onsdag 26. februar 2014
Viktig kulturminneverndebatt OG årsmøte Indre Sogn på De Heibergske!
Årsmøtet for Indre Sogn lokallag vert helde onsdag 5.mars klokka 18.00
på De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum, Kaupanger.
De Heibergske Samlingar og Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane set kulturminnevern på dagsorden på ein debattkveld onsdag 5.mars klokka 19.00.
Ein viktig debatt kring kor ulikt me ser på verdien av kulturminna våre.
Innleiarar frå Sogndal kommune, Lærdal kommune, Fylkeskommunen og Fortidsminneforeninga.
Programmet for årsmøtet:
Vanlege årsmøtesaker og
Arbeidsplan for 2014 - kom med innspel.
Verdsvevsida til Dei Heibergske med meir info!
På årsmøtet for Ytre Sogn lokallag i Førde i morgon :
Vanlege årsmøtesaker og
orientere om status for planane om Jensbua bygningsvernsenter.
Lenkje til jensbua.no
Jensbua på Fylkesleksikonet
onsdag 19. februar 2014
Villa Visnes i Stryn - vår felles arv, eller tapt sak?
Brev frå
Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane og Antikvarisk utval
Til
Stryn kommuneSogn og Fjordane fylkeskommune
Kaupanger,
19.2.2014
Villa Visnes i Stryn – vår felles
arv, eller tapt sak?
Det
har dei føregåande månadane gått føre seg ei sak kring sveitserstilhotellet
Villa Visnes (tidlegare Hotel Central, og seinare Stryn husmorskule). Saka
gjeld ombygging og bruksendring av deler av bygget, noko
som vil føre til utvendige endringar av bygget som nye verandaer og endra
takform på trapperom på austsida.
Teknisk
utval i Stryn kommune har gjeve rammeløyve til gjennomføring, der Kulturavdelinga
i Sogn og Fjordane fylkeskommune har sendt klage på vedtaket. Grunngjevinga for
klagen er brot på verneføresegnene i spesialområdet med føremål
kulturminnevern, samt brot på vernestatusen for den konkrete bygningen. Stryn
kommune v/Sektorutval for tekniske saker har i vedtak avvist fylkeskommunen sin
klage med heimel i Forvaltningslova og at klagefristen ikkje vart overhaldt.
Siste formelle rørsle i saka er at Sogn og Fjordane fylkeskommune har påklaga
Stryn kommune sin avvisning av klagen.
Tidlegare
Hotel Central har nasjonal verneverdi, som sveitserhotell med høg grad av
autentisitet i eksteriør, og for ein del også i interiøret. Bygningen
fekk, i hovudtrekk, si noverande utforming i 1896 etter ombygging av eit eldre
hus. Bygningen fekk då eit karakteristisk hjørnetårn i fire etasjar og mykje
utsmykking i fasaden.
I Verneplan for Stryn kommune, er Villa Visnes plassert
i verneklasse A. Dette tilseier at bygningen i kulturhistorisk samanheng kan vere
av nasjonal interesse. På 1980-tallet vart det gjennomført ei fagleg god
restaurering/tilbakeføring av viktige antikvariske element, der m.a. dåverande
riksantikvar Stephan Tschudi-Madsen engasjerte seg for eit best mogleg
resultat. Slik det framstod etter restaureringa i 1988, vart Hotel
Central omtalt som det beste dømet på mellomstort hotell i sveitser-/dragestil
som står igjen i Norge i dag.
I samband med
istandsetjinga og tilpassing til ny bruk på 1980-talet var både regional og
nasjonal kulturminnemynde involvert i form av råd og rettleiing. I denne
samanhengen vart eksteriøret og delar av interiøret vurdert som svært
verdifulle, og noko som måtte bli bevart, m.a. gjennom tilpassa bruk. I interiøret
vart matsalen (King Oscar hall) og trappegangen framheva som særskilt
verdifulle. I teikningane til den nye bruken av bygningen på 1980-talet vart
det teke omsyn til dette og utarbeida planar som tok vare på både eksteriør og
interiør på ein god måte.
Noverande eigar, Arne Visnes Berger, har ved
fleire høve søkt støtte om tilskot til vedlikehald av bygget, utan å få tilslag
på søknadar. I eit brev til Stryn kommune skriv han at det ikkje er haldbart
for private huseigarar å ivareta av kulturbygg av nasjonal verdi utan støtte
til arbeidet. Han forklarer at han ikkje har moglegheit for å bevare bygningen
etter antikvariske prinsipp, og i tråd med føresegnene for spesialområdet. Han
oppmoder med det kommunen til å tenke langsiktig med tanke på bruken av
bygningen.
Vi ser i desse dagar korleis store ressurssar har
vore brukt på å restaurere, og dels rekonstruere Eidsvollsbygningen til den
praktbygningen den var i 1814. Dette viser oss at kulturarven har stor verdi
for vår felles nasjonale identitet. Slik trur vi også at det er lokalt, der
kulturminne og kulturmiljø vil bli sårt sakna dersom dei skulle gå tapt.
Storbrannen i Lærdal i januar sette desse kjenslene i oss på prøve, og det
rørte ved oss!
I dette høvet er
det viktig at det nasjonalt viktige kulturminnet Villa Visnes ikkje må bli
øydelagt på grunn av ein strid om formalia og sakshandsamingsfeil mellom Stryn
kommune og kulturavdelinga i fylkeskommunen. Her må Riksantikvaren gripe inn og
få orden på sakene. Ei mellombels løysing vil vere midlertidig freding, der det
samstundes blir lagt planar om vidare oppfølging av vedlikehaldet og
ivaretakinga av kulturminnet. Skjer ikkje dette, vil vi bli vitne til at ein
del av vår felles identitet går tapt.
Med helsing
Fortidsminneforeninga
Sogn og Fjordane og Antikvarisk utval
tirsdag 18. februar 2014
Årsmøte for Ytre Sogn og Sunnfjord lokallag
Torsdag 27.februar 2014 kl 19.00
Møtestad: Sunnfjord Næringsutvikling sine lokale i Førde rådhus, Hafstadvegen 42.
Førde/Kaupanger, 14.02.2014
Åshild Kjelstad Seljesæter
-leiar-
Møtestad: Sunnfjord Næringsutvikling sine lokale i Førde rådhus, Hafstadvegen 42.
Alle medlemmer i Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord er kalla inn
til årsmøtet.
Vi startar med ei omvisning i det nye Førde rådhus.
Vi startar med ei omvisning i det nye Førde rådhus.
Årsmøtet
skal handsame desse sakene:
- Val av
møteleiar
- Årsmelding
for 2013
- Rekneskap
for 2013
- Val av eitt
styremedlem for 2 år.
- Val av 2
varamedlemer for eitt år.
- Val av
valnemnd: 1 person er på val og eitt varamedlem.
- Val av
revisor.
- Val av 8
utsendingar til årsmøtet i Sogn og Fjordane avdeling
- Arbeidsplan 2014
Etter årsmøtsakene vil Ove Losnegård orientere om
status for planane om Jensbua bygningsvernsenter.
Velkomen!
Førde/Kaupanger, 14.02.2014
-leiar-
Jon E Tamnes
-skrivar-
onsdag 5. februar 2014
Utløa - Kulturminne for fall? Sundagseminar 1-2014
Komande sundag 9.februar kl. 20.00 vert Sundagseminaret 1-2014 halde i Kyrkjestova i Vik i Sogn.
I det gamle landbruket var utmarka ein viktig del av livsgrunnlaget.
Dei mange utløene i Vik kommune er synlege minne om storstila slått og lauving i utmarka. No er utløene til overs. Mange er vekke, og fleire vil fylgja.
Kva gjer det med kulturlandskapet vårt ?
Vik Lokalhistoriske arkiv har registrert 850 løer i Vik, Arnafjorden og Vangsnes, og har starta arbeid i Feios. Fresvik skule har utført registrering i Fresvik.
Program:
- Presentasjon av boka «Utløer i Vik,Vangsnes og Arnafjorden»
- Utløer i Fresvik
- Historie og byggeskikk
- Fotokavalkade, utløequiz, m.m.
Enkel servering
NB i KYRKJESTOVA !
Vertskap: Arne Inge Sæbø og Ottar Wiik
Inngang kr. 40.
Arr.: Vik Lokalhistoriske arkiv og Vik Historielag
Hellane, Framfjorden
I det gamle landbruket var utmarka ein viktig del av livsgrunnlaget.
Dei mange utløene i Vik kommune er synlege minne om storstila slått og lauving i utmarka. No er utløene til overs. Mange er vekke, og fleire vil fylgja.
Kva gjer det med kulturlandskapet vårt ?
Vik Lokalhistoriske arkiv har registrert 850 løer i Vik, Arnafjorden og Vangsnes, og har starta arbeid i Feios. Fresvik skule har utført registrering i Fresvik.
Program:
- Presentasjon av boka «Utløer i Vik,Vangsnes og Arnafjorden»
- Utløer i Fresvik
- Historie og byggeskikk
- Fotokavalkade, utløequiz, m.m.
Enkel servering
NB i KYRKJESTOVA !
Vertskap: Arne Inge Sæbø og Ottar Wiik
Inngang kr. 40.
Arr.: Vik Lokalhistoriske arkiv og Vik Historielag
Tenoldsmarki
Hovsåsen
torsdag 17. oktober 2013
Gode råd om energieffektivisering
Korleis syte for å unngå bygningsfysiske skader eller dårleg inneklima?
Korleis best ta vare på verneverdiane til huset.
Sjekk Riksantikvaren sine gode råd om energieffektivisering.
mandag 14. oktober 2013
Dugnadskurset i Losjehuset på Lærdalsøyri.
Eit gratistilbod til medlemar om å lære restaurering av vindauge
eller 100 kroner for to dagar inkludert lønsj med kaffi for dei hine.
Slikt fører også til rekruttering av nye medlemar.
Dugnadsdeltakarane vart ynskt hjarteleg velkomne.
Dugnadsfolket var frå fleire nabokommunar.
Kurset vart halde av Ove Losnegård,
snikkar, båtbyggar og leiar av Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane.
I bøkene Gamle Vinduer og Gamle Trehus
er det særs god og mykje informasjon og framgangsmåtar!
Det er lauselege planar med eit nytt tilsvarande kurs i januar for både nye og vi vidarekomne elevar.
I mellomtida planlegg vi å halde nokre dugnadskveldar/dagar på fleire vindauge og litt anna innvendig arbeid.
slik at medlemar i heile fylket kan låne eller leige ulikt utstyr.
Noko må også gjerast av handverkarar.
2tal elektro innstallerte tildømes ny straum i
Losjehuset på fredag,
difor var det endeleg både lys og varme.
Varmepistol og skrape fjernar gamal måling, etter at kittlampa har varma kittet nok til at det og glasspikrane kan fjernast.
Enkelte av trepluggane som held vindauga saman fekk lette hamarslag for å kome innatt i ramma.
Linoljen vart varma opp av varmepistolen.
Karmane var tørre!
Dei vindaugsglasa som ikkje var knuste, vart skrapa fri for gamal linoljekitt og vaska nøye!
God kvalitet på linoljekittet, i yoghurtboksen knust kritt som vart knadd inn i kittet om det trongst.
Ei gamal pussemaskin, utan pussepapir, vibrerte vindaugsglasa på plass!
Eit ferdigvibrert vindauge
Glasspikar
Glasspikaren vert broten av frå strengen
Kitting - nokre hadde lang erfaring og kontroll på å få det fint i hjørna også.
Dugnadsarbeid - mange hender på same vindauge
Arbeid i felleskap er også nyttig for deling av ny og gamal kunnskap,
og inne i kroken - det var like enkelt å pensle vindaugskarmane med kvistlakk på kne.
Det aller første ferdige vindauga vart ferdig før vi avslutta på laurdagen.
Undervisninga var både i felleskap og at dei enkelte elevane
prøvde dei ulike teknikkane på sine vindauge.
Arbeidet med meir å skaffe funksjonelle arbeidsbenkar er starta!
Allerførste økt på søndagen var ein kort vindaugshistorikk i frukostrommet på Sanden pensjonat.
Losjehus-restaureringa er støtta av Sparebankstiftelsen DNB Nor og Kulturminnefondet.
Losjehuset er i Lærdal kommune si eiga, Sogn og Fjordane avd har ein avtale om bruk av Losjehuset med forutsetning om at det vert restaurert.
fredag 4. oktober 2013
Husk Dugnadskurset på Lærdalsøyri neste helg!
Når fekk du sist tilbod om å lære å restaurere vindauga dine?
Heilt gratis - eller 100 kroner for to dagar inkludert lønsj med kaffi?
I føremiddag vert den milde fønvinden
utnytta til å måle dei to nye panelborda på venstre side av døra.
Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane avd. arrangerer dugnadskurs i Losjehuset på Lærdalsøyri.
Laurdag 12. oktober kl 10-16 og søndag 13.oktober kl 12-16
Bli med på praktisk opplæring i restaurering av gamle vindauge.
Målet for dugnadskurset er å få restaurert nokre av dei gamle vindauga som for tida er plata att etter tidlegare hærverk.
Losjehus-restaureringa er støtta av Sparebankstiftelsen DNB Nor og Kulturminnefondet.
Dugnadskurset er ved Ove Losnegård,
snikkar, båtbyggar og leiar av Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane.
Arrangementet er ope for alle ( max 12 personar)
Sidan det er eit dugnadskurs er det denne gongen gratis for medlemmer av Fortidsminneforeninga og kr 100 for andre ( gratis for alle under 18 år!)
Dette inkluderer kursing og lønsj med kaffi.
Det er mogeleg å teikne medlemsskap i Fortidsminneforeninga i løpet av kursdagane.
Påmelding via sognogfjordane@fortidsminneforeningen.no eller på tlf 57678840
Det er mogeleg å teikne medlemsskap i Fortidsminneforeninga i løpet av kursdagane.
Påmelding via sognogfjordane@fortidsminneforeningen.no eller på tlf 57678840
Abonner på:
Innlegg (Atom)


























