Nokre tek vare på gardshusa sine - fotograf Oddleiv Apneseth og journalist Eva Røyrane har reist gjennom alle fylke for å dokumentera det svært mangfaldige norske låvelandet.
Sjå forlaget Skald sin biletpresentasjon av boka.
Forlaget Skald si pressemelding
Fortidsminneforeninga Sunnfjord og Ytre Sogn er medarrangør i Sunnfjord.
Om arrangementet på Åmot operagard
Boka er såleis eit referanseverk som viser dei mange ulike geografiske variantane, dei arkitektoniske kvalitetane og kulturminneverdien til denne bygningen.
Med 560 sider og over 1000 foto.
Dei presenterer mangfaldet frå velhaldne til forfalne låvar og frå tradisjonelle til arkitektteikna låvar.
Norges låver er ei praktbok som med heile 560 sider og over 1000 foto er det største verk som er laga om denne delen av norsk kulturhistorie. Boka fortel historia om den norske låven, det viktigaste uthuset i norsk landbruk, eit ikon i det norske landskap.
torsdag 16. oktober 2014
onsdag 1. oktober 2014
Viken-huset - kommunestyrevedtaket og ulike medieomtalar.
Godt å få saka ut av verda seier Arve Dvergsdal som organiserte rivingsarbeidet i regi av Jølster brannvern - frå Firda Tidend
Så vart Vikenhuset rive - Nrk Heidi Lise Bakke
No byrjar rivinga Firda
Handsaming i Kommunestyret 30.09.2014
Ordførar orienterte om saka.
Kommunestyret må først røyste over om Jølster kommune skal realitetshandame framlegget frå SV om å reise saka på nytt i kommunestyret.
Ragnhild Sæle AP framlegg: Kommunestyret må røyste over om saka skal realitetshandamast
Det vart først røysting over følgjande framlegg:
Jølster kommune skal realitetshandsame framlegget frå SV om å reise saka på nytt ikommunestyret, vedlegg til sak 062/14.
Framlegg om å realitetshandsame framlegget frå SV fall med 22 mot 3 røyster
KST-062/14 Vedtak:
Jølster kommunestyre reiser ikkje saka på nytt. Vedtak UPU-sak 024/14 og FSK-sak 33/14 er endeleg.
Firda Tidend om resultatet av Kommunestyret ui Jøster kommune:
Firda Tidend om at Vikenhusets vener ber Riksantikvaren om midlertidig freding.
Firda om brevet til Riksantikvaren
Nrk Sogn og Fjordane melding Fylkesnytt kl. 15.05
lørdag 27. september 2014
Norges låver - bokslepp
Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth
fortel historia til den norske låven med ord og bilete.
Bokslepp på Åmot Operagard fredag 17.oktober kl 18.30
SKALD forlag sin presentasjon av boka
Arrangementet er gratis, open bar frå 17.30 og sal av svele og kaffi.
Etter foredrag sal av suppe med brød kr 150,- .
Reservasjon av suppe booking@operagarden.no
Arrangementet er eit samarbeid mellom Fortidsminneforeninga Ytre Sogn og Sunnfjord, Åmot
Operagard og SKALD forlag.
Pressemeldinga frå SKALD:
mandag 1. september 2014
Sak til kommunestyret i Jølster om Midttunet og Vikenhuset
"Om planane som er skisserte er realistiske, vil fortidsminneforeininga sitt engasjement i Jølster vere ein unik ressurs, og vere med på å bygge opp under eit fagmiljø Jølster kommune har stort behov for. Forslaget om å setje i stand både Vikenhuset og Midttunet er ei mogelegheit Jølster kommune ikkje bør takke nei til før vi har fått ei betre utdjuping av innhaldet og realismen i Fortidsminneføreininga sine planar."
Jølster SV ber om at saka om Vikenhuset vert teken opp i kommunestyret på neste ordinære møte.
torsdag 31. juli 2014
Norsk Kulturminnefond har delt ut 54,5 av dette fekk Sogn og Fjordane 2 558 700 kroner.
Lenkje til Kulturminnefondet
Lenkje til verdsveven til Sogn og Fjordane Fylkeskommune
Øvste Stigen i Aurland - illustrasjonsfoto frå Sognafoto
Om Ingeniørmessa i Firdaposten 30.juli 2014
og meir om spora etter industrien i Svelgen
frå ein artikkel i BT. 6.juli 2012
Oddebui - ei av mange landhandlar i Lærdal
NRK Fylkesleksikon
Byporten i Høyanger er sentral i verdsvevsida til Høyanger industrimuseum
NRK fylkesleksikon om Klokkargarden Solberg i Førde
Tilsagnslista:
| Øvste Stegen - våningshus med svål | Aurland | 70 200 |
| Elling-Hans-Stova | Aurland | 350 000 |
| Lønnehuset på Engum | Balestrand | 136 000 |
| Villabakken- messa | Bremanger | 86 000 |
Olafjøsen, Ytre -Hennestøylen | Eid | 100 000 |
| Raudebuda | Eid | 180 000 |
| Klokkargarden Solberg | Førde | 180 500 |
| Vedahuset/bua | Førde | 103 000 |
| Bu i Sande sentrum | Gaular | 128 000 |
| Byporten, vindauge og spir | Høyanger | 56 500 |
| Bakken -våningshus | Høyanger | 200 000 |
| Elvemiljø | Jølster | 100 000 |
| Grovane -kyrkjebåt/føringsbåt med naust | Jølster | 75 000 |
| Øyralåven | Luster | 85 000 |
| Tønnsberg, Solvorn | Luster | 275 000 |
| Oddebui | Lærdal | 378 000 |
| Gamlestova Gbnr. 15/1 | Solund | 21 000 |
| Vedlikehaldstiltak Sjåen | Solund | 21 000 |
| Naustet, sperrer og skråband | Solund | 13 500 |
| Sum | 2 558 700 |
Bevaring vs. Skaparkraft - i verdas vakraste ramme
Bevaring:
"Fortidsminneforeningenønskjer å setje i stand Midttunet. Men berre dersom Jølster kommune ikkje riv Vikenhuset på Skei.
"Fortidsminneforeningenønskjer å setje i stand Midttunet. Men berre dersom Jølster kommune ikkje riv Vikenhuset på Skei.
– Vi ser at Jølster kommune har mange kulturminne som treng vern og vedlikehald, og ønskjer å hjelpe kommunen med å skaffe pengar til sikring av bygningane, og å hjelpe med råd og ressursar for å setje i stand det unike Midttunet, og om naudsynt òg overta eigarskapen av det, seier styreleiar i Fortidsminneforeningen, Leif Kahrs Jæger, til Firda."
Skaparkraft:
"– Kvifor vil kommunen rive Vikenhuset?
Skaparkraft:
"– Kvifor vil kommunen rive Vikenhuset?
– Det er fleire grunnar. Kommunen har ikkje bruk for huset, og ikkje har vi fått andre til å kjøpe det. Til ei viss grad hindrar det òg universell tilkomst til kommunehuset.
– Har Jølster kommune råd til å takke nei til tilbodet frå Fortidsminneforeninga om hjelp til Midttunet?
– Å drive politikk handlar om å prioritere, og vern av bygningar er diverre ikkje det vi kan prioritere høgst, avsluttar Klakegg."
Artikkelen desse sitata er henta frå er frå denne verdsvevartikkelen:
"Tilbyr hestehandel - Firda 24.7.2014
Det er denne artikkelen Wenche Steinsvik viser til i sitt innlegg i Synspunkt i avisa.
"Vikenhuset og Jølster kommune"
Jølster kommune sin slogan :Skaparkraft - i verdas vakraste ramme.
Det er denne artikkelen Wenche Steinsvik viser til i sitt innlegg i Synspunkt i avisa.
"Vikenhuset og Jølster kommune"
Jølster kommune sin slogan :Skaparkraft - i verdas vakraste ramme.
onsdag 30. juli 2014
Vikenhuset og Jølster kommune - ubegripeleg stort negativt engasjement mot eit hus
Wenche Steinsvik frå Vassenden i Jølster kommune, lærar i visuell kunst, arkitektur og design
har i dagens Firda, eit innlegg under Synspunkt s. 10-11.
Abonner på:
Innlegg (Atom)




