Laurdag 1. desember kl 10.00 – 16.00
inviterer
Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane
avd til seminar i:
Praktisk bygningsvern
Til deg
som er glad i gamle hus og vil ta godt vare på dei! Velkomen til seminar i
kulturhistoriske omgjevnader på Jensbua i Fjaler
Få gode tips om enkelt vedlikehald, reparasjonar, restaurering og klimautfordringane. Ved Stig Nordrumshaugen, kulturavdelinga i fylkeskommunen.
Om vøling av gamle vindauge. Kva kan du gjere sjølv for å ta
vare på dei originale vindauga i huset ditt? Gamalt glas gjev huset karakter og
dei gamle vindauga er av betre kvalitet enn dei som vert laga i dag. Ved
snikkar, båtbyggjar og leiar av Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane, Ove Losnegård.
Linoljemåling er ei av dei beste målingstypane du kan bruke!
Den passar på de fleste overflater og er lett å måle med. Få med deg denne
grundige gjennomgang av kva linoljemaling er og kva eigenskapar den har. Ved
bygningsantikvar Hans Johnsson.
I løpet av dagen vert det òg ein kort gjennomgang av dei
støtteordningane som private huseigarar kan søke på, og høve til å snakke med
våre tre fagpersonar. I samband med lunsjen blir det etablering av Ytre Sogn og Sunnfjord lokallag av
Fortidsminneforeninga.
Arrangementet er ope for alle og kostar kr 500 for medlemmer
av Fortidsminneforeningen og kr 700 for andre (gratis for alle under 18 år!).
Dette inkluderer føredrag og lunsj m/kaffe. Den som teiknar medlemskap i løpet
av kursdagen får attende mellomlegget på kr 200.
Påmelding via e-post: sognogfjordane@fortidsminneforeningen.no
eller på tlf 57 67 88 40
FORTIDSMINNEFORENINGA
Sogn og Fjordane avdeling
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar