Skipingsmøte på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum 10.12.2012, kl 19.30
Før skipingsmøtet av lokallaget, er det ekstraordninært årsmøte kl 19.00.
Velkomen til to korte møter etter førjulshygge på museet!
Det er Førjulskveld med fjøsnisse, kanefart, julegraut og julehandel kl 15-19 på museet!
Lenkja til Førjulskvelden
Forslag til vedtekter:
Før skipingsmøtet av lokallaget, er det ekstraordninært årsmøte kl 19.00.
Velkomen til to korte møter etter førjulshygge på museet!
Det er Førjulskveld med fjøsnisse, kanefart, julegraut og julehandel kl 15-19 på museet!
Lenkja til Førjulskvelden
Forslag til vedtekter:
Vedtekter
for Indre Sogn lokallag av Fortidsminneforeninga, Sogn og Fjordane avdeling.
§ 1: Føremål
Indre Sogn lokallag er ei underavdeling
av Fortidsminneforeninga, Sogn og Fjordane avdeling.
Føremålet med arbeidet er å ta vare på
verneverdige kulturminne og skape ei allmenn forståing for kulturvern i
kommunane Vik, Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Sogndal, Leikanger og Balestrand.
§ 2: Medlemsskap
Medlemer av Fortidsminneforeninga som
bur i dei nemnde kommunane vert medlemer av lokallaget, dersom dei ikkje har
bede om noko anna. Medlemer i lokallaget er automatisk medlemer av Sogn og
Fjordane avdeling. Sjå elles Fortidsminneforeninga sine lover §2.
§ 3: Rett til deltaking i avdelinga sine styremøte
Lokallaget har rett til ein ekstra
representant på avdelinga sine styremøte i alle saker som vedkjem lokallaget.
Representanten har tale- og forslagsrett, men ikkje stemmerett.
§ 4: Kontingent og økonomi
Den delen av medlemskontingenten frå
lokallaget sine medlemer som vert tilbakeført frå hovudstyret vert fordelt
mellom lokallaget og Sogn og Fjordane avdeling etter vedtak på fylkesårsmøtet. Lokallaget
disponerer eigne kontingentinntekter, gåver, og midlar tildelt etter søknad,
samt inntekter frå laget sine eigne aktivitetar. Lokallaget kan søkje om midlar
som vert tildelte innafor lokallaget sitt geografiske område.
§ 5: Årsmøte
Årsmøte skal vere avvikla innan 1. mars
kvart år. Styret i lokallaget kallar inn til årsmøte. Innkallinga skal vere
skriftleg med minst 14 dagars varsel. Innkallinga kan også sendast elektronisk.
Innkallinga skal sendast til alle medlemene i lokallaget og til styret i Sogn
og Fjordane avdeling.
Ein representant frå avdelingsstyret har
møterett og talerett på årsmøtet, men ikkje forslagsrett eller stemmerett.
Årsmøtet skal handsame desse sakene:
1. Val
av møteleiar
2. Årsmelding
3. Rekneskap
4. Val
av leiar for 2 år
5. Val
av minst 2 styremedlemer for 2 år. Ved
fyrste gongs val vert den eine vald for eitt år ved loddtrekning.
6. Val
av 2 varamedlemer for eitt år.
7. Val
av valnemnd på 3 personar og eitt varamedlem. Ved fyrste gongs val vert den
eine vald for eitt år ved loddtrekning.
8. Val
av revisor.
9. Val
av utsendingar til årsmøtet i Sogn og Fjordane avdeling.
10. Andre
saker som er fremja av styret og nemnde i innkallinga eller som er fremja av
minst 1/3 av laget sine medlemer.
Vedtak
vert gjort med simpelt fleirtal.
Ekstraordinært årsmøte kan haldast når
lokallagsstyret, avdelingsstyret eller 1/3 av medlemene krev det.
§ 6: Styret
Lokallaget
vert leia av eit styre på 3 personar, med 2 varamenn i rekkjefølgje. Styret står for
lokallaget sine løpande oppgåver og legg fram årsmelding og rekneskap for
årsmøtet, Sogn og Fjordane avdeling og foreninga sentralt. Styret kan opprette faggrupper
til hjelp i det daglege arbeidet. Styret er vedtaksføre når 3
medlemer/vara er til stades.
Det skal førast møtebok frå styremøta. Protokollen
skal sendast til avdelinga og til hovudstyret.
§ 7. Vedtekter og vedtektsendring
Framlegg til endring av vedtektene skal
takast opp som sak på lokallaget sitt årsmøte. Vedtektsendring krev 2/3
fleirtal. Vedtekter og vedtektsendringar skal godkjennast av avdelingsstyret og
hovudstyret. Desse kan ikkje vere i strid med foreninga sine lover eller
avdelinga sine vedtekter.
§ 8 Opphøyr og oppløysing
Dersom lokallaget opphøyrer å fungere
ved at det ikkje vert lagt fram årsmelding og rekneskap, ikkje vert kalla inn til
årsmøte eller styremøte, opphøyrer retten til å motta eigne kontingentinntekter
og avdelinga kan kalle inn til ekstraordinært årsmøte for å oppløyse
lokallaget.
Lokallaget kan oppløysast på årsmøte
eller på ekstraordinært årsmøte med minst 2/3 av stemmene. Melding om dette
skal sendast avdelinga og hovudstyret. Avdelingsstyret fastset korleis lokallaget
sine midlar skal forvaltast etter oppløysinga.
...og vi er vel nøgde med skipinga. Måtte Indre Sogn lokallag bløme i tida som kjem!
SvarSlett