsetlia høgt over Åfjorden i Hyllestad kommune.
10. april hadde vi dette innlegget om brannberedsskapen i Vik og Luster.
Rådmann og tilsette i Sogn Brann og Redning hadde møte i går 15.april, etter møtet kom desse meldingane:
Nrk SFj Vik utset ny brannordning
Sogn avis Set ny ordning på vent
mandag 15. april 2013
Ikkje heilt nyhende frå Florø, - saknar nyhende frå kysten!
Skisse og foto Ann-Kristin Strømmen
I Firdaposten var det for ei stund sidan denne artikkelen om Hellesenbua, det vert referert til Holmebua, siste verdsvevartikkel vi finn, er frå i fjor.
Vi er glade for skanna utgåver og artiklar frå kysten og Sunnfjord også!
lørdag 13. april 2013
Tildelte stønadsmidlar frå Riksantikvaren
Sogn avis sin artikkel frå fortel om dei ulike prosjekta i fylket som har fått tilskot.
Futegarden Askelund, Balestrand 340.000
Lindstrømnaustet, Lærdal 750.00
Yris hotel, Eid 200.00
Sveen gard hovudhuset, Gaular 300.000
Tingvoll, Stryn 325.000
Bispestova i Lavik, Høyanger 895.000
Bensentunet, Jølster 60.000
Synneva Eris hus, Lærdal 50.000
Kaupanger hovedgård brannkjellaren 30.000
og restaureringsleiar freda bygg 250.000
Hagevik tønnefabrikk, Vågsøy 100.000
Handels og gjestgjevarstaden Vågsberget 200.000
Svanøy, hovedhuset 30.000
og restaureringsleiar freda bygg 120.000
Dette er tala frå Sogn avis
Her finn du den skanna artikkelen:
onsdag 10. april 2013
Fekk ikkje medhald hjå Fylkesmannen i klagesak
Sogn avis fortel om utfallet av klagesaka der Fortidsminneforeininga ikkje får medhald i klagen mot det planlagde servicebygget ved Hopperstad stavkyrkje.
Avgjerda var som forventa - viser også til blogginnlegget frå 16.januar og 18.desember.
- og meldinga på Fortidsminneforeninga si verdsvevside.
Avgjerda var som forventa - viser også til blogginnlegget frå 16.januar og 18.desember.
- og meldinga på Fortidsminneforeninga si verdsvevside.
Etiketter:
fylkesmannen,
hopperstad,
servicebygg,
Sogn avis,
stavkyrkje,
Vik
Vik og Luster endrar brannberedskapen frå 1.mai
Eigedomssjef Eli-Sofie Thorne fortel at Fortidsminneforeninga ikkje kjende til kutta i brannberedskapen før NRK ringde og fortalde om dette.
I denne artikkelen i Nrk Sogn og Fjordane fortel ordførar i Vik og brannsjef i Sogn brann og redning, Johnny Skjerping kvifor det ikkje er naturleg å varsle eigarar av kulturminne.
Etter møte i dag, 15. april har Nrk denne meldinga Vik utset ny brannordning.
- og møtet er referert slik i Sogn avis: Set ny ordning på vent.
Foto Nrk/Fortidsminneforeninga
Etiketter:
brannberedskap,
eigedomssjef,
Eli-Sofie Thorne,
hopperstad,
Nrk,
stavkyrkje,
Vik
tirsdag 9. april 2013
Vi utvidar Grindabloggen med nye sider - vil du bidra?
På høgresida i linja ovanfor er det nye sideoverskrifter:
Prosjekthistorier , Publiserte artiklar og Informasjon og referat - møter og arrangement
Vi ber alle om å bidra og å gjere oss merksame på artiklar som kan nyttast!
Prosjekthistorier , Publiserte artiklar og Informasjon og referat - møter og arrangement
Vi ber alle om å bidra og å gjere oss merksame på artiklar som kan nyttast!
mandag 8. april 2013
Eit godt årsmøte i Vik i Sogn 7.april
Fylkesavdelingsstyret - attval på dei som var på val, elles ny styremedlem Ottar Wiik
Styret 2013:
Frå v. :Ove Losnegård leiar, Torkjell Djupedal, Trude Knutzen Knagenhjelm
og Stig A. Nordrumshagen.
(Ottar Wiik var sjuk)
varamedlemmer til styret er Asbjørn Tyssen, Anne Marie Flateby og Edvard Faleide.
Lokallagsleiarane
Lasse Sælthun - Indre Sogn og Åshild Kjelstad Seljesæter -Ytre Sogn og Sunnfjord
Møtelyden vert ynskte velkomne ved talkummølla i Framfjorden.
Gunnar Lee gav møtelyden god innsikt i historia og produksjonsmetodane!
Inne i mølla
Ingebjørg Skjerven, eigar av Smia, gav møtelyden god innsikt i historia og framtidsvyane!
Vi takkar Kari Wiken&co for godt arbeid med årsmøtearrangementet i Borgstova på Viksøyri!
Vi imøteser fleire betre bilete!
Vi kjem attende med årsmelding og arbeidsplan.
Etiketter:
Borgstova,
Framfjorden,
lokallagsleiar,
Smia,
styret 2013,
Talkummølle,
Vik,
årsmøte
fredag 5. april 2013
Losjehuset på Lærdalsøyri går mot betre tider!
Losjehuset på Lærdalsøyri frå 1906 er i endring med hjelp frå Fortidsminneforeningen.
Eigar - Lærdal kommune.
Eigar - Lærdal kommune.
Illustrasjonsfoto lånt frå Porten.no - uvisst årstal
Illustrasjonsfoto lånt frå Sogn avis 2012
Illustrasjonfoto frå Fortidsminneforeningen 3.april - med stillas
Illustrasjonsfoto frå Fortidsminneforeningen 4.april 2013 -
utan stillas - og med snekker frå firmaet Johnny Sjøtun.
utan stillas - og med snekker frå firmaet Johnny Sjøtun.
Fyl med i neste bolk!
Lenkjer til nokre av nettartiklane om Losjehuset dei siste åra:
Etiketter:
Losjehuset,
Lærdalsøyri,
Porten,
Sogn avis,
verneområdet
torsdag 4. april 2013
Årsmøte med to spanande omvisninger i Borgstova i Vik i Sogn 7.april
Påminning om årsmøtet i Sogn og Fjordane avdeling søndag 7.april.
Alle medlemmene er innkalla pr e-post eller brev.
Oppmøte Kommunehuset klokka 11.00
Samkøyring til Talkummølla i Framfjorden - her er eit tidlegare blogginnlegg
12.30 Omvisning i Smia - flyttinga er omtala i denne Nrk-artikkelen
13.30 Lønsj i Borgstova - Artikkel frå sffarkiv.no
14.00 - 16.00 Årsmøte
Husk å melde frå at du kjem - slik at alle får lønsj!
Alle medlemmene er innkalla pr e-post eller brev.
Oppmøte Kommunehuset klokka 11.00
Samkøyring til Talkummølla i Framfjorden - her er eit tidlegare blogginnlegg
12.30 Omvisning i Smia - flyttinga er omtala i denne Nrk-artikkelen
13.30 Lønsj i Borgstova - Artikkel frå sffarkiv.no
14.00 - 16.00 Årsmøte
Husk å melde frå at du kjem - slik at alle får lønsj!
Abonner på:
Innlegg (Atom)