Ikkje la sjansen gå frå deg!
Dagstur til Utvær, Indrøy og Hersvik sundag 25. august 2013.
Opplev
unike kulturminne i det særeigne øylandskapet i Solund og kom opp i tårnet på fyret på Noregs vestlegaste punkt!
Det
er Fortidsminneforeininga i Ytre Sogn og Sunnfjord og Norsk Kystkulturakademi
som inviterer.
På Fjesboksida til Ove Losnegård er arbeidet godt dokumentert!
Tilbodet er ein del av Solund villsaufestival som føregår siste helga i august 2013.
Program:
11.00
Båten går frå Hardbakke
(ferje
frå Rysjedalsvika 09 05,
frå Rutledal 09 30, Krakhella-Hardbakke 23 km
11.45
Utvær, Noregs
vestlegaste punkt.
Ove
Losnegård tek imot og fortel om restaureringsarbeidet på fyrbygningane. Du får
omvising og kan nyte den flotte utsikta frå tårnet. Servering av bacalao og
kaffi, sal av øl, vin og mineralvatn.
15.00 Avreise
frå Utvær
15.30 Indrøy handelsstad med butikk, ishus,
fiskemottak, trandamperi og nothengje. Leiar i Solund Sogelag, Bjørn Magne
Hansen, tek imot og fortel om historia til handelsstaden
17.00 Krambua på Hersvik. Her har Solund
Sogelag arbeidd i mange år for restaurering av dei to samanbygde sjøbuene med
butikk i. Kaffi og litt å bite i før vi returnerer til Hardbakke
18.00 – 18.30 Hardbakke.
Ferja går frå Krakhella 20.00, så då har du tid til eit betre måltid på Solund
Bryggje om du ynskjer det.
Billettprisar: Medlemmer i Fortidsminneforeininga kr 700. Andre kr. 750.
Billettprisen inkluderer båt, omvisingar, lunsj og kaffi.
Nærare informasjon får du hjå Norsk Kystkulturakademi tlf 48 10 57 74.
Påmelding
til Tone Elise Brenna. Tlf : 97 03 72 40. E-post : tone@tb-event.no
Påmelding
innan 20. august. Vi har 28 plassar på
båten, så ver tidleg ute!
Velkomne
til Solund!
Fortidsminneforeninga
i Ytre Sogn og Sunnfjord
Epost:
sognogfjordane@fortidsminneforeningen.no
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar