onsdag 5. juni 2013
Plastmåling, målingsdugnad, husbukk og lesebok.
På Bygg og bevar si FB-side er det i dag denne lenkja til ein artikkel om både plastmåling og anna måling.
Det nærmar seg målingsdugnad på Losjehuset i Lærdal, der vert det nytta linoljemåling slik det skal gjerast innanfor Verneområdet. Alle huseigarane får dekka 60% av kostnaden av Lærdal kommune.
Sidan fasaden diverre vart høgtrykkspylt i fjor, vert det litt ekstra skrapearbeid.
Endå ei lenkje frå Lærdal, Sogn avis er flink til å gjere artiklane tilgjengelege på verdsveven:
Lærdal formannskap inviterer nabokommunane til å vere med på husbukkprosjektet som er ein del av prosjektet for å redde dei gløymde husa i Verneområdet.
Prosjektet er elles finansiert med støtte frå UNI-stiftinga, Riksantikvaren og Lærdal kommune.
Den vesle stavkyrkjeboka er til sals der billettane vert selde - ei retteleg godt tilbod!
Illustrasjonsbilete - Ifi.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar