onsdag 14. august 2013

Kulturminne-øyhopping i Solund søndag 25.august!

Ikkje la sjansen gå frå deg!
Dagstur til Utvær, Indrøy og Hersvik sundag 25. august 2013.


 
 
Opplev unike kulturminne i det særeigne øylandskapet i Solund og kom opp i tårnet på fyret på Noregs vestlegaste punkt!

Det er Fortidsminneforeininga i Ytre Sogn og Sunnfjord og Norsk Kystkulturakademi som inviterer.

Fjesboksida til Ove Losnegård er arbeidet godt dokumentert!

Tilbodet er ein del av Solund villsaufestival som føregår siste helga i august 2013.

Program:

11.00     Båten går frå Hardbakke (ferje frå Rysjedalsvika 09 05,
              frå Rutledal 09 30, Krakhella-Hardbakke 23 km


11.45     Utvær, Noregs vestlegaste punkt.

Ove Losnegård tek imot og fortel om restaureringsarbeidet på fyrbygningane. Du får omvising og kan nyte den flotte utsikta frå tårnet. Servering av bacalao og kaffi, sal av øl, vin og mineralvatn.

15.00     Avreise frå Utvær

15.30     Indrøy handelsstad med butikk, ishus, fiskemottak, trandamperi og nothengje. Leiar i Solund Sogelag, Bjørn Magne Hansen, tek imot og fortel om historia til handelsstaden

17.00     Krambua på Hersvik. Her har Solund Sogelag arbeidd i mange år for restaurering av dei to samanbygde sjøbuene med butikk i. Kaffi og litt å bite i før vi returnerer til Hardbakke

18.00 – 18.30 Hardbakke. Ferja går frå Krakhella 20.00, så då har du tid til eit betre måltid på Solund Bryggje om du ynskjer det.


Billettprisar: Medlemmer i Fortidsminneforeininga kr 700. Andre kr. 750.
Billettprisen inkluderer båt, omvisingar, lunsj og kaffi.

Nærare informasjon får du hjå Norsk Kystkulturakademi tlf 48 10 57 74.


Påmelding til Tone Elise Brenna. Tlf : 97 03 72 40. E-post : tone@tb-event.no

Påmelding innan 20. august. Vi har 28 plassar på båten, så ver tidleg ute!

Velkomne til Solund!

Fortidsminneforeninga i Ytre Sogn og Sunnfjord

Epost: sognogfjordane@fortidsminneforeningen.no

tirsdag 16. juli 2013

Kamp for Hendanes fyr (99) i Vågsøy

 




Mike Renard svensk/sørafrikanar og kona bestemte seg tidlegare i sommar for å bruke så mykje tid og krefter som dei kan for å forsøke å redde fyret.

Mike Renard vert i denne artikkelen sitert på at han ville verte fyrvektar då han var barn
Her er ein tidlegare artiklar i fjt.no.

Andre artiklar om fyret er til dømes:
Norsk fyrhistorisk forening med denne artikkelen.
Allereie i 2005 hadde Nrk Sogn og Fjordane denne artikkelen.
illustrasjonsfoto fjt.no Kari Midtgård Råsberg

fredag 12. juli 2013

Noregs minste samferdsle- og kommunikasjonsmuseum er naturlegvis i Sogn og Fjordane



På fergekaia i Fjærland er den velkjende raude telefonkiosken plassert saman med bua til den gamle bonstasjonen.
Nrk Sogn og Fjordane sin verdsvevartikkel.  Illustrasjonsfotoet er deira - Eivind Ødegård.
Fjærlandstunnelen opna i 1986, særs viktig i sambandet til Austlandet frå Sunnfjord.
Telefonkiosken - Riksen - vart teikna i 1932.
Nrk -Fylkesleksikon fortel godt om dei mange samferdslehistoriene,
og naturlegvis på Bokbyen Fjærland si eiga verdsvevside!

Fjærland er verdt å stogge i av endå fleire museale grunnar - Bremuseet!

Andre kommunikasjonsmuseum i fylket er Norsk Telemuseum og Postmuseet i Lærdal.
Telegrafstasjonen vart opna for 155 år sidan.

lørdag 8. juni 2013

Fasade er viktig!


Laurdagskvelden er det meste av Losjehuset skrapa, sørveggen har fått sitt første tynne lag med linoljemåling, vi nyttar Kulturhantverkarna Färg.


Losjehuset vart bygd i 1906 for den lokale IOGT-losjen Sygna.
Huset vart også mykje nytta til møtelokale for andre organisasjonar, særleg for arbeidarrørsla. Losjehuset har også tent som arbeidsstove, barnehage og framhaldsskule,
og som Audun fortalde på fredag var Losjehuset også øvingslokale for Lærdal songlag, skipa i 1952.


I ei kasse på loftet på losjehuset var desse losjeordenane - dei vil verte reingjorde og tekne vare på.
Dei var kvite eller raude, dei hadde ulike symbol som viste ulike funksjonar og verv.
Anne Margrete fortalde om han som stod vakt i døra og passa på at det kun var medlemmer som kom inn, ordenen hans hadde ein brodert kvit V.


Nrk Sogn og Fjordane Fylkesleksikon har ei fin artikkelsamling om fråhaldsrørsla - der er det også bilete som vider korleis ordenane vart borne.
og slik vert historia til organisasjonen skildra i ein Wikipedia-artikkel.

Sidan mars har Ungdomshuset og Losjehuset vore ein del av Verneområdet -
Måledugnad er sosialt og triveleg!
Losjehuset skal få tre strøk linoljemåling 
og vindauga treng både måling, kitt og glas før dei kan pussast!


 
Det vert dugnadsettermiddagar og dagar iløpet av sommaren - meld gjerne frå når det høver!












 

 
 



 

 







 
foto Jon, Gunn og Bente - og fleire kjem etterkvart!


onsdag 5. juni 2013

Plastmåling, målingsdugnad, husbukk og lesebok.



På Bygg og bevar si FB-side er det i dag denne lenkja til ein artikkel om både plastmåling og anna måling.

Det nærmar seg målingsdugnad på Losjehuset i Lærdal, der vert det nytta linoljemåling slik det skal gjerast innanfor Verneområdet. Alle huseigarane får dekka 60% av kostnaden av Lærdal kommune.
Sidan fasaden diverre vart høgtrykkspylt i fjor, vert det litt ekstra skrapearbeid.

Endå ei lenkje frå Lærdal, Sogn avis er flink til å gjere artiklane tilgjengelege på verdsveven:
Lærdal formannskap inviterer nabokommunane til å vere med på husbukkprosjektet som er ein del av prosjektet for å redde dei gløymde husa i Verneområdet.

Prosjektet er elles finansiert med støtte frå UNI-stiftinga, Riksantikvaren og Lærdal kommune.

Den vesle stavkyrkjeboka er til sals der billettane vert selde - ei retteleg godt tilbod!

Illustrasjonsbilete - Ifi.

mandag 3. juni 2013

Menypunktet - Prosjekthistorier er sett i gang!

Lenkje direkte til prosjekthistorier 


Prosjekt Opplevelseslandskap - Kaupanger Hovedgård
Trude og Kristoffer Knagenhjelm




Frå før er menypunktet Publiserte artiklar  teke i bruk

Der ingen skulle tru at insekt skulle bu...
Artikkelen til restaureringsleiar ved kulturavdelinga i Sogn og Fjordane Stig A. Nordrumshaugen som vart publisert i Kulturbloggen - sfj.kulturnett.no 18.april 2013.

Claus S. R. Lindstrøm (1930-2013)
Minneordet er skrive av Hallvard Trohaug arkitekt mnal, publisert i Helg&Kvardag 2-2013.

søndag 2. juni 2013

Losjehuset på Lærdalsøyri - måledugnad 7.-9. juni




Fortidsminneforeningen Indre Sogn inviterer til måledugnad av Losjehuset førstkomande helg!
 
Fortidsminneforeninga har inngått ein avtale med Lærdal kommune om oppussing av huset. I løpet av vinteren/våren har vi med hjelp av finansiering frå Sparebankstiftelsen DNB NOR fått reparert taket.
 
No vil vi måle bygninga i løpet av komande helg -
og inviterer medlemmer og sympatisørar til å ta i eit tak.
  
Fortidsminneforeninga har fått med seg dyktige fagfolk, -
nyttige råd og vink kan bytast med å vere med på arbeidet nokre timar eller heile helga.
 
Fredag 12.00 - 16.00
laurdag 9.00 - 16.00
søndag 12.00-16.00
 
Ta med skrape og arbeidskle!
 
Fortidsminneforeninga held med mat og drikke.
 
Vi har måling og penslar.
 
Du kan sjølv velge om du vil klatre i stige og sjå Lærdalsøyri ovanfrå
eller stå på marka og måle nederste bord og vindauge!
 
For informasjon tlf 57678840 eller s-post: sognogfjordane@fortidsminneforeningen.no
 
 
Med på biletet er atter ein gong snekkeren frå firmaet Johnny Sjøtun!